— Hovudfokuset for oss no er å få den fusjonerte Høgskolen i Innlandet i land med sine prosessar, med eit resultat som vil tene studentane, seier studentleiaren på høgskulen, Gaute Myhren Kornberg. Foto: Arild M. Johannessen
— Hovudfokuset for oss no er å få den fusjonerte Høgskolen i Innlandet i land med sine prosessar, med eit resultat som vil tene studentane, seier studentleiaren på høgskulen, Gaute Myhren Kornberg. Foto: Arild M. Johannessen

Innlandet-studentar for automatisk grunngjeving

Leiar for nyfusjonerte Studentorganisasjonen i Innlandet vil ha på plass studentombod for rettstryggleiken, og automatisk grunngjeving for å spare tid for studentar, sensorar og administrasjon.

Publisert   Sist oppdatert

Gaute Myhren Kornberg er leiar for Studentorganisasjonen i Innlandet (StInn). Den første saken han nemner som viktig for Innlandet-studentane er studentombod.

— Vi kjem til å starte arbeidet med dette den komande perioden. Det vi tek sikte på er ei prøveordning, slik at vi kan tilpassa behovet, og eg er sikker på at vi kjem til å finne ei god løysing på dette spørsmålet saman med høgskulen, seier han.

Ser til Universitetet i Oslo

Den andre saka han nemner er automatisk grunngjeving for karakter på eksamen. Han viser til Institutt for lærarutdanning ved Universitetet i Oslo der studentane sidan 2014 har fått grunngjeving når dei får tilbake eksamen.

Les også: UiO i gang med automatisk begrunnelse av karakterer

Lytt til studentane, gje oss ei moglegheit til å konsentrere oss om å studere på heiltid, og kom med konkrete tiltak for betre
studenthelse.

Gaute Myhren Kornberg
Leiar for StInn

— Dette er noko vi vonar Høgskulen i Innlandet kan sjå verdien av, då dette vil spare tid for studentar, administrasjon og sensorar, meiner han.

Kornberg si tredje sak er å sjå på tiltak som kan betre studentane sitt velferds- og fritidstilbod.

— For at studentane skal trivast i studietida er velferd og fritidstilbod svært viktig då det hindrar fråfall og styrker gjennomføringa, seier han, og trekker fram samarbeid med høgskulen, studentsamfunna, studentsamskipnaden (SINN) og vertskommunane.

Kampen er ikkje over

— Kva for parti er best på høgare utdanning?

— Vi registrerer at den noverande regjeringa saman med samarbeidspartia har auka studentbustadssatsinga og innført 11 månadar studiestøtte, noko studentrørsla har etterlyst lenge, startar han.

— Dette er bra jobba, men kampen for fleire studentbustader er ikkje over. Som ein interesseorganisasjon heier vi på dei som har den beste studentpolitikken. Dei fleste av partia i Noreg har ein relativ god studentpolitikk, det er bra. Men det finst ikkje noko enkelt svar på kven som er best.

— Har ein fusjonert nok i høgare utdanning, eller bør det gjerast meir?

— Hovudfokuset for oss no er å få vår fusjonerte Høgskolen i Innlandet i land med sine prosessar, med eit resultat som vil tene studentane. Vi må arbeide saman med høgskulen for å skape ein god kultur for kvalitet. Slik får vi gode utdanningar for studentane. 

Positiv, med atterhald

— Kven blir det neste universitetet i Norge?

— Høgskulen i Innlandet har store ambisjonar om å bli eit universitetet innan 2020, så det er godt mogleg at vi blir det neste. Og studentane er positive til universitetssatsinga dersom det aukar kvaliteten på utdanninga og læringsmiljøet rundt studiane som dei fleste studentar er opptatt av. 

— Kven håper du blir kunnskapsminister etter valet?

— Der er mange gode kandidatar der ute. Eg vonar det blir ein som lyttar til studentane og som brenn for høgare utdanning, ein som tør å ta tak og få ting gjort, og som fortsetter satsinga på å byggje studentbustader, og som vil innføre ei læringsmiljølov i høgare utdanning. 

Og han har klare råd til vedkommande:

— Lytt til studentane, gje oss ein moglegheit til å konsentrere oss om å studere på heiltid, og det tredje er å koma med konkrete tiltak for betre studenthelse, seier han, og utdjupar:

— Dette er viktig, fordi kvar femte student slit med psykiske plager, og kvar tredje student føler seg utanfor, ifølgje studentane si helse- og trivselsundersøking (SHoT).  Her meiner både vi og kvalitetsmeldinga at studentsosiale foreiningar og lag spelar ei viktig rolle for å styrke læringsmiljøet.

Både og, men bustader lokalt

— Meir i studiestøtte eller fleire studentbustadar?

— Begge er viktige for studentane, vi må både ha tak over hovudet og mat på bordet. Men når det gjeld Innlandet er nok studentbustader viktigast å få på plass, då nokre av våre studiestadar etterlyser dette. Samstundes ser vi at studentane lever under fattigdomsgrensa. Dei må enten be foreldra om støtte eller finne seg ein jobb.  Dette gjer at studentane brukar mindre tid på studiane, meiner han.

— Bør studentane sine rettigheiter styrkast gjennom betre lovar? 

— Ja, heilt klart. Studentane må få eit betre rettsvern gjennom ei nasjonal lov om læringsmiljø. Fleire studentar har blitt trakasserte, og det understrekar behovet. 

Studentombod for rettstryggleiken

— Trakassering har vore sommarens tema i sektoren. Veit studentane kvar dei kan gå for å seie frå om denne type alvorlege hendingar, og er studentane hos dykk godt nok tekne vare på  på dette området?

— Det gjer nok dei fleste dessverre ikkje, og det er eit problem. Det er ingen som fører tilsyn som til dømes arbeidstilsynet, eller som regulerer korleis studentane skal forholda seg til det.

Han trekker fram kor viktig studentombodet vil vere, og at han meiner det er heilt naudsynt å ha ein uavhengig person med juridisk kompetanse som er tilgjengeleg for studentane.

— Dette vil styrke rettstryggleiken hjå studentane, seier han.

Sigrar gjer større engasjement

— Korleis hamna du i leiarstolen?

— Eg har sidan 2012 hatt eit engasjement for studentpolitikken, både lokalt i dei tidlegare studentorganisasjonane i Lillehammer og Hedmark. Begge organisasjonane har inspirert meg til å ta vervet som leiar for den ny-fusjonerte studentorganisasjonen, og det er ein ære for meg.

— Korleis engasjerer ein best studentar?

— Det er mykje bra i høgare utdanning, og vi går i riktig retning i utviklinga. Når det er sagt eksisterer det framleis forbetringspotensiale. Når det eksisterer  diskriminering, trakassering, studentar med psykiske plagar, og institusjonar som bryt lova, er det viktig at studentane seier i frå. Vi ønskjer å vise at studentar har moglegheita til å endre på dette, at dei kan gjere ein forskjell. Når vi sigrar så skapar det òg eit større engasjement.