Både Volda-rektor Johann Roppen og UiB-rektor Dag Rune Olsen er opne for organisk vekst i framtida.

Ingen ny avtale mellom Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen

Fusjon. Samarbeidsavtalen mellom Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen vart ikkje fornya. Volda-rektoren lurer på om det har med UiB-rektoren sin jobbsøknad på NTNU å gjera.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Vi ønsker imidlertid velkommen diskusjoner om faglig, organisatorisk og strukturelt samarbeid med Høgskolen i Volda; dette omfatter diskusjon om fusjon dersom det skulle være ønskelig sett fra Høgskolen i Volda sin side».

Me er litt overraska over at det var vanskeleg å få forlenga avtalen.

Johann Roppen

Dette skreiv Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen, i ein epost til Johann Roppen, som er rektor ved Høgskulen i Volda, i vår. No har pipa ein litt annan lyd. Den treårige avtalen Universitetet i Bergen (UiB) og Høgskulen i Volda hadde fram til 1. september i år, vart ikkje fornya.

— Me er litt overraska over at det var vanskeleg å få forlenga avtalen. Rektor ved UiB har søkt ny stilling ved NTNU, så me lurer på om det har noko med det å gjera. Kanskje kan det vera lettare å koma i mål etter at det er avklara, sa Roppen i møtet.

Dialog med to andre

Høgskulen i Volda er etter fusjonsrunden i sektoren ein av dei minste i landet. Dei fann ingen partnar, men har dei tre siste åra hatt eit samarbeid med UiB. I avtalen frå 2016 heiter det mellom anna at det vert lagt til rette for samarbeid innan både ein del samfunnsfag og humaniorafag.

Rektor Roppen informerte styret om at høgskuleleiinga har hatt møte om mogleg nærare framtidig samarbeid med både Høgskulen på Vestlandet og Høgskolen i Molde. Han sa det han har sagt før: At han meiner det er naturleg at samarbeid med andre vert eit tema når høgskulen skal revidera strategien sin neste år.

UiB har ikkje prioritert

— Min jobbsituasjon er irrelevant i denne samanheng, seier UiB-rektor Olsen når han får referert kva som har vorte sagt i styremøtet lenger nord på Vestlandet.

— Ein ny avtale med Høgskulen i Volda er noko me ikkje har prioritert reint tidsmessig. Men eg har vorte gjort merksam på at den bør fornyast, seier Olsen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS