helse

Inga oversikt over kor det er plassert hjartestartarar

Det er frivillig å registrera hjartestartarar i det nasjonale registeret. Men no vil Universitetet i Bergen rydda opp, og finna ut kva hjartestartarar dei faktisk har.

OsloMet ligg inne i hjartestartarregisteret med mange hjartestartarar. Men ingen veit om alle desse maskinene, som er sett ut òg ved universitet og høgskular, er registrerte i det nasjonale registeret.
Publisert Oppdatert

Hjartestartarregisteret skal ha ei oversikt over kor det er plassert hjartestartarar - eit hjelpemiddel som kan bety skilnaden mellom liv og død. Men sjølv om registeret finst, er det ikkje slik at alle hjartestartarar verken på universitet og høgskular eller i samfunnet elles, er registrerte.

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

Ifølgje VG finst det 60 000 hjartestartarar i Noreg, men berre 6 000 av dei er registrerte. Tala kjem frå Helsedirektoratet.

Ikkje krav til det offentlege heller

Avdelingsdirektør Steinar Olsern i Helsedirektoratet skriv i ein e-post til Khrono at å skaffa seg og registrera hjartestartarar ikkje er regulert, og såleis frivillig.

— Det er eit uttalt mål at alle hjartestartarar skal verta registrerte i hjartestartarregisteret og at denne informasjonen skal verta regelmessig oppdatert slik at hjartestartarane vert synlege for AMK og for innbyggjarane gjennom appen Hjelp113, seier Olsern.

Siw Lilly Osmundsen leiar hjartestartarregisteret. Ho seier til Khrono at det truleg er mange hjartestartarar, òg på universitet og høgskular, som ikkje er registrerte.

— Det er ikkje krav til det, sjølv om hjartestartaren er i eit offentleg bygg, seier ho.

Medan ho snakkar med Khrono, søkjer ho på Universitetet i Bergen. Der finn ho at fleire hjartestartarar ligg inne i systemet, men for tida som deaktiverte. Kvar sjette månad må ein stadfesta hjartestartaren i systemet for at den skal vera aktiv i systemet og vera synleg for 113-sentralane.

Fekk ideen etter fotballkamp

Nettopp Universitetet i Bergen ønskjer no å få ei betre oversikt over kva hjartestartarar dei har på campus. Det skjer etter at Gard Skulstad Johanson tok dette opp i universitetsstyret.

Styrerepresentant Gard Skulstad Johanson høyrer til ved fakultetet der dei har kontroll på både hjartestans og anna; Det medisinske. Men han er oppteken av at UiB må ha kontroll på kor ein har hjartestartarar, og at ein må ha det der folk ferdast.

— Eg såg for omtrent første gong i livet ein fotballkamp, seier Johanson til Khrono, lett sjølvironisk.

Kampen var EM-kampen mellom Danmark og Finland, der danske Christian Eriksen brått fall om på bana. Han overlevde, men nettopp ein hjartestartar vart viktig.

Johanson fortel at dette fekk han til å sjekka om det finst hjartestartarar ved UiB.

— Dette er noko ein bør ha alle stader, og særleg der det er flest menneske. I tillegg vil kursing av tilsette vera ein sentral del, både kursing i bruk av hjartestartar og i vanleg hjarte- og lungeredning, seier medisinstudent og styremedlem Johanson.

Han er oppteken av at ein må registrera dei hjartestartarane ein har.

— Eit godt initiativ, seier universitetsdirektør Robert Rastad.

— Me har ikkje ei samla oversikt over hjartestartarane våre, så me vil no ta ein gjennomgang på andre sida av sommarferien.

Også Rastad er oppteken av kursing.

— Det hjelper ikkje å ha utstyret dersom ein ikkje kan bruka det.

Oppdaterer listene

Khrono har søkt opp fleire norske høgskular og universitet i hjartestartarregisteret. Tala som kjem opp der, stemmer ikkje nødvendigvis med tala institusjonane sjølv oppgir.

NTNU har laga ei eiga oversikt, som viser at dei har 46 hjartestartarar på sine ulike campus. Høgskolen i Østfold seier at dei har 14. Begge desse institusjonane har laga eigne lister, men som fleire andre er det ikkje alle hjartestartarane som viser på kartet. NTNU skriv at hjartestartarar skal registrerast i det nasjonale registeret.

Seksjonssjef for HMS, Hilde Apneseth, skriv i ein epost til Khrono at det er den einskilde eininga som både har ansvar for å vurdera om dei har behov for hjartestartar, og for å melda desse inn i hjartestartarregisteret. Dette er det nyleg lagt ut ei påminning om.

— Christian Eriksen-saka har ikkje gjort det meir aktuelt enn for tre veker sidan, men det minnar oss alle om at ein hjartestans kan skje med kven som helst. Dette er tema hos oss med jamne mellomrmo, og sjølvsagt tema i samband med opplæring i førstehjelp som vert gjennomført årleg ved dei fleste einingane hos NTNU, seier Apneseth.

— Hos oss har faktisk hjartestartarar vorte testa nettopp i dag, og dei som ikkje låg inne i hjartestartarregisteret skal no verta lagt inn, skriv Høgskolen i Østfold sin informasjonssjef Tore Petter Engen i ein e-post til Khrono.

Registrering skal også gjerast ved Nord universitet, skriv kommunikasjonssjef Andreas Førde i ein e-post. Fellesadministrasjonen har ansvar for fem hjartestartarar, i tillegg finst det minst ein til ved universitetet.

— Av dei fellesadministrasjonen har ansvar for, er alle bortsett frå ein registrerte. Det skal òg skje med den siste, seier Førde.

Universitetet i Agder oppgir at dei har lagt inn sine 22 hjartestartarar, 14 i Kristiansand og åtte i Grimstad, på det interaktive kartet dei har over campus på nettsidene sine.

— Me har særleg hjartestartarar i vrimleområde, gangar og trappeløp, skriv kommnikasjondirektør Øyvind Eskedal i ein epost.

Powered by Labrador CMS