arkeologi

I denne sanden fann forskarane ein 4 000 år gamal mann

Eit arkeologisk funn på nordvestlandet kan gi forskingsmiljø svar på korleis det var å leva i den seine steinalderen.

Ein har funne liknande graver som den i Selje, men ikkje med bein. Det er nok skjelsanden som har tatt godt vare på dei omlag 4 000 år gamle beina. Her er det zoo-arkeolog Konrad Smiarowski frå Universitetsmuseet som grev forsiktig.

— Dette er eit funn som vekkjer interesse i fagmiljøa. Både i Noreg, men òg internasjonalt.

Det seier Morten Ramstad, seksjonsleiar for fornminneseksjonen ved Universitetsmuseet i Bergen.

Godt bevart i skjelsanden i Stad kommune på nordvestlandet har arkeologar frå museet funne beinrestar. Desse viser at det her, ytst mot havet, har budd menneske i 4 000 år.

— Me visste at det var ei grav her, ei såkalla hellekiste. Det var ein gravskikk som kom til Noreg samstundes som jordbruket kom, seier Ramstad.

Grava er fire meter lang og over to meter brei, og er funne like sør for Vestkapp i Selje i Vestland fylke.

Men dei andre gravene av dette slaget har ein i hovudsak funne rundt Oslofjorden. Og ikkje i nokon av dei tjue andre gravene har ein funne beinmateriale.

— Det er hundre år sidan ein hadde eit så stort funn frå denne perioden, seier Ramstad.

Fem individ

Beinfunnet kan brukast til å seia noko om kven menneska her ved Stadhavet var.

— Me har mellom anna funne ein kar på over 60 år, som tydeleg hadde leddgikt. Det betyr at dette var eit samfunn som klarte å ta vare på dei sjuke, seier Ramstad.

I same grava vart det funne eit barn på under eit år — altså er det neppe ei krigargrav arkeologane har funne.

Totalt er det funne bein frå minst fem individ.

Det er hundre år sidan arkeologane har gjort eit så stort funn, og første gong det er funne beinrestar i ei hellegrav i Noreg.

Kva åt dei?

Analyse av beina kan seia noko om levesettet. Var det slik at her var det fiskarar som gifta seg med kvarandre, eller finn ein óg folk utanfrå. Kva åt dei?

— Områda rundt Oslofjorden er betre for dyrking. Så langt tilbake i tid veit me at dei hadde husdyrhald, og dei dyrka nok bygg — kanskje òg til ølbrygging. Men havet har vore viktig, seier Ramstad.

Trond Eilev Linge, som er rådgivar ved fornminneavdelinga ved museet, seier til Bergens Tidende, som òg har omtalt funnet, at arkeologar kjem til å jobba litt òg med utgravinga i neste veke. 

— Det er møysommeleg arbeid, seier han.

Det har vore utgravingar på staden i eit halvt år, men etter funna legg ein inn ein ekstra innsats, seier Ramstad til Khrono.

Tomta der funnet er gjort, er der det etter planen skal byggast eit nytt hotell, etter at Selje hotell brann ned til grunnen for nokre år sidan. Arkeologane har òg funne matavfall som dyrebein og skjel. Dette kan òg fortelja forskarane noko om kva menneska her levde av i den yngre steinalderen.

Totalt er det funne bein frå minst fem individ. Kven det var som vart plukka ut til å ligga i denne grava, veit forskarane ikkje. Men sidan ein har funne både ein gamal mann og eit lite barn, var det neppe ei krigargrav.
Powered by Labrador CMS