Volda kjem med hybelgaranti
Rektor Roppen i Volda garanterer alle studentar tak over hovudet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, lover at alle studentane som no er i ferd med å innta Volda skal få seg ein hybel.
– Studentsamskipnaden og den private marknaden ordnar bustadar til studentane ilag. Dei siste åra har det vorte leigd ut hyblar til korttidsleige til ein finn ei meir permanent løysing. I verste fall kan studentane sove på flatseng nokre netter før det løyser seg, seier Roppen på heimesida til Høgskulen i Volda.
Den nyleg tiltredde rektoren vil ikkje vere med på at det er alt for få bustadar til studentar i Volda, slik fleire medieoppslag har tyda den siste tida.
– Det er ingen hybelkrise i Volda. Det er bra balanse mellom tilbod og etterspurnad, meiner rektor Roppen.
Også Samskipnaden i Volda meiner at det vil ordne seg for alle til slutt, og at stoda no er normalen på denne tida av året. Samskipnaden har ikkje plass til alle studentane, men saman med den privat marknaden løyser ting seg etter kvart.
– Voldingane har vore vande med høgskulestudentar i mange år og vande med å leige ut bustadar. Så fort dei ser at det er nokon som manglar plass å bu tek dei kontakt. Og haldninga er lik i år også, det er mange som ønskjer å leige ut, seier Kile ifølgje Høgskulen i Volda.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!