University College eller University of Applied Sciences?
Engelsk namn på Høgskulen på Vestlandet (HVL) var eit av punkta interimsstyret diskuterte under møtet sist fredag.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Sender «Applied Sciences» signal om at ved denne høgskulen driv ein mest med teknologi og naturvitskap? Fortel «University College» meir om forskingsaktiviteten ved den nye høgskulen?
Dette var nokre av spørsmåla som blei reist på møtet i interimsstyret til Høgskulen på Vestlandet (HVL), skriv På Høyden.
I framlegget til vedtak står det at «Interimsstyret går inn for at den engelske nemninga på HVL blir Western Norway University of Applied Sciences».
(Interimsstyret hadde møte her på Fosshaugane i Sogndal fredag. Foto: Ida Bergstrøm)
Vi skal vere profesjons-høgskule i nokre, men vere universitet i mange år.
Gunnar Birkeland
Demarkasjonslinja går ved doktorgradsutdanninga
Ifølge saksframlegget har Kunnskapsdepartementet lagt til grunn at institusjonar som kan tildele doktorgrad på minst eitt område kan kalle seg for «University of Applied Sciences».
— Når ein skal ta avgjerder, kan en scanne horisonten, og sjå kvar ein finn truverdige kjelder. Språk er vanskeleg, og du finn få eller ingen autoritative kjelder, sa styreleiar Arvid Hallén.
Styremedlem Kari Kjenndalen sa at «University of Applied Sciences» verka noko snevert. Fleire høgskular, blant anna Høgskulen i Bergen, har i dag namnet «University College».
— Vi har vore grundig gjennom dette, og mellom anna drøfta namneval med Språkrådet. Vi ser at Høgskulen i Oslo og Akershus har valt å heite «Oslo and Akershus University College of Applied Sciences» på engelsk. Denne høgskulen er leia av Curt Rice, amerikanar og lingvist. Han ville neppe valt noko som er heilt forkjært, sa styreleiar Arvid Hallén (bilete under).
Noko med «Fjord»?
Departementet har ikkje gitt noko klar tilråding. Departementet har også opna for at institusjonane kan kome med alternative namn. Tidlegare har «Fjord University College» vore på bordet.
— Kanskje vi kan be om å få heite «Western Norway University», spurde styremedlem Trond Ueland.
Språk er vanskeleg, og du finn få eller ingen autoritative kjelder
Framlegget vart forkasta, med påminning om at det truleg ikkje ville blitt godkjent av KD, som krev at namnet skal spegle det lovmessige skiljet mellom universitet og høgskule.
Saka gjekk ikkje til votering, og framlegget til vedtak vart ståande.
Vil bli universitet
Styret ved Høgskulen på Vestlandet snakkar ope om ambisjonane om å bli universitet. Også den engelske nemninga bør ta høgde for at høgskulen om nokre år kan endre status, meinte styremedlem Gunnar Birkeland:
— Vi skal vere profesjonshøgskule i nokre, men vere universitet i mange år.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!