Sju timars reise frå Haugesund og Førde

Høgskulen på Vestlandet satsar digitalt når dei skal auka samhandling og minska konsekvensar av sju timars reiseveg mellom Førde og Haugesund.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Arbeidet med å finne løysingar minskar avstandane er i gang. I løpet av det neste året må Høgskulen på Vestlandet (HVL) legge ein plan for digital deling, forsking og undervisning. Samtidig melder fagmiljøa at dei treng ei styrking av den digitale kompetansen, skriv På Høyden.

Skal du køyre frå Førde til Haugesund, vil det ta nær sju timar. Dei to studiestadene i Sogn og Fjorndane og Rogaland markerer ytterpunkta i den nye Høgskulen på Vestlandet, som trer fram 1. januar 2017. 

Onsdag 21. desember blei «Forprosjekt digitalisering» lagt fram på interimstyret sitt møte på Kronstad.

Med it skal Vestlandet byggast

Digitaliseringa skal vere gjennomgåande i den nye organisasjonen, er grunntanken. Høgskulen på Vestlandet skal få på plass digitale løysingar og kommunikasjonsvegar for forsking, undervisning, evaluering og samhandling med studentar og kollegaer ved dei øvrige studiestadene.  

Samtidig er ei datasatsing viktig for at Høgskulen på Vestlandet skal vekse og bløme.

Gunnar Yttri

— Det er viktig for ein høgskule som HVL å vere ajour med den rivande utviklinga som skjer. Men vi må også vere med og legge premissa sjølve, sa styreleiar Arvid Hallén.

Nokre kan mykje, andre kan lite

Ifølge saksframlegget viser høyringsinnspela at det er eit sterkt ønske om ei styrka, tverrfagleg satsing på digitalisering av den nye høgskulen.

Det er også eit breitt ønske om å heve den digitale kompetansen, ifølge saksframleggget.

Styremedlem Gunnar Yttri peika på at det kan vere store skilnader i den digitale kompetansen omkring i institusjonen.

— Delingskultur er viktig for at vi skal bli betre. Det er enorme skilnader på kven som kan, og kven som ikkje kan. Vi bør difor ta inn over oss at vi må sikre den digitale kompetansen. Samtidig er ei datasatsing viktig for at Høgskulen på Vestlandet skal vekse og bløme.

Han seier den digitale kompetansen bør vere med i vurderinga av kompetanseprofilen på leiarstillingane.

— Bør ikkje sende folk ut på landevegen

Også kommunikasjon mellom dei tilsette på Høgskulen på Vestlandet bør gjerast utan bruk av E39, påpeika Gunnar Yttri.

— Frå og med 2017 bør digitale verktøy vere hovudregelen. Vi bør ikkje sende folk ut på landevegen unødig, sa Gunnar Yttri.

I dag finst det gode løysingar for videokonferansar ved studiestadane. Behovet for fleire slike rom kan bli auka, står det i saksframlegget.

Prosjektgruppeleiar Monica Wammen Nortvedt orienterte interimstyret om arbeidet som er gjort så langt.

— I fusjonsplattforma står det at vi skal ligge i front av den digitale undervisninga, sa Monica Wammen Nortvedt.

Arbeidsgruppa ho har leia skreiv ein sluttrapport, som var ute på høyring i november.

Ifølge tilrådinga til prosjektgruppa må HVL halde oppe tempo i eigen digital utvikling for å halde tritt med omgjevnadane, og for å oppretthalde og utvikle konkurranseevna.

Dersom leiinga Høgskulen på Vestlandet vel å investere i nye, digitalisere løysingar for undervisning og evaluering, vil dette kunne få  både økonomiske og strukturelle konsekvensar.

Ifølge saksframlegget kostar det mellom sytti og nitti tusen kroner per rom som har utstyr for opptak og strøyming av undervisning.

Fryktar folketom kampus

Overgang til digitaliserte undervisningsformer kan også få meir vidtrekkande følger enn dei reint økonomiske.

Styremedlem Christine Øye sa i styremøtet at ho gjerne ville ha ei analyse av kva digitalisering vil koste, og kva ein vil vinne.

— Kanskje er eg gamaldags, men eg er redd for at vi vil tømme kampusane våre ved å ha for mykje digitalisering.

Ho fekk støtte frå styremedlem Marit Ubbe.

— Vi må ikkje risikere å tømme kampusane våre. I utlandet er mange profesjonsbaserte utdanningar nettbaserte. Vi må sjølve ta ei vurdering av kva vi skal tilby studentane våre når dei er til stades, og sjå på når det faktisk er nødvendig at dei er til stades.

Også styremedlem Tom Skauge argumenterte for at den beste undervisninga skjer når studentar og undervisarar møtes.

— Den dagen vi seier at det er likegyldig om studentane er til stades eller ikkje, undergrev vi den viktigaste undervisningsstaden, som er ansikt til ansikt. Dersom undervisning skal skje via ein skjerm, reduserer ein kvaliteten på denne undervisninga.

Vil ta forskingsbaserte avgjerder

Den digitale hovudstrategien til HVL er tredelt. Delprosjekt 1 handlar om Digital kultur og samhandling, Delprosjekt 2 heiter Konsolidering og vidareutvikling av IKT-portefølje. Delprosjekt 3 er kalla Digitalisering i undervisning, læring og forsking.

Prosjektgruppa tilrår at HVL etablerer einingar for utvikling av læring og forsking. Ei av tilrådingane er også at HVL opprettar ei forskskingruppe som skal arbeide med fleksibel læring. Prosjektgruppa peiker på Difi, EU, Forskingsrådet og Norgesuniversitetet som aktuelle finansieringskjelder.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS