Høgskulen i Volda har nytt videostudio. — Ein får teknisk hjelp, men det er nok ein bøyg for mange å skulle laga videoførelesingar, seier førsteamanuensis Ola Teige. Foto: Øystein Torheim

Tilbyr bachelorgrad som reint nettstudium

Livslang læring. Historisk institutt ved Høgskulen i Volda hadde neppe overlevd dersom det ikkje hadde hatt ein rein nett-bachelor.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Volda (Khrono): Landets einaste, reine historiske institutt finst ved Høgskulen i Volda. Her er det ni vitskapeleg tilsette. Frå i år tilbyr høgskulen ei eiga bachelorgrad i historie som eit reint nettstudium. Ola Teige er sjølv førsteamanuensis i historie ved høgskulen, og for tida forskingssjef. Han viser fram høgskulen sitt nye videorom.

— Det har vorte gitt tilbod om nettstudium i Volda i tjue år. Først vart førelesingane filma, men no prøver me å tilby noko anna. Me lagar kortare videoar, og heller fleire. Nettundervisning er noko eige, seier Teige.

Tusen i året

Høgskulen i Volda ligg mellom fjord og fjell. Med sine 4000 studentar er han blant landets minste – men størst i Møre og Romsdal. Dei fleste som kjem hit tek profesjonsutdanningar. Unntaket er historie og religionsvitskap, og nokre årsstudium ein kan ta som del av lærarutdanninga.

Frå dette studieåret kan ein ta bachelorgrad i historie utan å møta fram i Volda før avlsuttande, munnleg eksamen. Det reine nettstudiet har fylt opp alle dei sytti studieplassane. Generelt er gjennomstrøyminga på nettstudium god, fortel Teige. Heilt attende til 2012 har høgskulen hatt om lag tusen nettstudentar kvart år.

— Studentane som tek eit nettstudium er gjerne eldre enn andre studentar, og meir motiverte for å gjennomføra. Mange av dei som tek historie er lærarar som ønskjer å ta vidareutdanning, seier Teige.

Studiet er lagt opp til at ein skal ta to emne i semesteret, men det er òg mogleg å halvera mengda.

— Studentane skal skriva ei oppgåve gjennom semesteret. Denne får dei ganske fyldige tilbakemeldingar på. Så sjølv om studentane ikkje fysisk er her, krev dei mykje ressursar i form av rettleiing, seier Teige.

Ferske stundentar på plass i Volda. Men ein god del av dei som er knytt til høgskulen sit rett og slett andre stader og studerer. Foto: Øystein Torheim

Ein del ramlar av

Fleire studentar enn før vel å studera i dei store byane, sa statsråd Iselin Nybø til Khrono då ho, på vegne av regjeringa, gav klarsignal til eit nytt mediebygg i Volda.

— Er nettstudium vegen å gå for dei mindre studiestadene, Teige?

— Me hadde i alle fall neppe overlevd som institutt dersom me ikkje hadde hatt denne bachelorgrada. Nettstudia bergar oss. Samstundes er det viktig at me utviklar oss, seier han.

Forskingssjefen peikar på Universitetet i Sørøst-Norge og Nord Universitet som konkurrentar for historiefaget. Dei har òg tilbod om historie som nettstudium.

Per Bjarne Ravnå er studieprogramansvarleg for nettstudiet ved Nord Universitet, og dessutan førsteamanuensis ved Fakultet for samfunnsvitskap. Han seier at Nord ikkje ser på dei andre som konkurrentar.

— Me har studentar frå heile landet. Men kanskje ikkje så mange frå Vestlandet, utan at eg har tenkt på det før.

Mange lærarar

Det er nok ein del av dei som får studieplass som rett og slett har undervurdert arbeidsbyrden.

Per Bjarne Ravnå

Ravnå teiknar eit litt anna bilete enn historiekollegaen i Volda: Studentane som søkjer opptak til dei femti studieplassane på årsstudium i historie har eit stort spenn i alder, frå dei heilt unge som kombinerer eit nettstudium med eit friår etter vidaregåande skule, til pensjonistar. Men felles med Volda er det at mange er lærarar.

Dei aller, aller fleste som gjennomfører studiet, står på eksamen. Men det er ein god del som ramlar av før dei kjem så langt.

— Det er nok ein del av dei som får studieplass som rett og slett har undervurdert arbeidsbyrden, slik at det er fleire enn vanleg som ramlar av før dei eigentleg kjem i gang. Samanliknar me med campus-studentane, er det ein større del av dei som stryk på eksamen. Så gjennomføringsgraden er truleg ganske lik, seier Ravnå.

— Er nettstudium viktig for dei mindre utdanningsinstitusjonane?

— Me tenkjer business, og tenkte det då me oppretta dette tilbodet. Me sleit med studenttala. Men det har vist seg at me ikkje tener så mykje som me hadde tenkt og håpa, så det er nok ein grad av idealisme òg i dette tilbodet: Det er mange som har behov for eit slikt tilbod, men som av ulike grunnar ikkje vil kunne reisa ein stad for å studera på mange år.

Digitale kollokviegrupper

Men misser ein noko ved å berre studera på Internett? Høgskulen i Volda nyttar eit digitalt system der ein både kan få tilbakemelding på oppgåver, stilla spørsmål og diskutera med andre som tek same emne som ein sjølv. Det same systemet vert nytta av Universitetet i Sørøst-Norge.

— Me har valt å ikkje ha samlingar, delvis fordi det for ein del av dei som tek studiet er vanskeleg å koma seg til Volda, seier Teige.

— Men me veit at studentane lagar eigne grupper i sosiale media, og me har hatt grupper av studentar som samlast på eige initiativ – langt unna Volda.

Ei hermetisk førelesing verkar ikkje på same måten som ei førelesing der ein kan stilla spørsmål til førelesar og få svar.

Per Bjarne Ravnå

Ravnå ved Nord universitet kallar seg sjølv gamaldags. Han har ikkje tru på videoførelesingar.

— Ei hermetisk førelesing verkar ikkje på same måten som ei førelesing der ein kan stilla spørsmål til førelesar og få svar, seier han.

Studiet ved Nord universitet er i hovudsak lagt opp slik at studentane skal lesa pensum sjølve, dei skal skriva oppgåver dei får tilbakemelding på, og dei skal kommentera andre studentar sine oppgåver. I tillegg deler universitetet dei inn i kollokviegrupper, som jobbar saman på ei digital plattform. Her får dei forslag til kva problemstillingar dei kan drøfta.

— Men det er ikkje til å stikka under ein stol at eit nettstudium kan vera ei einsam affære. Ein misser den sosiale dimensjonen, og ein må vera meir sjølvgåande og ha meir sjølvdisiplin. Sit ein heime og jobbar vert det fort til at ein ser oppvasken ein burde tatt, trur Ravnå.

Jon W. Iddeng har førelesing for nettstudentar i Bø. Dei som har høve til det, kjem til samlingar i Telemark. Foto: Kai Østberg

Podcast i Bø

I Bø sit professorane Nils Ivar Agøy og Jens Johan Hyvik og spelar inn podcast. Heilt sidan studiestaden Bø var ein del av Høgskulen i Telemark har studentar fått tilbod om nettstudium administrert frå Bø. No er den gamle høgskulen ein del av Universitetet i Søraust-Noreg. Både i Bø og Vestfold er det tilbod om historie, men i år har det ikkje vorte teke imot nye historiestudentar på campus i Bø .

Agøy seier det same som kollega Ravnå lenger nord: Det er ein del av studentane som aldri kjem i gang med nettstudiet sitt, men dei som er aktive og kjem i gang, gjennomfører. I år er det 35 som begynte på bachelorgrad og 86 som har meldt seg opp til årsstudium. Ikkje alle som søkte fekk plass. Og, som eit lite apropos i ei tid der mange studentar altså søkjer seg til dei største byane: I Oslo sit det studentar som tek historie via Universitetet i Søraust-Noreg.

— Me ser at nettstudenten er ein del eldre enn campusstudenten, og mange kombinerer studiet med både barn og familie. Innstillinga deira er nok litt annleis, seier Agøy.

Professorane Jens Johan Hyvik og Nils Ivar Agøy lagar podcast til studentane som er spreidd over heile landet. Foto: Privat

Samfunnsoppdrag

Nokre, om lag halvparten seier professoren, av dei som er nettstudentar kjem til Bø for å vera med på samlingar. Men nettopp fordi nettstudium skal vera eit tilbod til dei som ikkje har høve til å reisa vekk for å studera, er ikkje oppmøte på samlingane obligatorisk. Av same grunn er det heller ikkje obligatorisk å logga seg på Internett til gitte tider for å vera med på ulike undervisningsaktivitetar.

— På samlingane er det konsentrert klasseromsundervisning. Men me ønskjer å gi eit tilbod både til dei som er skiftarbeidarar og dei som bur i utlandet, og legg difor ikkje opp til at det er aktivitet til gitte tidspunkt, seier Agøy.

Studentane les pensum sjølve, dei skriv oppgåver dei får tilbakemelding på, og dei kan lytta til podcastane Agøy og kollegane hans lagar.

— Kor viktig er nettstudentane for økonomien?

— Då me byrja med nettstudium, var det mellom anna ut i frå ein strategi om å møta minkande søkjartal til campusstudia. Men dette er mindre viktig no enn før, seier Agøy.

— Me ser òg på eit slikt tilbod som ein del av samfunnsoppdraget vårt.

Noko anna

Dag Rune Olsen peikar òg på samfunnsoppdraget. Han er styreleiar for Universitets- og høgskulerådet (UHR), og oppteken av livslang læring.

— Nettstudium skal ikkje erstatta campusstudium, men det er eit viktig element og ein naturleg del av samfunnsoppdraget vårt, seier Olsen.

— Ein får eit anna tilbod gjennom eit nettstudium, og ein del nettstudium bør ein nok tilby som kortare kurs. Når ferske studentar kjem til oss er me opptekne av at dei skal få kontakt med og dialog med fagmiljøet. Men dei som tek eit nettstudium treng noko anna. Dei har ofte vore campusstudentar tidlegare, no treng dei påfyll.

Olsen seier at fleire av høgskulane har vore tidleg ute med nettstudium, og er langt framme.

— Og dei store universiteta, har dei sove i timen?

Olsen brukar eigen institusjon, Universitetet i Bergen, som døme.

— UiB har generelt sove i timen, men nokre miljø, som Det humanistiske fakultetet, har gjort mykje bra. Ein må jobba med å engasjera breiare, meiner Olsen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS