Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
nobelpris
I dag er ho anerkjent som «koronavaksinens mor» og nobelprisvinnar. Forskaren Katalin Karikó jobba i årevis med å utvikle det som til slutt gjorde det mogleg å utvikle effektive mRNA-vaksinar.
På midten av 1990-talet stansa universitetet forskinga hennar. I tillegg omplasserte sjefane henne til ei lågare stilling, etter at ho sidan 1989 hadde jobba i ulike mellombelse posisjonar.
Karikó og professor Drew Weissman «bidrog til vaksineutvikling i ein hittil ukjent skala under ein av dei største truslane mot menneskehelsa i moderne tid», heiter det i grunngivinga for nobelprisen i medisin for 2023, som vart annonsert måndag denne veka.
Etter at prisen vart kjent, gjekk Universitet i Pennsylvania ut med ei pressemelding der dei refererte til forskarduoen som universitetets «historiske mRNA vaksineforskingsteam».
Fleire skuldar no Universitetet i Pennsylvania for å på falske premissar ta æra for nobelprisen, fortel den britiske avisa The Independent.
I 1995 var utviklinga av mRNA-vaksinar i ein tidleg fase. På dette tidspunktet skal Karikó ha fått beskjed om at ho ikkje lenger burde prioritere mRNA-forskinga. Ho skal også ha blitt degradert frå stillinga ho hadde på denne tida.
Historia er mellom anna omtalt i ein artikkel i teknologimagasinet Wired frå 2020.
På midten av nittitalet møtte den ungarsk-fødde forskaren motbør frå fleire hald.
Fleire søknader om forskingsstøtte var blitt avslått. Eit investeringsselskap i New York, som først hadde lova å gi pengar, slutta å ta telefonen. Deretter mista fakultetsleiinga trua på Karikó og forskinga hennar. I 1995 fekk ho følgjande «pest-eller-kolera-beskjed» frå fakultetsleiinga: slutt, eller bli degradert.
Håpet om at forskinga hennar ein dag skulle føre til nye vaksinar og medisinar såg ut til å vere parkert.
— Dei fortalde meg at dei hadde hatt eit møte og konkludert med at eg «ikkje hadde kvaliteten», har Karikó fortalt.
På 1980-talet, etter at ho kom på kant med det ungarske kommunistpartiet og mista finansiering til forskinga si, flytta ho med mannen og dottera til USA.
Dei to som no er blitt nobelprisvinnar, Karikó og professor Drew Weissmann, møttest tilfeldig ved ein kopimaskin på Universitetet i Pennsylvania i 1997.
Saman gjorde dei i 2005 eit avgjerande forskingsfunn som kunne opne vegen for utvikling av mRNA-vaksinar.
Forskingstidsskriftet Nature refuserte artikkelen som la fram forskingsresultata.
I 2013 gjorde Karikó eit nytt forsøk på å søke om professorat i Pennsylvania, også denne gongen utan suksess.
— Dei fortalde meg at dei aldri før hadde forfremma nokon som tidlegare var blitt degradert og at reglane ikkje opna for det, sa Karikó i eit intervju med Dagens Næringsliv i 2021.
Ho bestemte seg for å forlate Universitetet i Pennsylvania.
På denne tida var legemiddelindustrien i ferd med å forstå potensialet i mRNA. Ho vart tilbydd ei toppstilling i BioNTech, som seinare blei eitt av dei sentrale selskapa i framstillinga av koronavaksinen.
Sjefane hennar var ikkje imponert over jobbskiftet.
— Dei lo av meg, har Karikó fortalt til Wired. — BioNtech har jo ikkje eingong nettside, sa dei.
«Forskaren som redda verda», var tittelen på eit intervju med henne sju år seinare.
Då sjefen hennar kom innom laboratoriet den siste dagen på Universitetet i Pennsylvania hadde ho følgjande kommentar til avskjed:
«I framtida kjem denne laben til å bli eit museum».
Nylige artikler
Søknad klar. Kan bli landets første private universitet
Skulle se forelesninger og skrive oppgaver for studentene. Nå er «Einstein AI» lagt ned
To kulturer blant administratorene
Samme forskningssystem — men hvor er viljen til kompromiss?
Historielause namn på NTNU-bygg
Mest leste artikler
Nobelprisvinnar trekker seg etter Epstein-vennskap
Så mange fikk ikke godkjent doktoravhandlingen sin
Reagerer på kampanje mot «bachelor i irrelevans». — Rakker ned på andre
— Ærlig talt, reklamen fra NMBU er jo bare morsom
Politihøgskolen brukte falske KI-tall: — Jeg legger meg flat