Kari Kjenndalen, rådgiver og styreleder. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm
Kari Kjenndalen, rådgiver og styreleder. Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm

Kjenndalen til styret for HiSF

Kjenndalen nytt styremedlem ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kari Kjenndalen (64), fungerande fakultetsdirektør ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Fakultetet for teknologi, kunst og design (TKD) er nemnt opp av Kunnskapsdepartementet som ny styrerepresentant ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF). 

Stillingen som fakultetsdirektør ved HiOA er lyst ut og Kjenndalen skal etter planen bli pensjonist, ifølge eit intervju i Khrono før jul

Kjenndalen er cand. philol. med nordisk hovudfag. Ho har ein svært variert yrkesbakgrunn, med mange sjefsstillingar, og har m.a. vore direktør ved Høgskolen i Lillehammer, generalsekretær i Forskarforbundet, avdelingsdirektør og ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet og direktør for Statens spesiallærarhøgskole.

Ho var òg ei tid politisk rådgjevar ved Statsministerens kontor i Gro Harlem Brundtlands regjeringstid.

Kjenndalen var medlem av Mjøsutvalet for høgare utdanning (1998-2000) og av utvalet som vurderte lovfesting av akademisk fridom (2006).

Opp gjennom åra har ho hatt ei rekkje styreverv, og m.a. vore styremedlem ved Norges idrettshøgskole og Høgskolen i Agder, nestleiar i styret for Nasjonalmuseet for kunst og styreleiar for Norsk Arkitekturmuseum.

HiSF har fått seg ein velkvalifisert ny styremedlem, heiter det på heimesida til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Med denne oppnemninga er HiSF-styret fulltallig.

(Foto: Wanda Nathalie Nordstrøm)

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS