Nord universitet

Her er anbodsvinnaren av Blått bygg-konkurransen

Byggestart avhenger av at stortinget løyver midlar til dette i statsbudsjettet.

Slik ser HENT AS for seg at det nye bygget skal sjå ut. Viss alt går etter planen, vil det stå ferdig i 2023.
Slik ser HENT AS for seg at det nye bygget skal sjå ut. Viss alt går etter planen, vil det stå ferdig i 2023.
Publisert

Nord universitet har vald entreprenøren HENT AS sitt løysingsforslag til den nye satsinga på campus i Bodø.

Det skriv Statsbygg i ei pressemelding torsdag.

— Me gler oss over signeringa av kontrakten, og ser fram til at Blått bygg blir eit svært spanande, vakker og funksjonelt tilskot til infrastrukturen på campus i Bodø, seier prorektor for strategi og omstilling ved Nord universitet, Ketil Eiane, til Khrono.

— Me er godt nøgde med vinnarforslaget, og no gler me oss til å utvikla det vidare saman med HENT og Nord universitet, uttalar byggherredirektør i Statsbygg, Marius Tunstad, i pressemeldinga frå Statsbygg.

Det var tilbake i 2019 at Kunnskapsdepartementet (KD) gav klarsignal til å starta forprosjekteringa av Blått bygg ved Nord universitet.

— Bodø er eitt skritt nærare å få eit meir framtidsretta campus, der helse, klima og havnæringa skal spela ei meir sentral rolle, sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) den gongen.

Lågare kostnad?

I 2019 var det snakk om eit 8000 kvadratmeter stort nybygg med ei kostnadsramme på 629 millionar kroner.

Då konkurransen om byggeprosjektet blei lyst ut våren 2020, var kostnadsramma redusert til i overkant av 500 millionar kroner, og i ei pressemelding som Statsbygg kom med i fjor kunne ein lesa at det nye bygget skal kunna husa Fakultet for biovitskap og akvakultur, og at nettoarealet vil vera på cirka 5000 meter.

I tillegg kjem det ei ombygging av eit areal på 1680 kvadratmeter til Fakultet for sjukepleie og helsevitskap, skreiv Khrono i ein artikkel i fjor.

— Dei 8000 det tidlegare har vore snakk om er nok bruttoarealet, informerer Ketil Eiane.

I den siste pressemeldinga frå Statsbygg, der det altså blir avslørt at det er HENT AS som har vunne konkurransen om byggeprosjektet, blir det informert om at kostnadssummen for sjølve byggeprosjektet og avtalen mellom HENT AS og Statsbygg er på 315 millionar kroner, ekskludert moms, altså i underkant av 400 millionar kroner inklusiv momsen på 25 prosent.

Torsdag ettermiddag informerer Nord universitet om at summen er feil, og at rett sum ekskludert moms skal være 300 millioner kroner.

Kan ta imot fleire

Estimert kostnadsramme for heile prosjektet er i overkant av 500 millionar kroner, informerte Nord universitet på sine heimesider i november 2020.

Slik kan det koma til å sjå ut innomhus.
Slik kan det koma til å sjå ut innomhus.

HENT AS vann konkurransen i kamp med eitt anna firma, Consto Nord AS. Dei to leverte inn forslaga sine i november i fjor.

— Med eit Blått bygg kan me ta imot langt fleire studentar. Plassmangelen har spesielt vist seg å vera eit problem på havstudia, der me har enormt mange søkarar, uttalte Ketil Eiane i november.

Dersom alt går etter planen, skal det nye bygget stå klart i 2023.

Powered by Labrador CMS