korona

Hentar både studentar og tilsette heim frå utlandet

Stadig fleire universitet og høgskular tilbyr økonomisk støtte slik at studentar og tilsette i utlandet skal kunne koma seg raskt heim.

Daværende forsknings- og høgere utdanningsminister Iselin Nybø sammen med studenter som har vært på utveksling. Nå henter norske utdanningsinstitusjoner utvekslingsstudenter hjem, på grunn av korona-viruset. Fra venstre Håvard Njølstad fra UiB, Ylva Stavland Mobæk og Andreas Haugsbø fra NHH, Ingeborg Vevle og Sigurd Singelstad fra HVL og Eivor Kolberg fra UiB. Foto: Hilde Kristin Strand
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Utanriksdepartementet oppmodar alle norske borgarar som er på reise i utlandet om å vurdera å reisa heim så snart som mogleg. Det kom fram i ei pressemelding laurdag.

Stadig fleire universitet og høgskular gjer no det dei kan for å hente heim både tilsette og studentar.

OsloMet tilbyr omfattande hjelp til utvekslingsstudentar for å få dei heim, det same gjer NTNU. Og dei tilbyr økonomiske støtte og hjelp til dei som treng det utover forsikringsavtalane sine. Høgskolen i Innlandet gjer det same, ifølge kommunikasjonsdirektør Frode Skår, laurdag kveld.

Laurdag kveld kunne NTNU opplyse om at rektor Anne Borg hadd sent e-post til 1100 NTNU-studentar, og bede dei om å kome heim straks. NTNU tilbyr også hjelpe utover det forsikringane dekker for studentane, på lik linje med OsloMet.

Tilsette og studentar i Bergen

Laurdag kveld opplyser assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden ved Universitetet i Bergen at dei henter heim alle tilsette på forskingsopphald i utlandet også, i tillegg til alle studentar. Dei har enno ikkje full oversikt over kor mange dette gjeld. Dei ulike fakulteta kartlegg no kor mange.

Tore Tungodden, assisterande universitetsdirektør UiB

— Vi betaler reise, husleige viss ikkje forsikringsselskapet dekker dette, og også reise for familien viss behov, skriv Tungodden i ei melding til Khrono laurdag kveld. Og dersom boligen deira er leigd ut, vil universitetet hjelpe til med å skaffe ein mellombels bolig i Noreg.

Meldinga kom omtrent samstundes med at regjeringa varsla at dei delvis stenger alle flyplassar og hamnar i Noreg måndag.

Usikkert

Det har vore usikkerheit rundt reiseråd til studentane i utlandet. Laurdag ettermiddag sa statsråd Henrik Asheim til Khrono at han forsto usikkerheita som dei og familiane kjende.

Fredag var råda noko annleis, då sa utanriksminister Ine Eriksen Søreide at dette ikkje var tida for å reisa til utlandet. Samstundes slo Kunnskapsdepartementet fast at norske studentar som er på utveksling i utlandet er dei norske institusjonane sitt ansvar.

No hentar fleire norske utdanningsinstitusjonar studentane som er på utveksling heim.

UiB betalar

— Me har sendt ut informasjon til alle studentane våre som er på utveksling der me tilrår at dei kjem heim.

Det sa Oddrun Samdal, viserektor ved Universitetet i Bergen, til Khrono tidlegare laurdag.

Me tilbyr både praktisk hjelp til å skaffa billettar og økonomisk støtte til å kjøpa billettar

Oddrun Samdal, viserektor UiB

Ho understrekar at det er studentane sjølve som må bestemma om dei vil reisa heim. Men sjølv om nokre studentar er på utveksling i land der det er lite korona-smitte, tilrår Samdal at dei kjem heim. Det gjer ho fordi ein ser at fleire land no stengjer grensene, og det vert vanskelegare å få tak i flybillettar.

— Men det kan vera dyrt å skaffa seg flybillett på kort varsel. Må studentane betala sjølv?

— Me tilbyr både praktisk hjelp til å skaffa billettar og økonomisk støtte til å kjøpa billettar, seier Samdal.

UiB tilbyr økonomisk støtte, seier Oddrun Samdal. Foto: UiB

— I tillegg har me eit auka samarbeid med studentsamskipnaden Saman. Dei rustar opp rådgivingstenesta si, men kan òg tilby bustad. Ein del av dei som er på utveksling sa opp hybelen sin i Bergen før dei reiste, seier Samdal.

Lørdag ettermiddag kom det melding om at UiB òg tilrår at alle tilsette i utlandet, som anten er på forskingsopphald eller på anna opphald, no reiser heim. Det skriv kommunikasjonsdirektør Tor Godal i ein sms til Khrono.

HVL betalar òg

Universitetet i Oslo skriv på sine nettsider at dei vurderer at Utanriksdepartementet sitt reiseråd omfattar utvekslingsstudentar. Dei ber studentane om å ta kontakt med forsikringsselskapet sitt for å få dekka utgifter til billettar.

OsloMet skriv òg at studentar bør reisa heim.

Fagmiljøa vil halde kontakt med studenter og tilsette i utlandet og hjelpe disse ved behov. I tillegg har OsloMet sendt e-post og sms med informasjon til alle studentar i utlandet. Dei kjem òg med råd til dei som har planlagt utveksling, men ikkje reist endå: Dei som har planlagt utveksling dette semesteret, skal halda seg heime. Dei som planlegg å reisa til hausten, kan halde fram med planlegginga. Men dei vert oppmoda om å utsetta kjøp av billett, eller å kjøpa fleksibel billett.

Høgskulen på Vestlandet hentar heim sine studentar som er på studieopphald i utlandet, det skriv dei på eigne nettsider. Dette gjer ein mellom anna fordi land kan innføra restriksjonar kring innreise og karantene, og fordi flygingar kan verta kansellerte. Ekstra kostnadar vil bli dekka av HVL.

Også NLA Høgskolen tilrår at studentar no reiser heim. Det skriv dei på eigne nettsider. Det same gjer Universitetet i Agder. Universitetet tilrår òg at studentar som er på utveksling til Noreg no reiser heim til sine heimland.

Lørdag ettermiddag tilrår både Universitetet i Tromsø og Høgskolen i Innlandet at studentar kjem heim til Noreg så raskt som råd.

— Høgskulen vil dekka utgiftene deira, skriv Frode Skår, kommunikasjonsdirektør ved Høgskolen i Innlandet, i ein epost til Khrono.

Også VID vil ha sine heim. Det skal bestillast billett til første moglege fly, skriv rektor Bård Mæland i ein epost som vart sendt ut fredag ettermiddag. Høgskulen kan hjelpa til økonomisk der det trengs.

(Sak oppdatert 14/3 kl 14.54 med informasjon frå NLA og 14.56 med informasjon frå UiA. Deretter kl 18.03 med informasjon om UiT, Høgskolen i Innlandet og oppdatering om UiB. Oppdatert på nytt kl 19.28 med at UiB også hentar tilsette heim. Oppdater kl, 22.06 med at NTNU og OsloMet også stiller med økonomisk hjelp til dei som trenger det for å kome seg heim. Oppdatert søndag 09.17 med informasjon frå VID)

Powered by Labrador CMS