18. juli er det 100 år sidan Sør-Afrikas store ikon og tidlegare president, Nelson Rolihlahla Mandela, vart fødd. Mandela har betydd mykje for arkeolog og sørafrikanar Christopher Henshilwood. Foto: Njord V. Svendsen

Kjære professor Henshilwood. Eg vil gjerne støtte prosjektet. Helsing Nelson Mandela

Minne. Mange norske forskarar har eit nært forhold til Nelson Mandela, men få har vore nærare enn UiBs Christopher Henshilwood. 18. juli var Mandelas 100-årsdag.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Mandela hadde fullført gjerninga som den første demokratisk valde presidenten i Sør-Afrika, det var ti år sidan februardagen han spaserte ut i fridom etter 27 år i fengsel, då han ein dag tok kontakt med professoren som i dag har kontor på Sydneshaugen, skriv På Høyden.

Mandelas symbolske verdi kan ikkje over-vurderast.

Christopher Henshilwood

Christopher Henshilwood hadde akkurat stått i spissen for ei arkeologisk oppdaging som kom til å endre historia om dei aller første menneska fundamentalt. Eit paradigmeskifte stod for døra.

Brevet frå Mandela

Henshilwood og forskarkollegaene hadde gjort funn under utgravingar i Blombos-grotta i Sør-Afrika: gravert okerstein, reiskapar av bein, og skjelsmykker. Og desse var opp mot 75 000 år gamle.

Det rådande synet fram til då hadde vore at Homo Sapiens utvikla seg i Europa etter at dei meir primitive forgjengarane utvandra frå Afrika. Symbol, stod det i lærebøkene, var noko som kom i bruk for 30 000 år sidan. Kunst var noko dei kvite europearane måtte ha funne opp. No viste det seg at dette ikkje stemte – menneske heldt på med slikt 40 000 år tidlegare – i Afrika.

Dette interesserte Nelson Mandela.

— Eg skreiv til Mandela for å høyre om han kanskje kunne bli Blombos-prosjektets høge beskyttar, fortel Henshilwood frå ein stol med utsikt til Vestlandets hovudstad. Professoren hadde ikkje høge forventningar, Mandela tok ikkje mange slike «oppdrag».

— Men Mandela skreiv tilbake, «ja, eg vil med glede vere den høge beskyttar av Blombos-prosjektet». Eg vart naturlegvis svært oppglødd.

— Mandela var svært opptatt av historie og pre-historie. Funna hadde politiske implikasjonar. I starten var det ingen som trudde på dette, at det verkeleg kunne stemme at afrikanarane var først, 40 000 år tidlegare ute enn europearane. Europa har sett på seg sjølv som senter for sivilisasjonen og Afrika som bakevje. Funna våre viste noko anna, og det var viktig for Mandela, seier Henshilwood.

Møtet med Mandela

To år seinare, i 2002, møtte Henshilwood til opning av Parlamentet i fødebyen Cape Town, side om side med enkene etter berømte fridomskjemparar som Moses Kotane og Steve Biko, og høyrde dåverande president Thabo Mbeki tale til nasjonen. Framfor seg hadde Mbeki liggande nokre av dei eldgamle kunstgjenstandane Henshilwood hadde grave fram.

Funna som Henshilwood alt hadde fortalt Mandela om, var no blitt publiserte i Science og andre stader, og det arkeologiske scoopet hadde kapra førstesidene i aviser verda over. Funna passa også som hand i hanske til president Mbekis kongstanke om den afrikanske renessansen som skulle løfte det afrikanske kontinentet ut av koloniarven.

Etter seansen i parlamentssalen var det privat mottaking og Henshilwood og Mandela fekk tid saman til å snakke om både land og fag.

— Det er klart det var stort, og han var svært karismatisk, men framfor alt var det ein svært jordnær mann som stod framfor meg, fortel Henshilwood.

Symbolet Mandela

Det finst mange UiB-forskarar frå ulike fagfelt som har arbeidd med Sør-Afrika. Ein av dei er Tor Halvorsen ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Men Mandela har han aldri møtt. Derimot var han i Johannesburg, ikkje langt frå heimen til Mandela, den kvelden han døydde.

— Av alle ting var vi på «The English Club» og planla ein konferanse saman med Peter Vale, «The Nelson Mandela professor of Political Science». Men ingen informerte oss om Mandela, det fekk eg vite av kona mi som ringte frå Bergen. Då drog vi straks til heimen til Mandela. Mykje folk hadde samla seg, ANC-ungdommen dansa og song. Media stod i kø, og Peter Vale vart intervjua natta gjennom. Sjølv valde eg å danse med ungdommen. Alle spurte seg «kva skjer no», fortel Halvorsen.

Han meiner den nye presidenten i Sør-Afrika, Cyril Ramaphosa, kan trenge Mandela-faktoren framover. Rampahosa var i si tid leiar for forhandlingane med apartheid-regjeringa, på vegne av ANC og Mandela i 1993-94.

— Det betyr mykje for stabiliteten at Ramaphosa kan hente fram den Mandela han treng for å motarbeide korrupsjonen i ANC og legitimere makta si i eit splitta parti. Det store spørsmålet er om han vil bruke ideane han sjølv stod for under forhandlingane, ein «demokratisk kapitalisme» eller ikkje. Denne strategien forkasta Mandela for ei meir nyliberal utvikling, kanskje under press frå Verdsbanken, alt i 1996. Om Mandela no kan brukast til å snu politikken han sjølv, kanskje motvillig, var med på å innføre, kan Mandela – for Ramaphosa - få stor symbolsk og retorisk kraft framover. Mandelas symbolske verdi kan ikkje overvurderast, seier Halvorsen.

Freden etter Mandela

Då Christopher Henshilwood begynte å studere i Cape Town i 1970, var det seks år sidan Mandela vart fengsla på livstid. Apartheid-regimet stod sterkt, men motstanden vart trappa opp.

— Nesten alle på universitetet var involvert i motstanden mot apartheid på ein eller anna måte. Mandela representerte håpet, seier Henshilwood.

Han kjem frå ein politisk familie. Farfaren var utdanningsminister i Western Cape-provinsen for United Party på 1960-talet. United Party stod i opposisjon til Nasjonalistpartiet som kom til makta i 1948 og starta innføringa av apartheid. Søstera var ein av grunnleggarane av Black Sash, ein kvinneorganisasjon som aksjonerte mot apartheid i gatene og andre stader.

— Politiet heldt auge med huset vårt. Vi måtte vere veldig forsiktige, seier Henshilwood.

Forsiktig optimist

Henshilwood studerte først handelsfag, deretter jobba han i næringslivet og vart personaldirektør. Først som 36-åring kom han tilbake til universitetet for å studere arkeologi. Bachelorgraden var i boks på den tida Mandela vart slept fri i 1990.

I dag vekslar Henshilwood mellom professoratet i Bergen og Johannesburg, der han har ei stilling ved University of Witwatersrand. Han kallar seg forsiktig optimist med tanke på Sør-Afrikas framtid, og han er sikker på at Mandela vil halde fram med å vere ei kraft i det sørafrikanske samfunnet.

– Du kan seie mykje om Mandela, og det var kanskje ikkje alt han lykkast med eller alt som var rett. Men då vi stod på randa av borgarkrig i 1994, er eg heilt sikker på at han personleg var heilt avgjerande for at det enda fredeleg.

Sidan han fekk brevet frå Mandela, og fekk møte han i Parlamentet, har Henshilwood gjort 100 000 år gamle funn som stadfestar opphavet til dei første avanserte menneska i Afrika.

— Eg trur Mandela ville ha vore begeistra, seier Henshilwood.

Fakta

Nelson Mandela

Nelson Rolihlahla Mandela (18. juli 1918–5. desember 2013) var ein av dei førande apartheidmotstandarane i Sør-Afrika.

Han var den første svarte presidenten i landet med ei regjeringstid frå 1994 til 1999.

Han fekk Nobels fredspris i 1993, saman med den daverande presidenten i Sør-Afrika, Frederik Willem de Klerk.

Kjelde: Wikipedia

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS