Vil ha sterkare grep om eige forsking på helsefag

Fakultet for helsefag har over 50 stipendiatstillingar, men berre Institutt for atferdvitskap har eige doktorgradprogram. Fakultet har ny søknad til behandling.

Publisert   Sist oppdatert

Eit stort fleirtal av stipendiatane som tilhøyrer Fakultet for helsefag ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) disputerer på andre institusjonar enn HiOA. Konsekvensen er tap av både pengar og ære for høgskulen.

Lang veg mot fleire doktorgradprogram 

Fakultetet for helsefag har lenge arbeidd for å utvide tilbodet av doktorgrads-program ved institutta sine. Gjennom det siste året har ei arbeidsgruppe ved fakultetet utarbeidd programplan og søknad om akkreditering av eit doktorgrads-studium i helsevitskap. Fakultetet tek sikte på å ha eit årleg opptak på minimum sju studentar.

– Vi ynskjer å ta eit sterkare grep om eige forsking, og meiner at utvikling av nye ph.d.-program ved fakultetet er viktig ut ifrå eit samfunns- og samhandlingsperspektiv, seier seniorrådgjevar Elin Holter Anthonisen ved Fakultet for helsefag.

I tillegg følgjer det moglegheit for auka finansiering med å ha eige doktorgrads-program ved fakultetet.

Forskingsmiddel basert på oppnådde resultat

– Delar av rammeløyvingane som forskingsinstitusjonane får, avgjerast av oppnådde forskingsresultat, såkalla resultatbasert omfordeling av forskingsmiddel (RBO), opplyser seniorrådgjevar kommunikasjon i Kunnskapsdepartementet, Siri Baastad.

Den totale budsjettramma for RBO i 2013 er på i overkant av 1,5 milliardar kroner i følgje Kunnskapsdepartementet. Det utgjer om lag 5,5 prosent av dei direkte løyvingane til universitet og høgskular.

Doktorgrad-disputasar er ein av fleire indikatorar som avgjer kor stor del av RBO som går til den enkelte institusjon.

Millionbeløp i inntektspotensial

Ein institusjon som har hatt ein doktorgradkandidat tilsett i stipendiatperioden, som disputerer ved annan akkreditert institusjon – såkalla samarbeidsdoktorgradar – oppnår berre 20 prosent utteljing frå RBO-midla knytt til den aktuelle disputasen.

I 2013-budsjettet er RBO pr. disputas berekna til i underkant av 340.000 kroner. For Fakultet for helsefag betyr dette at potensialet for auka forskingsmiddel er stort. Med same tal på doktorgrader som i fjor vil det bety eit auka inntektspotensiale på rundt 3,5 millionar kroner berekna med budsjett-tal for 2013.

Besøk frå sakkunnig komité

19. og 20. mars var ein sakkunnig komité oppnemnd av Norsk Organ for Kvalitet i Utdanninga (NOKUT) for å gjennomføre intervju og sjå nærare på om fakultetet fyller krava som stillast for å kunne akkreditera doktorgrad-programmet. Desse dagane møtte den sakkunnige komitéen mellom anna fagleg og administrativ leiing, vitskapeleg personale og stipendiatar.

– Fakultet for helsefag kan truleg vente ei avgjerd i løpet av våren, seier avdelingsdirektør for tilsynsavdelinga ved NOKUT, Tove Blytt Holmen.

– Dersom NOKUT akkrediterer doktorgrads-programmet i helsevitskap, er det til slutt Kunnskapsdepartetmentet som gjev den endelege godkjenninga før studiet kan etablerast, legg Blytt Holmen til.