til minne

Hans Jørgen Binningsbø (1947-2023)

Det var med sorg me tok imot bodskapen om at Hans Jørgen Binningsbø var gått bort 2. mai i år, 75 år gamal.

Portrett av Hans Jørgen Binningsbø
Hans Jørgen Binningsbø døydde 2. mai, 75 år gammal.

Hans Jørgen hadde eit langt og godt yrkesliv innan høgare utdanning i Sogn og Fjordane. I alt talar me om over 25 år i leiinga av høgare utdanning i Sogn og Fjordane. Han var kontorsjef ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1986 til 1992, direktør for Det regionale høgskulestyret for Sogn og Fjordane frå 1992 til 1994, direktør for Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 1994 til 2007, og nestleiar frå 2007 til 2008. Frå 2008 og fram til han 65 år gamal gjekk av med pensjon sommaren 2012, var Hans Jørgen assisterande rektor.

Ordninga med regionale høgskulestyre var innført i 1976. Kvar region skulle ha eit felles styre for dei høgskulane Stortinget bestemte skulle høyra til ansvarsområdet. I Hans Jørgens tid som direktør for Det regionale høgskulestyret rådde styret over høgskular og fagmiljø i Sogndal, i Førde og på Sandane: Sogndal lærarhøgskule (skipa 1972), Sogn og Fjordane distriktshøgskule (1975), Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule (1979), Høgskuleutdanninga på Sandane (1981), og Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule (1988).

Ved den nasjonale høgskulereforma vart dei ulike høgskulemiljøa frå 1. august 1994 samla i Høgskulen i Sogn og Fjordane. Som direktør i Det regionale høgskulestyret spela Hans Jørgen ei sentral rolle i samlinga. I Hans Jørgen fekk den nye Høgskulen i Sogn og Fjordane ein sterk, kunnskapsrik og uthaldande leiar. Han vart ei formande kraft i det som vart ein ryddig, moderne og veldriven institusjon, med ei vekstkraft som stadig vart fornya.

Hans Jørgen var cand.real. med hovudfag i geografi frå Universitetet i Bergen i 1974, og med fysikk og matematikk i fagkrinsen. Då han tok fatt på gjerninga som leiar i høgare utdanning i 1986, hadde han arbeidsrøynsle som vitskapeleg assistent og stipendiat innanfor geografi, og frå Fylkesarbeidskontoret i Sogn og Fjordane der han dei siste par åra var kontorsjef.

Det ligg nær å sjå Hans Jørgen sine eigenskapar som leiar i nær samanheng med fagleg bakgrunn og eiga arbeidsrøynsle. I siste halvdel av 1970-åra tok han over og dreiv odelsgarden på Fimreite i Sogndal. Småbruket som vart heimen for familien, fordra stadige små og store praktiske gjeremål. Innanfor geografifaget hadde han særleg studert folketalsutvikling og ved Fylkesarbeidskontoret hausta han inngåande kunnskapar om endringar og utfordringar i arbeidsmarknaden. Dette i kombinasjon med matematisk talent og interesse, gav grunnlaget for den oppdaterte, skarpt analyserande og praktisk handleføre direktøren.

I 1994 var Høgskulen i Sogn og Fjordane ei ny samling av ulike og geografisk spreidde utdanningar og fagmiljø, kvar med sine særtrekk, tradisjonar og interesser. I åra som følgde skulle omfattande og samansette spørsmål løysast og retningsgjevande prioriteringar gjerast. Intense ordskifte skulle landast. Frå og med 1996 tok direktøren i bruk den såkalla «ressursfordelingmodellen» i sine tilrådingar til styret. Ei arbeidsgruppe i høgskulen med Hans Jørgen i brodden hadde utarbeida denne matematiske modellen der ressursbruk og faglege og administrative satsingar vart kopla i hop. I all seinare vidareutvikling av modellen var Hans Jørgen arkitekten. Ressursfordelingsmodellen til Hans Jørgen var viktig premissleverandør for både dagleg drift og langsiktige strategiske diskusjonar.

I alle åra som direktør og leiar samarbeidde Hans Jørgen godt og framsynt med ulike rektorarar. Dette galdt i perioden med valde rektorar frå 1994 til 2007, og med tilsett rektor i tida etter. Den samla krafta dette ga den faglege og administrative utviklinga i høgskulen var grunnleggjande viktig. Hans Jørgen var også ein kjær kollega som delte raust, ein kollega som var open og lyttande, og med stor omsorg. Nøkterne analysar vart kombinert med humoristisk sans, treffande kommentarar og ekte glede over å samlast i godt lag. Hans Jørgen spela i det heile mange medarbeidarar i høgskulen gode, trygge og sterkare.

Oversynet til Hans Jørgen var formidabelt og han følgde utviklingstrekka i det nasjonale utdanningssystemet nøye. Slik vart han stadig nytta som rådgjevar og representant på nasjonalt nivå. Han tok på seg og fekk oppgåver og verv nasjonalt, mellom anna i det nasjonale rådet for distriktshøgskulane. Som styreleiar i Samordna Opptak var han sentral i å utvikla den nasjonale opptaksmodellen til høgare utdanning. Modellen varer framleis ved. Hans Jørgen var dertil styremedlem i Uninett og tok del i arbeidet med å utvikla rammeplanar for grunnskulelærarutdanningane på 2000-talet. I mange år var han aktiv i direktørsamarbeidet i universitets- og høgskulesektoren, og Kunnskapsdepartementet drog i fleire samanhengar nytte av hans perspektiv.

Hans Jørgen si evne til framsyn og samarbeid ga seg særleg utslag i at Høgskulen i Sogn og Fjordane samarbeidde godt med viktige aktørar, lag og verksemder, utanfor høgskulen. Dette gjorde framdrift i samling og modernisering av høgskulens bygg og anlegg mogleg, samstundes som det ga utvikling til folk, verksemder og samfunn ikring.

Då Hans Jørgen avslutta arbeidsdagen sommaren 2012 sto det nye Høgskulebygget klart for innflytting i Sogndal. Dermed var eit mangeårig arbeid for å få samla utdanning og forsking rundt Fosshaugane sluttført. Spora etter Hans Jørgen er i det heile gode og varige. Mest tydeleg finn me det i studiestadane Førde og Sogndal, og særleg på Vie og på Fosshaugane, der utdanning, forsking og studentsamskipnad, studentar og tilsette, kvar einaste dag, veke for veke, semester etter semester, utfaldar si gjerning i dei moderne bygga og anlegga til Høgskulen på Vestlandet.

Me er mange som hadde Hans Jørgen kjær. Me er mange som kjenner på stor takksemd for arbeidet han i si tid utretta for høgare utdanning.

Våre tankar går til familien i denne tunge tida. Me lyser fred over Hans Jørgen Binningsbø sitt minne.

På vegne av Høgskulen på Vestlandet

Gunnar Yttri, rektor

Powered by Labrador CMS