Høgskulen i Volda
Han vert ny mediedekan
Ivar John Erdal vert ny dekan ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda.
— Som dekan har ein ei viktig rolle i å legga til rette for korleis avdelinga kan utvikla seg. Det er allereie gjort eit godt arbeid, og den bakgrunnen eg har, gjer at eg meiner eg kan gjera ein god jobb, seier Ivar John Erdal.
7. mars vedtok høgskulestyret ved Høgskulen i Volda å tilby han stillinga som dekan ved Avdeling for mediefag.
Professor i medievitskap
Erdal er i dag tilsett ved avdelinga, og han er professor i medievitskap. Han var ein av fire søkjarar. Blant dei var tidlegare rektor Johan Roppen, som altså ikkje nådde opp.
Kate Kartveit, som har vore dekan dei siste fire åra, stod ikkje på søkjarlista.
— Me er veldig glade for å ha landa saka, seier Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim til Khrono.
Har vore konflikter
Både Khrono og andre redaksjonar har skrive mykje om konflikter ved Avdeling for mediefag dei siste åra. Den første saka handla om dåverande dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, som vart omplassert mot sin vilje. Det hadde høgskulen lov til å gjera, var konklusjonen frå Kunnskapsdepartementet. Då hadde saka mellom anna vore på høgskulestyret sitt bord fleire gongar.
I 2022 skreiv Khrono at ein av dei profilerte professorane ved avdelinga, Svein Brurås, hadde varsla arbeidstilsynet om tilhøve ved avdelinga. Arbeidstilsynet fann det dei meinte var brot på arbeidsmiljølova.
Frå august
— Tonheim, er det ein fordel for høgskulen at avdelinga no får ein intern dekan?
— Det har sine fordelar med nokon som kjenner einingane, men samstundes kan det òg vera ein fordel å koma utanfrå, svarar rektor.
— Det står ikkje så ille til ved avdelinga som ein kan få inntrykk av, seier Erdal sjølv, og legg til at det ikkje er ein bakdel å kjenna den avdelinga han no har fått tilbod om å leia.
— Kva vert dei viktigaste sakene for avdelinga framover?
— Det er litt vanskeleg å vera heilt konkret på det no. Det er noko eg mellom anna vil drøfta med dei tilsette.
Erdal vert dekan frå august.
Nyeste artikler
NMBU-rektor støtter dekanen som har forventning om 25 prosent inntjening av lønn
Norge har flest lærere per student i høyere utdanning
Slik vil Trump endre høyere utdanning i USA
I toppen på bruk av vikarer
En forskrift som fordrer dialog. Om norskkrav for rekrutteringsstillinger
Mest lest
Her er Nordens beste universitet
Kjerkolifiseringen av norske universiteter må stanses
Nynorskbastion får tyn. «Åtte språkfeil på tre setningar»
Mange blir mer sårbare med ny finansiering. Hvordan skal utslagene fordeles?
Dro inn 150 millioner i 2023 på studenter som henne