Minneord om xunhua su

Han var ein klok økonom

Xunhua Su døydde 27. august, berre 46 år gammal. .

Førsteamanuensis Xunhua Su døydde 27. august, 46 år gammal, etter å ha vore sjuk over sommaren. Vi kollegaer har mista ein viktig forskar, forelesar, rettleiar, miljøbyggar og ven ved Institutt for Finans ved Norges handelshøgskule.

Xunhua Su tok sin PhD i finans ved NHH i 2012, var så knytt til NTNU i Trondheim, før han vart tilsett ved NHH i 2015. Hans forskingsfokus var innan selskapsfinansiering, kapitaltilgang og korleis marknadskonkurranse påverkar kapitalisering og leiarkontraktar.

Han var ein klok økonom som forska og publiserte i dei aller fremste journalane innan finansfaget, og var på god veg til å kvalifisera seg som professor. Hans empiriske analysar var alltid tett kopla til teoretiske modellar og fundamental økonomisk innsikt og forståing.

Han var godt skolert og hadde utmerka seg heilt frå han vann den nasjonale matematikkonkurransen på vidaregåande skulenivå i Kina. Han hadde eit omfattande globalt nettverk av medforfattarar og andre, og tok og ansvar for konferansar både på norsk og nordisk nivå.

Xunhua Su utmerka seg og som forelesar både på master og Ph.d-nivå, og var svært høgt verdsett som rettleiar. Han var særleg god til å balansera konstruktiv kritikk med sterk oppmuntring.

Han var viktig i miljøet, både fagleg og sosialt, og betydde særleg mykje som førebilete og støtte for våre kinesiske PhD-studentar som gjerne var nye i Noreg.

Bergen og Noreg var viktig for Su, han var glad i friluftsliv og ein ihuga fiskar. Han engasjerte seg og i norske og kinesiske nettverk.

Xunhua Su gjekk bort midt i livet og altfor tidleg. Han let etter seg ei dotter. Han er djupt sakna, både som kollega og ven.

Vi lyser fred over Xunhua Su sitt minne.

Aksel Mjøs (leiar) og Karin S. Thorburn (nestleiar), Institutt for Finans, Norges handelshøgskule

Powered by Labrador CMS