Synd og straff er ut, peace and love er in.

I dag kan du ta julegenseren på og feire fred og kjærleik utan å vere redd for Guds straffedom. Også unge muslimar i Noreg ser på Gud som greiare enn dei gjorde før

Gud forby sex, permanent i håret og rock'n'roll? Ikkje no lenger

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Gud er blitt snillare, konkluderer Pål Repstad.

Professoren ved Universitetet i Agder har skrive boka «Religiøse trender i Norge», og ein av dei klaraste tendensane er endringa i synet på Gud. Eller sagt på ein anna måte, korleis vi ser på korleis Gud ser på oss.

Han er ikkje lenger streng, og autoritær, for ikkje å seie hemngjerrig, som han ofte kunne vere for nokre år tilbake.

— Det som blir forkynt i dag er ein gud prega av kjærleik og omsorg.

På dette på punktet, fortel Repstad til Khrono, er Allah og den kristne Gud på linje, i alle fall når det gjeld ei yngre generasjonane. For mange religiøse er gudsfrykt gått av moten.

Religionssosiolog Pål Repstad.

— Helvete og fortaping er så og seie heilt ut over heile spekteret. Det gjeld innan alle religiøse retningar, i stor grad også innan norsk islam, seier Repstad.

Synd og straff er kort og godt ut. Peace and love er in.

— I bildet av ein kjærleg gud ligg også bildet av ein gud som kan tilgi. Dette har nok vore tilfelle tidlegare også. Men tidlegare vart dette knytt veldig til sex og andre individuelle og konkrete «synder. Det kunne vere synd å danse, spele kort, gå på kino, restaurant, ja, til og med å drive idrett, eller ta permanent i håret kunne vere syndig i enkelte miljø. I dag er mykje av dette komisk, sjølv i konservative kristne miljø, seier Repstad.

Så også mennesket

Professoren har i nær 50 år forska på korleis det religiøse livet utspelar og utviklar seg. I den siste boka hans er målet å gi eit overblikk over trendane og endringane i Noreg dei siste 50-60 åra sett gjennom religionssosiologiske briller, basert på eiga og andre si forsking.

— Eg må understreke at som religionssosiolog er det ikkje Guds vesen eg har innsikt i, men bildet av Gud, seier Repstad, lett humrande i telefonen.

Det høyrer med til historia at stadig færre i det heile trur på Gud. I 1991 meinte to av ti å vite heilt sikkert at Gud finst, i 2018 var talet nær halvert. Fleire er også blitt sikrare på at Gud heilt sikkert ikkje finst, når spørsmålet er stilt på den måten, i Religionsundersøkelsen til Norsk monitor.

Samstundes er det omtrent like mange som før som før kryssar av for at dei «trur på ei høgare makt», ifølgje Repstads bok.

I 2020 svarte tre av ti av dei spurte i Religionssundersøkelsen at dei trur på Gud, medan to av ti var usikre.

Men for dei aller fleste som fortsatt høyrer til i religiøse miljø er rommet for religionsutøvinga radikalt endra i løpet av dei siste tiåra. Parallelt med framveksten av ein annan gud, har det skjedd ei endring i synet på mennesket, ifølgje Repstad.

— Den gamle vekkingsforkynninga la vekt på det syndige mennesket som har mykje vondt i seg og treng frelse. I dag handlar forkynning meir om at mennesket har verdi. Det å vere glad i seg sjølv og glad i Gud er ikkje lenger ein motsetnad.

Kortforbodet

Ifølgje professoren sette den pietistiske vekkingskristendomen mange av premissane for kristenlivet i Noreg frå 1870 til 1970. Ei streng form for kristendom dominerte i delar av landet, særleg langs kysten frå Vestfold og nordover til Møre.

«Du vet at om du stupte død ned på gulvet nu, så stupte du rett i helvede!» åtvara teologiprofessoren Ole Hallesby dei vantru. Hallesby utløyste i utløyste i 1953 den såkalla «helvetesstriden» etter ein tale han heldt på eit indremisjonsmøte.

Repstad er likevel forsiktig med å teikne opp ein for skarp kontrast mellom før og no.

— Det å tenke at dei fleste var eldsprutande helvetesforkynnarar blir feil, seier han og viser til ei undersøking som kollega ved Universitetet i Agder, Hans Hodne, gjorde for nokre år sidan.

Hodne intervjua folk frå konservative kristne organisasjonar om den religiøse oppsedinga dei fekk i barndomen.

— Bildet av Gud den gongen dei voks opp var trass alt ikkje så veldig ulikt det vi ser i dag, dei møtte ein kjærleg Gud som ville dei vel. Forskjellen handlar meir om moral og livsstil – dei voks opp med klassiske pietistiske forbod, seier Repstad.

Dans og rytmisk musikk var sterke tabu, sidan det kunne gi erotiske assosiasjonar. Eit restaurantbesøk kunne føre rakt ut i freistinga til å nyte alkohol.

Men sjølv om dette verkar absurd for mange i dag, låg det ein viss rasjonalitet bak, om vi går langt tilbake i tid, minner Repstad om.

— Første del av 1800-talet hadde ei liberal alkohollovgiving, og det fanst mange tilfelle der folk drakk og spelte seg frå gard og grunn. Dette var også noko av bakgrunnen for motstanden mot kortspel. Men etter kvart utarta dette til diskusjon om ulike typar kortspel, og vart meir ein markør for om du stod innanfor eller utanfor, seier han. Debatten om det var synd å spele Gnav eller andre kortspel blei for komisk for alle, og motstanden løyste seg opp.

Mindre helvete

Med ein snillare gud er også faren for å hamne i helvete blitt sterkt redusert.

I dag trur eller reknar 14 prosent i det norske folk det som sannsynleg at helvete finst. Nokon held på den såkalla «doble utgangen» etter døden, der den eine fører til frelse og den andre fortaping. Andre trur på at Gud skal ta imot alle.

Mange prestar i Den norske kyrkja er usikre på kva dei skal meine om dette, viser det seg, medan frikyrkjepastorane er meir konservative – der er det mest enten eller.

— Når vi har spurt frikyrkjeleiarar, svarer dei at det finst to utgangar, frelse eller fortaping. Men dei føyer til at dette ikkje blir forkynt lenger. Det er eit slags ubrukt dogme.

Helvete som ein stad med evig, fysisk pine var eit ufråvikeleg dogme blant konservative kristne heilt fram til 1950-talet, peikar Repstad på. På den tida stod den såkalla «helvetesstriden» på som verst, med professor Ole Hallesby på Menighetsfakultetet i spissen. I dag understrekar alle prestane, også frikyrkjepastorane, at tale om helvete og fortaping er symbolsk tale.

Hans-Erik Dyvik Husby, tidlegare kjent som Hank von Helvete i rockegruppa Turboneger, her i rolla som Guds son i Jesus Christ Superstar i 2009. Han har seinare spelt diktarpresten Petter Dass i ei rad norske kyrkjer.

Trua på to utgangar etter dette — paradis eller helvete — står sterkare og er meir konkret i islam enn i den kristen trustradisjonen. Men også blant unge muslimar kan dette sjå ut til å vere i endring. Det har samanheng med ei breiare kontaktflate i det norske samfunnet, gjennom sekulære venner, utdanning og media, skriv Repstad i si bok.

Religionsutøvinga følgjer etter den generelle samfunnsutviklinga og allmenne kulturen. Haldingar til livsførsel generelt er meir liberale og individuelt bestemte enn før.

— Det er ikkje lenger slik at religiøsiteten blir definert av autoritetspersonar, ein skal meir finne ein stil som passar ein sjølv. Dette har samanheng med generell demokratisering, liberalisering og autoritetsskepsis i samfunnet.

Og i religiøse miljø representerer endringa i synet på homofili på mange måtar den mest radikale.

— Vi skal ikkje gløyme at homofili var forbode ved lov heilt fram til 1972. Heller ikkje i dag er alle einige, men no har det vore ope for homofile å vie seg i Den norske kyrkja sidan 2017. I historisk sammenheng har denne utviklinga skjedd relativt fort, seier Repstad.

Det kan nok fortsatt finnast lommer av religiøse miljø, trur han, der Gud fortsatt er streng og autoritær.

— Men generelt går utviklinga i ei klar retning.

Julegud

Jul og førjul er ei tid som år for år trekker i denne retninga.

— Julekonsertane er blitt ein viktig møtestad mellom kyrkje og folk, seier Repstad og viser til forsking som han og ein kollega, Anne Løvland, har gjort, og som er referert i boka hans:

Ein av tre nordmenn går på minst ein konsert i ei kyrkje før jul, viser ei spørjeundersøking.

— Repertoaret kan vere ei blanding av Bing Crosby, Alf Prøysen og game julesalmar, og forkynninga legg vekt på ein vennleg og omsorgsfull gud. Ofte blir det gjort eit poeng av at barnet i krybba er eit bilde på Gud. Julekonsertane og kyrkja i jula er ein av den snille gudens viktigaste tilhaldsstader, og gjer sitt til å halde oppe folkekyrkja i Noreg.

Powered by Labrador CMS