forskingsjuks

Gransking av svindel­mistenkt professor drar ut. Konklusjon venta fire år etter første varsel

Høgskulen på Vestlandet skulle konkludere før sommaren. No er det «blitt såpass mange artikler som skal granskes» at det tar meir tid.

Professoren har hatt ein høg produksjon av forskingsartiklar i fleire år. No er han under gransking for mellom anna å ha fabrikkert innhald.

Khrono fortalde i januar 2024 om granskinga som Høgskulen på Vestlandet (HVL) skulle setje i gang mot ein tilsett professor som er under mistanke for forskingssvindel.

Då var det gått meir enn tre år sidan dei første bekymringsmeldingane mot professoren kom.

No er det «blitt såpass mange artikler som skal granskes», at komiteen som skal gå gjennom saka ikkje blir ferdige med sin rapport før i oktober, ifølgje prorektor for forsking, Christine Øye. Deretter skal fakultetet behandle saka før ho kjem opp i det forskingsetiske utvalet ved høgskulen. Planen var opphavleg å komme i mål før sommaren.

Professoren som er under gransking er mistenkt for å ha fabrikkert innhald, referansar og fagfellevurdering av vitskapelege artiklar.

Overfor Khrono har professoren tidlegare avvist alle skuldingane om forskingsjuks.

Tilrådde gransking i 2020

Dei første bekymringsmeldingane kom allereie i 2020. Det dåverande forskingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet anbefalte den gong å setje i gang ei gransking. Men dette vart ikkje gjort.

I mellomtida vart det varsla to gonger mot professoren, seinast like før jul i 2022, utan at dette blei følgt opp med undersøkingar.

Ifølgje høgskulens eigne retningslinjer skal meldingar om moglege brot på forskingsetiske retningslinjer «behandles så raskt som mulig» — «av hensyn til alle involverte».

Men først på nyåret 2024 vart granskinga, som no er venta å bli endeleg fullført mot slutten av året, sett i gang. 

Det vil dermed ha gått fire år frå mistanken om svindel vart meldt inn første gong til granskinga er planlagt fullført.

I mellomtida har professoren hatt svært høg produksjon av vitskapelege artiklar. Han var i databasen Scopus oppført som forfattar eller medforfattar på 119 forskingsartiklar i 2023 og 118 i 2022.

Ukjent status 

Khrono har spurt prorektor Christine Øye om kva status er for professoren, og om han for tida er i arbeid ved høgskulen. Det ønskjer ho ikkje å kommentere.

Prorektor Christine Øye ved Høgskulen på Vestlandet viser til at «slike» saker erfaringsmessig tar tid. Når granskinga er venta å kome i hamn på seinhausten, vil det ha gått fire år sidan dei første mistankane mot professoren vart melde inn.

Professoren står framleis oppført som medarbeidar på nettsidene til Høgskulen på Vestlandet.

Ho skriv i e-post: 

«Slike saker fordrer god og grundig saksbehandling i tråd med retningslinjer og prosedyrer. Erfaringsmessig tar slike saker en del tid og det er mange forhold som skal kartlegges og undersøkes. Målet vårt var å få rapporten fra komitéen på plass før sommeren og få en videre behandling i fakultet og på institusjonsnivå. Men vi ser at vi trenger mer tid, og jeg vil tro at vi har mer avklart på senhøsten».

Øye ønskjer heller ikkje å svare på spørsmål om det er oppdaga fleire mistenkelege forskingsartiklar, etter at granskinga vart sett i gang.

Då Khrono først skreiv om saka i januar i år, sa tidlegare prorektor og leiar for forskingsetikkutvalet, Geir Kåre Resaland, at «det er mange partar involvert og mange partar skal varetakast. HVL har system, rutinar og prosedyrar for dette». 

Utover dette ønskte han ikkje å svare på spørsmål om kvifor saka vart liggande i fleire år før granskinga kom i gang.

Granskingskomiteen består av tre personar som ikkje er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet.

Powered by Labrador CMS