Mot ein samla Vestlandshøgskule: Dersom styra ved <span class="caps">HSH</span>, HiSF og HiB vender tommelen opp, vil Vestlandshøgskulen bli ein realitet 1. januar 2017. Foto: Tor Farstad
Mot ein samla Vestlandshøgskule: Dersom styra ved HSH, HiSF og HiB vender tommelen opp, vil Vestlandshøgskulen bli ein realitet 1. januar 2017. Foto: Tor Farstad

Slik blir fusjonen med tre høgskoler på Vestlandet

Plattforma for Vestlandshøgskulen er klar. Rektor blir i Bergen og hovudmålet blir nynorsk.

Publisert   Sist oppdatert

— Vi er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorskhøgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken, seier rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke, i ei pressemelding.

Fem campusar
Forhandlingsutvalet møttest for siste gong i Bergen 3. mai for å fullføre fusjonsplattforma for Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane, skriv På Høyden

Onsdag er fusjonsplattforma klar. Her står det at den nye institusjonen vil få fem campusar; Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal, og Førde.

Dei største profesjonsutdanningane skal bli tilbydd i alle dei tre regionane.

Ingen tilsette vil miste jobben som følgje av fusjon, men mange må rekne med at dei kan få andre arbeidsoppgåver enn før, står det i pressemeldinga.

Vi er veldig glade for å ha fått gjennomslag for at ein så stor høgskule blir nynorsk-
høgskule. Eg trur det er viktig for nynorsken

Rasmus Stokke
Rektor, Høgskolen i Sogn og Fjordane

12. mai skal avtalen behandlast av styra ved dei tre høgskulane.

Interimstyre frå hausten
Dersom styra går inn for fusjon, vil HiB, HiSF og HSH be Kunnskapsdepartementet opprette eit interimstyre med 13 medlemmer, vekta etter storleiken på høgskulane. Styret vil ta avgjerder om visjon, fagleg profil, fagleg og administrativ organisering og arbeidsoppgåvene til tilsette og leiarar.

Les også: Fusjonsplattforma