NHH ønskjer i utgangspunktet ikkje å bli større, og har allereie takka nei til fusjon med UiB. Men når Høgskolen i Molde spør, tek dei saka på alvor, riktignok berre dersom utdanningar som sjukepleie ikkje er ein del av pakken. Foto: Amundsen, Paul S.

Lite aktuelt for NHH å drive med sjukepleie

Høgskolen i Molde har spurt NHH om dei er interessert i fusjon. I alle fall berre i ein delt høgskule, trur NHH-rektoren.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Etter at Høgskolen i Molde ikkje fekk danne allianse saman med Lillehammer og Volda, vurderer dei om det kan vere ei god løysing å fusjonere med NTNU eller Norges handelshøyskole. Dei har no sendt ein formell førespurnad til NHH. Dei vil vite om dette er ein ide som bør utredast.

— Førebels har vi berre sagt at dette må vi tenkje på. Uansett kva vi meiner om saka er det naturleg å ta førespurnaden på alvor, og det er naturleg at vi involverer styret, seier NHH-rektor Frøystein Gjesdal, til På Høyden.

Det kan difor vere aktuelt å ta opp saka på styremøtet i mai.

Såg etter faglege synergiar

NHH har så langt halde seg i trygg avstand frå fusjonar og strukturendringar. UiB-rektor Dag Rune Olsen opna for fusjon medNHH i august 2014, men framlegget møtte ikkje begeistring på NHH:

— Éin ting var å miste varemerket vårt som eigen institusjon, men i høve til UiB diskuterte vi og mulegheitene for faglege synergiar, fortel Gjesdal til På Høyden.

Dei fann færre enn venta, og konkluderte med at desse like godt kunne realiserast gjennom fagleg samarbeid som ved ein fusjon.

— Etter det har vi ikkje tenkt på struktur i det heile tatt, seier rektoren.

Omkamp i Molde

Personar frå logistikkmiljøet ved Høgskolen i Molde har òg tidlegare vore i uformell kontakt med NHH.

— Då dette var  oppe hausten 2014 var det fleire som tok opp dette uformelt, fortel Gjesdal.

Han har no registrert at Høgskolen i Molde kan vere i ferd med å forlate strategien om å stå aleine, og at det kan bli omkamp om fusjonsspørsmålet.

— Men vi veit ikkje kva dei eigentleg tenkjer.

Å dele høgskolen, som både driv med sjukepleiarutdanning, økonomisk- administrativ utdanning og logistikk, i to er ein av ideane som er lansert. Og for NHH vil det truleg ikkje vere aktuelt å vurdere fusjon med ein høgskule som inneheld fag som ikkje passar inn i fagramma til NHH.

— Det har ikkje vore aktuelt for oss å fusjonere med nokon som driv med sjukepleiarutdanning. Men logistikkmiljøet i Molde har eit betydeleg omfang, og det er respektert også utanfor Molde, seier Gjesdal.

NHH vil ikkje bli større

Førespurnaden frå Molde blir tatt på alvor, lover Gjesdal. Men i utgangspunktet er NHH nøgde med å ikkje fusjonere.

— Då stortingsmeldinga kom i mars i fjor var vi nøgde med å halde fram med arbeidet vårt. No håpar vi at denne debatten snart er over.

Og sjølv om NHH med 3500 studentar blir ein liten institusjon i det nye UH-landskapet, er dei nøgde med det.

— Vi har ingen planar om å auke studenttalet. Om vi skal slå oss saman med nokon må det vere på grunn av noko anna, på grunn av kvalitet. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS