Her er Anders Folkestad, den gong leiar i Unio, på besøk hos streikande tilsette ved Høgskolen i Oslo og Akershus under streiken 2012. Den varte i to veker. Foto: Lynau, Jan Petter
Her er Anders Folkestad, den gong leiar i Unio, på besøk hos streikande tilsette ved Høgskolen i Oslo og Akershus under streiken 2012. Den varte i to veker. Foto: Lynau, Jan Petter

Streik kan bremse fusjonsarbeidet i vest

Omlag en tredjedel av dei tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane kan bli tatt ut i streik. Særleg muntleg eksamen er i fare. Kan hende kan fusjonsprosessen i vest også bli ramma.

Publisert   Sist oppdatert

Høgskulen i Sogn og Fjordane er den utdanningsinstitusjonen som blir aller hardast ramma viss det blir streik frå torsdag. Forskarforbundet, Utdanningsforbundet og Sjukepleiarforbundet har til saman tatt ut 117 tilsette i streik, og ifølgje heimesida til HiSF er det 330 tilsette på høgskulen.

Og dei, som alle andre universitet og høgskular som kan bli ramma av streiken, er midt i eksamenstida. På HiSF har dei 3000 studentar. 

Uroa for eksamen og fusjon

Personaldirektør ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Wenche Fjørtoft, seier til Khrono at leiinga er uroa for gjennomføring av eksamen og kan hende blir heile fusjonsprosessen forseinka. 

— Eg trur vi langt på veg kan klare å finne ei løysing på gjennomføring av skriftleg eksamen for dei fleste studentane våre, men muntleg eksamen vil bli verre, for der må jo faglærar vere tilstades, seier personaldirektøren. Og det er stort sett fagleg tilsette som skal ut i ein eventuell streik.

-- Korleis ser de på at nettopp Høgskulen i Sogn og Fjordane blir så hardt ramma av ein eventuell streik? 

-- Det kan eg nok ikkje siterast på.

Wenche Fjørtoft
Personaldirektør, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Sogn og Fjordane er ein av tre høgskular som arbeider med plan om å fusjonere til ei stor høgskule på Vestlandet. Dei er i innspurten no og endelge vedtak skal etter planen gjerast på styremøte 9.juni. 

— Vi har enno ikkje heilt oversikt over om ein eventuell streik kan komme til å forstyrre fusjonsprosessen, men vi kan ikkje sjå bort ifrå det, seier Fjørtoft. Ved høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund er det langt færre som er tatt ut i streik. 8 i Stord/Haugesund og 32 i Bergen.

Rammar hardt frå start

— Korleis ser de på at nettopp Høgskulen i Sogn og Fjordane blir så hardt ramma av ein eventuell streik? 

— Det kan eg nok ikkje siterast på,  ler personaldirektøren, men legg alvorleg til:

— Denne eventuelle streiken rammar forholdsvis hardt allereie frå start, og ikkje slik som ofte elles at dei begynner forsiktig for så å trappe opp.. 

25 prosent ut ved HiOA

Ved Høgskolen i Oslo og Akershus skal rundt 25 prosent av dei tilsette ut i ein eventuell streik.Høgskolen var relativt hardt ramma av streik i 2012 også, da 429 tilsette var i streik i 14 dagar.

Den gongen blei ulike fakultet og administrasjonen ramma. I år kan Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studier bli sterkt ramma, der rundt 200 er tatt ut og det same er den sentrale fellesadministrasjonen der 136 tilsette skal streike frå torsdag morgon dersom ikkje partane i statsoppgjeret blir samde. Til saman er det 570 tilsette ved HiOA som kan kome til å streike.

— Stor streikevilje

Leiar i Norsk Tjenestemannslag (NTL) ved Høgskolen i Oslo og Akershus, Anders Lyng (bilete), stadfester at alle deira 311 medlemmer ved HiOA er tatt ut i streik. I tillegg er det 30 medlemmer i andre LO-forbund, mellom anna Fellesorganisasjonen, FO (organisasjonen for barnevern, sosionomar og vernepleiarar) og Skolenes Landsforbund.

— Kvifor har de valgt ut Høgskolen i Oslo og Akershus som «satsingsområde» for streiken? 

— Det veit eg ikkje. Men vi har jo erfaring med å streike, seier Lyng. 

— Kor stor sjanse trur du det er for ein streik? 

— Det er ikkje lett å seie, men nett no ser det ut som om partane står langt frå kvarandre, seier Lyng, som meiner at streikeviljen hos medlemmane hans er stor.

— Pensjon er viktige prinsipp for oss, seier han.

50/50 streik eller ikkje?

Morten Kielland, hovudtillitsvalgt i Forskarforbundet på HiOA meiner at sjansane for streik er 50/50. 

Mens LO har valgt å ta ut medlemmer over heile høgskolen så har Forskarforbundet konsentrert sitt streikeuttak til Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studier. Forbundet har 180 medlemmar der og 138 av dei skal streike dersom det ikkje blir ei løysing via riksmeklaren.

— Kvifor vil de ramme nettopp lærarutdanninga ved ein eventuelt streik? 

— Det har vore ein diskusjon på korleis vi skulle gjere streikeuttaket. På den eine sida så skal jo ein streik ramme, men samtidig ikkje ramme så hardt at det kan bli tvungen lønnsnemnd. Og så må vi begynne ein stad. No begynner vi med eitt fakultet og så kan det jo bli opptrapping med andre fakultet, seier Kielland.

Hovudtillitsvalgte Kielland i Forskarforbundet vil ikkje sjølv vere med på ein streik, han tar ut ferie frå onsdag, dagen før ein eventuell storstreik i staten. 

— Er ikkje det litt dårleg planlegging for ein fagforeiningsleiar? 

— Jo, det kan du seie. No er denne ferien planlagt for lenge sida, men eg kan vedgå at det ikkje var den beste ferieplanlegginga i år, seier Morten Kielland. 

Vil ramma eksamen på HiOA

Fungerande direktør for organisasjon og virksomhetsstyring, Tore Hansen, seier til Khrono at ein eventuell streik vil ramme studentane sin eksamen på eit eller anna vis. 

— Vi jobbar med å finne ut av konsekvensane for ein eventuelt streik no, og kan ikkje seie heilt konkret korleis ting blir, seier Hansen og ber studentar og tilsette om å følgje med på heimesidene til høgskolen der det vil bli lagt ut informasjon. Ein tredjedel av alle tilsette på Avdeling for samfunnskontakt og informasjon er også tatt ut i streik, men Hansen trur at dei skal klare å halde oppe informasjonen ut til studentane. Administartivt tilsette som arbeider med gjennomføring og avvikling av eksamen er også tatt ut.

— Det er også slik at mange som arbeider med kritiske system hos oss er tatt ut i streik, seier Hansen.

— Så de veit enno ikkje korleis og kor mange studentar som ikkje kan få tatt eksamen? 

— Nei, det er for tidleg å seie, og det kjem også sjølvsagt an på kor lenge ein eventuell streik vil vare. 

Prioritere avgangsstudentar?

— Nokon seier at dei er ekstra bekymra for masterstudentane og eksamen? 

— Det er også ein diskusjon vi må ta. Viss vi blir nøydde så kan det vere at vi skal prioritere eksamen til avgangsstudentane våre, seier Hansen. 

— Korleis ser de på at ein evetnuell streik vil ramme HiOA såpass sterkt som det blir lagt opp til her? 

— Det har vi ingen synspunkt på. Det som er det viktigaste for HiOA ved ein eventuell streik er å ta vare på studentane som best vi kan og elles skal vi oppføre oss på en ryddig måte og følgje spelereglane i arbeidslivet, seier Tore Hansen.