Heilt sidan 1970-talet har han vore knytt til Høgskulen i Volda. Og dersom han ikkje måtte, ville snart 75 år gamle Ola Einang ikkje vorte pensjonist.

Båtliv; både padling og segling, har vore viktig for Ola Einang. Han vaks opp i fjøresteinane og har vore ein aktiv kar heilt frå han var gutunge.

Friluftsfagets mann

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det er ei underleg ordning frå styresmaktene. Å gå av med pensjon burde vore etter avtale. Dersom ein er oppegåande nok og sprek nok, har ein framleis mykje røynsle som kan førast vidare, seier Ola Einang.

Til sommaren fyller han 75, og då er eit langt yrkesliv over. Heilt sidan 1970-talet har han vore knytt til Høgskulen i Volda. Først innleigd, og frå 1995 i fast stilling som høgskulelektor.

Her har han jobba med mange kull studentar; med klatring, padling, på skiturar, hatt skredkurs og lært dei å ferdast i naturen.

— Eg ser ingen grunn til å slutta. Det er flott å jobba med både unge og eldre, det trivst eg med, seier han.

40 år på Svalbard

Høgskulen i Volda tilbyr både årseining og bachelorgrad i idrett og kroppsøving, årseining i friluftsliv og bachelorgrad i friluftsliv og naturguide.

Einang har vore involvert i alle. Han fortel at då han byrja ved høgskulen, var friluftsliv ein relativt stor del av kroppsøvingsfaget. Her fekk studentane prøva seg både på ski, i snøhole, på bre og langs kysten. Frå 1980-talet har høgskulen hatt eige studium i friluftsliv, og dei siste åra ei eiga utdanning for dei som ønskjer å guida andre ute i naturen.

I tillegg til å vera tilsett ved Høgskulen i Volda, har Einang hatt tjue prosent stilling ved Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet (UiT) sidan 2009. Det vil seia, først var det ved Høgskolen i Finnmark han vart sett. Då hadde han vore knytt til Svalbard heilt sidan 1981.

Det var året han vart engasjert av Sysselmannen på Svalbard for å halda kurs om tryggleik og redning på bre og ved snøskred. Dette vart årlege kurs, men frå 2008/09 kunne ein ta eit eittårig guidestudium, Arctic Nature Guide, på Svalbard.

— Eg har vore der eit par veker i august og eit par veker i februar, fortel Einang.

Heilt sidan 1981 har Ola Einang hatt kurs på Svalbard, dei siste 12 åra knytt til UiT. Men også det nordlegaste universitetet har 75-årsgrense.

— Har interessa for friluftsliv auka dei siste åra?

— Ja, det trur eg. Og særleg med sosiale media har det vorte slik at folk ser kva andre gjer. Når nokon ser kva andre legg ut bilete av, tenkjer dei at dei vil gjera same greia, seier Einang.

Han understrekar at naturguidane vert utdanna til å gå på tur med «kvarmannsen», men samstundes er det krav om at ein har vore litt på tur før.

— Ikkje for cruiseturistar med lilla hår, altså.

Einang humrar.

— Veldig mange kjenner nokon som har vore ein spesiell stad, og tenkjer nok at det ikkje er verre enn ein sjølv klarar. Men det er nok mange som går turar dei ikkje har dugleikar til. Då tenkjer eg ikkje berre på lange turar, som til Trolltunga, men også bratte turar.

— Kva med skred, er fleire enn før flinkare til å ha med søkeutstyr?

— Ja, det er dei. Men å verta funnen er ikkje det same som å verta funnen i live, understrekar Einang.

Oppstiging mot Larkya Peak, på over 6000 meters høgde i Nepal.

Til Everest med Arne Næss

Sjølv har han vore høgare enn dei fleste. Allereie på 1970-talet klatra han i Alpane, og i 1978/79 vart han spurd om å vera med den unge Arne Næss til Himalaya. I 1985 var han på Mount Everest, som ein del av den første, norske ekspedisjonen. Denne historia har han skildra i Nærnett.

— Korleis er det å vera ein stad ein veit at det slett ikkje er ufarleg å vera?

— Eg vert veldig fokusert, og tenkjer ikkje på risikoen. Dersom ein har jobba mykje med ting, vert det ei utfordring til sjølve handverket. Det er svært tilfredsstillande å få det til, seier Einang.

Han seier han har vore heldig og akklimatiserer lett. Siste turen til Nepal hadde han i 2018, og siste klatring i stor høgde var i 2015 - då han var 69. No planlegg han ny Nepal-tur neste år, til ein høgtliggande, litt bortgøymd dal.

Mange år før dette, vaks Ola Einang opp utanfor Ålesund. Her var det ein aktiv barndom.

— Eg sprang i fjøra, klatra i tre, og hadde utsikt til fjella i Hjørundfjorden. Så det vart å prøva, då. Det var litt bratt, men det var ei reperbane der, og tilgang til billeg tau. Så eg hadde med ein kamerat, og seinare fekk me tak i litt litteratur om klatring, seier Einang.

Teltleir på Svalbard. Både UiT og Høgskulen i Volda utdannar dei som skal ta med seg andre ut i naturen.

Kritisk til utstyrsjag

— Ein heil del er dyktige og toler mykje, seier Einang om studentane han treffer.

Men han er kritisk til utstyrsfokuset, både hos studentar og andre:

— Det skal vera dei siste skia og ein spesiell type anorakk.

Karakterkrava for å koma inn på friluftslivsfaga i Volda er høge. Einang fortel at ein del av studentane som kjem, ikkje heilt veit kva dei har tenkt å jobba med. Andre ønskjer seg eit år med noko heilt anna.

— Me har til dømes studentar som har teke ein pause i medisinstudia. Andre ønskjer å verta lærarar, kanskje særleg på folkehøgskule, seier han.

På veg opp til Drangnagri i Himalaya, ein topp på over 7000 meters høgde.

Einang tek studentane med både til bre, sjø og fjell. Han er oppteken av å visa dei unge samanhengen, til dømes vil han at dei skal sjå eit morenelandskap når dei skal jobba med bre.

— På 1970-talet var det ei miljøbølgje, då skulle ein ut i naturen for å skapa forståing av samanhengar. Denne bølgja visna på 1980-talet, men er framme att no. Eg meiner det no er endå viktigare å gi dei unge ei opplæring som viser samanheng, og gi dei ei forståing av vår plass i verda, seier han engasjert.

Fjell og fjord

Det siste aktive arbeidsåret har vore annleis, og då Khrono sin fotograf skulle treffa Einang i Volda, var han send til heimekontor - som alle andre.

Planen er at det kanskje vert litt jobbing til hausten, for å læra opp andre, og i tillegg ønskjer den spreke pensjonisten å framleis halda seg i aktivitet.

— Folkehelse er eit viktig aspekt i friluftsliv. Dersom ein er veldig god i noko, til dømes turn, er det noko ein driv med til ein er kanskje tretti år. Men friluftsliv handlar om livslang aktivitet og glede over å kunne vera i rørsle.

— Dersom du måtte velja éin aktivitet, kva skulle det vera?

— Eg har vorte dregen mot fjella. Men eg har òg eit sterkt fokus på sjø og båt. Så både kajakk og seglbåt er veldig viktig for meg, seier Ola Einang.

Han legg til:

— Eg har eit par skadar som gjer at det ikkje vert så mykje vanskeleg klatring som tidlegare. Men eg driv framleis litt med bre og klatring i is.

På Svalbard har Einang treft både fjellrev og denne karen her.
Powered by Labrador CMS