eksterne midlar

Forskingsrådet utset frist

På grunn av tekniske problem utset Forskingsrådet søknadsfristen sin frå 20. til 25. mai.

Slik sit truleg mange forskarar i dag. No vert Forskingsrådet sin frist forlenga.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I kveld sit truleg fleire tusen forskarar og sveittar over søknaden til Forskingsrådet. Søknadsfristen er eigentleg 20.mai klokka 13. No er denne utsett til 25.mai klokka 11, skriv Forskingsrådet på Twitter. Grunnen er tekniske problem knytt til innlogging til Min nettstad.

— Me beklagar problema og frustrasjonen dette har skapt, skriv Forskingsrådet.

Mykje frustrasjon

Det er fristen for Forskerprosjekt for fornyelse, forskerprosjekt for unge talenter, treårig Forskerprosjekt med internasjonal mobilitet som no er utsett. Fristen vart først flytta frå 6.mai på grunn av korona-utbrotet.

Twitter er frustrasjonen stor.

— Eg håpar nokon forskar på raseri mot nettsider og maskiner også, kommenterer UiO-professor Marte Blikstad-Balas, medan Solfrid Bratland-Sanda, professor ved Universitetet i Sørøst-Noreg spør «same procedure as last year, Forskningsrådet?» Fleire skriv at dei har prøvd i timevis på å koma seg inn.

Fekk meldingar måndag

Avdelingsdirektør Nina Hedlund i Forskingsrådet skriv i ein epost til Khrono at feilen ikkje ligg hos Forskingsrådet, men at det er ein feil i brannmuren hos TietoEvry.

— Dei har avdekka ein konfigurasjon på deira side, som har resultert i at trafikkavviklinga mot Forskningsrådet sin nettstad (Mittnettsted) ikkje fungerte og det vart nokre tilfeldige avvik og feil, skriv Hedlund.

Ho seier det er leitt at søkjarar vert ramma, og at det er beklageleg at det vart tekniske feil.

Allereie måndag kom dei første meldingane om at nokre søkjarar ikkje klarte å logga inn. Tysdag bestemte Forskingsrådet seg for å utsetja fristen med fem dagar, fordi ein ikkje veit kor lang tid det vil ta å retta feilen. Utsetjinga gjeld alle, ikkje berre dei som no ikkje har klart å logga inn.

— Det vert sagt at dette var «same procedure as last year». Er det ein kjent problem at systemet dykkar ikke taklar at mange loggar inn samstundes?

— Me hadde ingen problem ved søknadsfristen i fjor. Feilen me opplever i systema har ingenting å gjera med at mange loggar seg på samstundes, seier Hedlund.

Tysdag var det meir enn 2 200 brukarar som logga på. Kor mange som fekk problem veit ein ikkje, men Forskingsrådet anslår det til rundt hundre.

(Oppdatert med kommentarar frå Forskingsrådet 20.mai kl 8.28)

Powered by Labrador CMS