—Framleis er det slik at om lag 80 prosent av kvinnene som giftar seg tek mannen sitt etternamnmn, seier stipendiat Line Førre Grønstad. Foto: Hilde Kristin Strand Foto: Hilde Kristin Strand

Viser fram resultat av «mannejakt» i Grand Prix

I fjor var Line Førre Grønstad på mannejakt. Under Forskar Grand Prix skal ho presentera noko av det dei seksti mennene hennar har fortalt.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I fjor var Line Førre Grønstad på mannejakt. Under Forskar Grand Prix skal ho presentera noko av det dei seksti mennene hennar har fortalt, skriv På Høyden.

— Eg la ut ei melding på Facebook om at NSD hadde godkjent prosjektet mitt, og at eg difor var på mannejakt.

Line Førre Grønstad ler.

Eitt år seinare har ho samla nærare seksti menn, men ho var sjølvsagt ikkje interesert i kva som helst. Førre Grønstad er stipendiat i kulturvitskap ved Instiutt for arkeologi, historie, religions- og kulturvitskap, og forskar på menn som byter til kona sitt etternamn når dei giftar seg. I kveld er ho ein av ni forskarar som deltek i Forskar Grand Prix under Forskingsdagane.

Fekk mannen sitt namn automatisk

Eg la ut ei melding på Facebook om at Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD) hadde godkjent prosjektet mitt, og at eg difor var på mannejakt.

Line Førre Grønstad

Fram til 1923 var det hovudsakleg i dei øvre klassane i Noreg at ein nytta etternamn. Frå midt på 1800-talet vart det vanleg at kvinner i desse klassane bytta til mannen sitt namn når dei gifta seg. Men frå 1923 måtte alle ha etternamn. Kvinner fekk mannen sitt etternamn, og kva namn fekk då barna? Faren sitt.

Heilt fram til 1979 var det automatikk i at kvinner fekk mannen sitt etternamn då dei gifta seg, sjølv om regelverket dei siste åra vart mjuka opp. Men framleis er det slik at om lag 80 prosent av kvinnene som giftar seg tek mannen sitt etternamn. Det viser ei undersøking frå SSB frå 2003. Mange vel å ha sitt eige namn som mellomnamn. Samstundes er det berre seks prosent av mennene som tek kona sitt etternamn.

Norsk etnologisk gransking

— Eg har permisjon frå stillinga mi som konservator ved Norsk Folkemuseum. Der jobba eg med arkivet Norsk etnologisk gransking. Ei av spørjeundersøkingane me sendte ut, hadde etternamn som tema. Målet var å sjå ei breidde, men det viser seg at nesten alle gjer det same. Eg hengte meg opp i mennene. Kvifor byter ikkje mennene namn, spør Førre Grønstad.

–Ein ser ofte at kvinnene får høyra at dei har ansvaret for si eiga likestilling og bør halda fast ved sitt eige namn, men dei får òg høyra at dei har ansvaret for å halda familien saman og difor bør byta namn. Ein skulle tru at mennene hadde halvparten av ansvaret, legg forskaren til.

Fedre vert skuffa

Kvifor vel nokon å skifta etternamn i det heile? Det handlar om familie.

— Mange er opptekne av å ha eit felles namn som bind dei saman. Når ein giftar seg opplever mange at dei skal laga ei ny eining, seier Førre Grønstad.

Det finst ulike variantar av namnebyte. Nokre kvittar seg med sitt gamle namn og tek ektefellen sitt. Nokre tek vare på sitt eige som mellomnamn, og nokre par vel at begge har to namn, med eller utan bindestrek. Sjølv har Førre Grønstad og ektemannen valt å ta partnaren sitt namn som mellomnamn, og ha sitt eige namn som etternamn.

— Kva grunnar oppgir dei få mennene som byter namn?

— Dei oppgir at det handlar om familie for dei òg. Nokre har svært vanlege namn som dei byter vekk, men dei har nok andre grunnar i tillegg. I nokre tilfelle har kona eit sjeldant namn, eller eit namn som er i ferd med å døy ut – til dømes fordi ho berre har søstre, seier Førre Grønstad.

Ho seier at mange av mennene som tek kona sitt etternamn er opptekne av likestilling.

— Dei kan ikkje forstå at kvinnene ukritisk byter etternamn.

Sjeldant at menn byter namn

Fedrene tek det tungt at dei ikkje fører slektsnamnet vidare. 

At menn byter etternamn er såpass sjeldan at det kan sjåast på som eit kontroversielt val. Og sjølvsagt får dei reaksjonar. Stipendiaten fortel at mennene ho har intervjua, rapporterer om ulike typar tilbakemeldingar. Kvinner dei kjenner, gir uttrykk for at dette er eit okey val dei er imponerte over. Mannlege venner fleipar i større grad med det.

— Når det gjeld familie, er det litt annleis. Nokre fortel at dei er overraska over at familien ikkje har reagert, medan andre fortel at fedrene tek det tungt at dei ikkje fører slektsnamnet vidare. 

Grand Prix i kveld

I kveld er det duka for årets delfinale i Forskar Grand Prix i Bergen. Førre Grønstad er ein av ni deltakarar, tre av dei frå UiB. Deltakarane får fire minutt til å presentera prosjektet sitt, deretter får dei som går til siste runde fire nye minutt. Vinnaren går til ein nasjonal finale.

— Eg hadde vorte irritert på meg sjølv dersom eg ikkje hadde prøvd, seier Førre Grønstad.

— Me som har meldt oss på, har fått mykje oppfølging undervegs. Eg har vorte meir medviten om korleis ein bør stå på ei scene, på kroppsspråk og på stemmebruk. Dette er fine verktøy og godt å ha med seg vidare, og kjem nok til nytte fleire gonger enn under desse fire minutta.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS