USA

For mykje «woke», for dårleg i matte. Trump med nye presidentordrar

Lærestader i USA kan få endra sine krav til akkreditering, med store følgjer for finansiering og tildeling av studielån og stipend for studentar.

President Donald Trump signerte nye presidentordrar onsdag, som ledd i å endre og ta styringa over høgare utdanning i USA. Til høgre står utdanningsminister Linda McMahon.

I det førebels siste grepet for å ta kontroll med lærestadene og endre høgare utdanning i USA har president Donald Trump signert to nye direktiv, såkalla presidentordrar.

Den eine av desse presidentordrane går ut på at organa som er ansvarleg for akkreditering og formell godkjenning av universitet og høgskular skal få endra kriterium for arbeidet sitt. Det melder Wall Street Journal, og fleire andre amerikanske medium.

I samband med signeringa av ordren klaga Trump over at «dei tar inn folk som ikkje kan matte», med klar adresse til eliteuniversiteta, med Harvard i spissen. Trump har frå før sagt at han vil halde tilbake finansiering på fleire milliardar dollar, dersom universiteta ikkje retter seg etter ei rekke inngripande krav frå Trump-regjeringa.

Harvard har erklært at dei ikkje vil akseptere dette, og har saksøkt styresmaktene.

«Woke-ideologi»

Ifølgje Trumps administrasjonssjef, Will Scharf, har akkrediteringspressen blitt for fokusert på «woke-ideologi».

— Den grunnleggande ideen vår er å tvinge akkrediteringa til å fokusere på merittar og dei faktiske resultata universiteta leverer, og ikkje etter kor woke desse universiteta er blitt, uttalte Scharf i samband med signeringa av presidentordren.

For å få tilgang til viktig finansiering må høgare utdanningsinstitusjonar gjennom ei formell godkjenning, eller akkreditering, som skal sikre at kvaliteten på forsking og undervisning er i tråd med etablerte standardar. Organa som utfører akkrediteringa blir godkjende av utdanningsdepartementet.

Utdanningsdepartementet bestemmer også på grunnlag av akkrediteringa til kva institusjonar studentar kan søke om lån og støtte til å ta utdanning.

«Svikta studentar»

Ifølgje eit såkalla faktaark frå Det kvite hus har «eit øydelagt akkrediteringssystem» ført til at «lågkvalitets-institusjonar har fått meir enn 100 milliardar dollar i årlege tildelingar til studielån og stipend», og at dei har «svikta studentar, familiar og amerikanske skattebetalar».

Ifølgje The New York Times har akkrediteringa lenge vore ei målskive for konservative republikanarar. 

I ein video frå 2023 var Trump inne på spørsmålet om akkreditering og kritiserte det han kalla «radikale, venstreorienterte akkreditørar som har latt våre lærestader bli dominerte av marxistiske galningar (maniacs and lunatics)».

Med ein annan presidentordre, som verkar å vere direkte retta mot Harvard, vil Trump utvide lova som seier at utdanningsinstitusjonane skal rapportere inn støtte og pengegåver utanfrå. Trump meiner Harvard har brote lova og ikkje gjort det dei skulle.

Harvard seier dei rutinemessig har rapportert inn denne informasjonen i årevis. 

Powered by Labrador CMS