Kan vi stanse klimaendringane? Nei, seier den amerikanske klimaforskaren Kate Marvel. — Men vi kan hindre dei verste konsekvensane. Foto: Njord V. Svendsen

NASA-forskar Marvel: Trur ikkje på skam i kampen for klima

Klima. Den profilerte klimaforskaren og spaltisten Kate Marvel prøver å redusere flyreisene sine. Men ho har meir tru på teknologi enn skam for å kutte klimagassutsleppa.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Trondheim (Khrono): — Eg prøver å kombinere reiser og redusere flyginga. Men det er mest fordi eg ikkje kan fordra å reise med fly, seier Kate Marvel.

Fakta

Kate Marvel

Klimaforskar ved Columbia University og NASA Goddard of Space Studies.

Har doktorgrad i teoretisk astrofysikk ved Cambridge University, post.doc. frå Stanford.

Arbeider med klimamodellar og observasjonsdata for å betre forstå tidlegare, samtidige og framtidige klimaendringar.

Fast spaltist i Scientific American. Co-host på The Anthropocinema podcast. Deltok på The Big Challenge Science Festival 2019.

Kjelde: Big Challenge/NTNU

Marvel, som nyleg gjesta vitskapsfestivalen Big Challenge i Trondheim, er klimaforskar ved NASA Goodard of Space Studies og Columbia University. Ho er ein ofte sitert ekspert i internasjonale media og har sin eigen spalte i det populærvitskapelege tidsskriftet Scientific American.

Ho har ei klar meining om at utsleppa frå flyreiser må ned. Ho er heller ikkje tvil om at universiteta har eit særskilt ansvar for å redusere sine eigne utslepp knytt til flyreiser. Ein svært høg del av klimagassutsleppa ved mange akademiske institusjonar skriv seg frå dei tilsette sine flyreiser. Ved Universitetet i Oslo utgjer dei til dømes 20 prosent.

Men å skamme seg har lite for seg, meiner Marvel. Tvert imot meiner ho det fører til ei «degenerering» av debatten.

Eg vil ikkje fortelje nokon på bygda i Texas, eller i Noreg, at dei ikkje kan køyre bil. Det finst ikkje ei pakkeløysing for alle

Kate Marvel

Skam skaper sinne

— Eg vil ikkje be folk skamme seg. Eg er slett ikkje eit perfekt menneske sjølv, og eg føler ikkje for å fortelje andre kva dei skal gjere. Eg trur heller ikkje det fungerer, folk går i forsvarsposisjon, seier Marvel.

Folk må få lov til å bestemme sjølv utifrå kor dei er og kven dei er, meiner klimaforskaren.

— Eg tenker at det er eit personleg val. Eg et ikkje kjøt, eg køyrer ikkje bil. Eg eg bur i New York og har offentleg transport og vegetarmat tilgjengeleg overalt. Men eg vil ikkje fortelje nokon på bygda i Texas, eller i Noreg, at dei ikkje kan køyre bil. Det finst ikkje ei pakkeløysing for alle.

Det skaper berre sinne, meiner Marvel.

Men ho ser gjerne at universiteta tenker nytt og reflekterer grundigare over kva slags reiser som er nødvendige.

— Forventninga om at du må flyge rundt til ein haug med seminar heile tida er ikkje særleg bra om du har familie, seier Marvel, som sjølv er mor til ein treåring.

— Vitskap er politikk

I staden for å fortelje folk at dei ikkje kan reise med fly, ønskjer Marvel heller at vi klarer å legge press på luftfartsindustrien:

— Vi treng meir energieffektive fly og drivstoff og investeringar for å elektrifisere luftfarten. Dette skjer ikkje utan at nokon krev at dette blir gjort. Når ein lever i eit demokrati er det aller viktigaste å organiserer seg og bruke stemmeretten for at et skal bli meir strukturelle endringar, seier Marvel.

Samstundes åtvarar ho mot å tru at teknologi er heile løysinga.

— Vi må ikkje la vere å gjere noko og tenke at teknologien uansett kjem til å redde oss. Eg vil ikkje undervurdere forskinga og innovasjonen som føregår, men dette er ikkje nok. Teknologi må ikkje bli ei unnskyldning for ikkje å handle, seier Marvel.

Klima er heller ikkje berre eit vitskapeleg spørsmål.

— Eg blir irritert når eg les overskrifter som «Klimaforskarar bekymra for global oppvarming». Alle bør bekymre seg for global oppvarming! Klima er ei politisk og sosial sak, det grip inn i så mange delar av liva vi lever, seier Marvel. Også forskarane er del av den politiske og sosiale røyndommen, understrekar Marvel.

— Du kan ikkje late som at vi ikkje er politiske. Det å seie at vitskapen ikkje er politisk, er i seg sjølv ei politisk utsegn.

Håpet om håp

Kan du gi oss litt håp for framtida?

Som klimaforskar er dette spørsmålet Kate Marvel får oftast.

— Som oftast seier eg ja, der er håp. Men det er berre fordi eg er optimist av natur. Det rette svaret er: Eg kan ikkje garantere at det kjem til å gå bra til slutt. Klimaendringane skjer, dei kjem ikkje til å stanse om vi så ikkje slepte ut meir CO2 frå og med i morgon. Det handlar om å avgrense kosekvenseane, seier Marvel.

Som altså ikkje er så interessert i å snakke om håp. Men ho har heller ikkje sansen for dommedagsretorikk.

— Det er mogleg å avgrense klimaendringane i betydeleg grad, vi må berre gjere det, og det trur eg vi kan. Tenk om klimaendringane kom av noko vi ikkje visste kva var. Tenk om temperaturen gjekk opp og havnivåa steig og vi ikkje hadde aning om kvifor. Men vi veit, og det gjer at vi kan gjere noko. I don’t think we’re doomed, seier Marvel – eg trur ikkje vi er fortapt.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS