Kortnytt

Fleire statsrådar til UiT

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne veka kjem både statsministeren, utanriksministeren og barne- og familieministeren til Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT). Bakgrunnen for besøket er den komande nordområdemeldinga.

UiT-rektor Anne Husebekk tek imot statsministeren denne veka.

Fredag kjem utanriksminister Ine Eriksen Søreide til Alta, der UiT saman med verksemder, næringsforeininga og politisk leiing i kommunen får koma med innspel til kva dei meiner er avgjerande for eit sterkt næringsliv, lokal verdiskaping og at menneske har lyst til å bu i nord.

Lørdag kjem statsminister Erna Solberg, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og Venstre-leiar Trine Skei Grande til Tromsø for å ha eit liknande møte. Der deltek UiT-rektor Anne Husebekk. Dette skriv UiT sjølv på sine nettsider. Fredag vert det òg arrangert eit møte i Harstad. Der deltek justisminister Monica Mæland. Frå UiT kjem viserektor Bård Borch Michalsen.

— Nordområda er Noreg sitt viktigaste strategiske og utanrikspolitiske interesseområde. Som den største kunnskapsinstitusjonen i nord, bidreg UiT til ei kunnskapsbasert utvikling, ikkje berre i regionen, men òg nasjonalt og internasjonalt, seier Husebekk i meldinga.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS