Ekspertutgreiing av NRK-lisensen
Rektor Roppen i Volda med i ekspertgruppe om NRK-lisens.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, er med i ei ekspertgruppe, utnemnt av regjeringa, som skal greie ut om alternativ for offentleg finansiering av NRK.
Ekspertgruppa skal leiast av Tore Olaf Rimmereid, som er direktør i E-CO og som mellom anna har bakgrunn som tidlegare direktør for administrasjon og finans i NRK. Gruppa skal levere rapporten sin 1. juli 2016, skriv hivolda.no.
– Sjølv om kringkastingsavgifta framleis fungerer, ser vi at lisensordninga har svakheiter. Den teknologiske utviklinga kan på sikt svekke inntektsgrunnlaget til NRK. Vi treng difor ein grundig vurdering av dei praktiske og økonomiske konsekvensane av ulike offentlege finansieringsmåtar, seier kulturminister Thorhild Widvey i ei pressemelding.
I tillegg til Roppen, som også er professor i journalistikk, og Rimmereid er Sissel Jensen (dr.oecon og førsteamanuensis ved Norges Handelshøyskole) og Bente Sollid Storehaug (CEO i ESV Digital AS) med i ekspertgruppa.
Her finn du mandatet til gruppa.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!