Kortnytt

Ein smitta student ved Høgskulen i Volda

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein student ved Høgskulen i Volda fekk onsdag stadfest covid-19-smitte.

Høgskulen skriv på nettsidene sine at smittekjelda er kjend, og at smitten kan knytast til smitteutbrotet mellom studentar i Bergen.

Studenten skal ha kome med buss frå Bergen til Volda sundag, og Volda kommune ber dei som var på same bussen om å ta kontakt for å få testa seg.

Studenten er isolert, og til saman 16 nærkontaktar i Volda og i Bergen er sette i karantene.

Ifylgje høgskulen har ikkje studenten vore med på fadderveka eller vore på førelesingar i Volda, og kommunen melder at dei har kontroll på situasjonen lokalt.

(Ragnhild Bjørge / Khrono)

Powered by Labrador CMS