til minne
Edit Margrete Blåsternes (1952 — 2024)
På Høgskulen kjende me henne som Edit, alltid klar til å diskutere sjukepleie og utdanning av sjukepleiarar. Edit arbeidde som sjukepleiar på Kvinneklinikken før ho blei lærar på Haukeland sykepleierskole i 1981. Ho tok hovudfag i sjukepleievitskap i 1997 med tema «Praktisk kunnskap i sykepleie».
Edit var tilsett ved sjukepleiarutdanninga i meir enn 40 år og har utdanna over 1000 sjukepleiarar. I 1999 var Edit med å starte desentralisert sjukepleiarutdanning, som ho leia og var tilknytt til ho blei pensjonist i 2022. Edit var medlem av og leia fagetisk råd i Norsk Sykepleierforbund frå 1998-2004, der ho moderniserte yrkesetiske retningslinjer og fekk inn ordet barmhjertighet.
Edit var høgt elska av studentar. Ho kunne namnet på dei fleste, visste kor mange barn dei hadde og kor dei jobba. Ho hadde kontaktar i kommunane i Hordaland og rekrutterte studentar som er sjukepleiarar med kompetanse, mot og hjartelag.
Oppveksten på ein heim for psykisk utviklingshemma på Askøy la grunnlag for Edit sitt menneskesyn. Dette skein gjennom i Edit si undervisning, og ho utfordra både studentar og kollega. Morgonkaffien på kontoret var «lærarskule» med samtale om ansvar, forplikting, skjønn og den etiske fordring. Edit var opptatt av sjukepleiefaget og dei nære ting i sjukepleie.
Døra til Edit var alltid open, ho var glad i å veileda studentar i praksis og skriving. For å bli ein god skrivar må ein lesa, sa ho, og hadde eit liberalt forhold til utlån av bøker frå hyllene på kontora på gangen. Trass i uavgrensa tid for dei som oppsøkte henne, hadde Edit det travelt på slutten av dagen når ho henta barnebarn i barnehagen. Familien var viktig og ho viste stolt fram det fargerike bildet av storfamilien ho hadde som skjermbakgrunn på jobb-pcen.
Det var med stor sorg me fekk bodskapen om at Edit døydde tysdag 5. mars. La oss føra vidare arven etter Edit og utdanna kloke, kunnskapsrike og modige sjukepleiarar som viser omsorg og barmhjertighet, tar ansvar og forpliktar seg for sårbare sjuke og hjelpetrengande menneske.
Kollegaer på Desentralisert sjukepleiarutdanning på Høgskulen på Vestlandet i Bergen.