Moralfilosofane vil ikkje moralisere over moralfilosofen Henrik Syses moralske forsvar for sin moralske praksis i forbindelse med Nicolai Tangens moralske seminar .

Den mykje omtalte luksusturen i regi av påtroppande oljefondsjef Nicolai Tangen, var også ein slags akademisk konferanse for venner og kjente, omtalt som Back to University.

Draumeseminaret

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Ikkje vil dei raljere heller, over Henrik Syses oppsummering i Khrono nyleg, der tema ikkje var privatfly, dyre konsertar og fancy hotell, men det i utgangspunktet hemmelege innhaldet på det akademiske programmet under den påtroppande oljefondsjefens kalas i Philadelphia.

— Meiner ikkje så mykje om. Er ikkje den rette til å meine.

Seier moralfilosofar i aust og vest og nord og sør når Khrono ringer og prøver å polarisere.

Å seie at dette er ein misjonerande eller kolonialistisk tenkemåte, er ikkje noko eg føler for å seie noko om.

Ole Martin Moen, professor i filosofi, OsloMet

Vi ringte ein etisk økonom også, i desperasjon, kanskje, men nei, han var «inhabil». Eit par filosofar borti Bergen løftar det litt, men det blir fort litt mykje pro i forhold til contra.

For å ta høgd for den teoretiske sjansen for at nokon har gått glipp av denne historia:

Ein hedgefond-milliardær frå Sørlandet, busett i London dei siste 20 åra, skal flytte heim for å bli sjef for oljefondet. VG avslørte at han, Nicolai Tangen, ei tid før han fekk jobben (utan å stå på offentleg søkarliste) hadde spandert luksusprivatfly, luksushotell, konsertar – ein heil liten festival med Sting, Gregory Porter og Sara Bareilles – og eit seminar. Etterpå har ingen snakka om noko anna. Blant dei inviterte var ein god gjeng frå det øvre samfunnssjikt (fleire av dei skal ha vore referansar då Tangen blei tilsett) for eksempel ein statsråd, ein avtroppande oljefondsjef, eit par mediebaronar og ein regjeringsadvokat – og moralfilosof Syse.

Henrik Syse er venn med oljefondsjef Nicolai Tangen, men også med dei m aller fattigaste her i verda, som kanskje ikkje har så lett for å forstå kva han og Nicolai pratar om .

Ifølgje ein e-post Syse sjølv har skrive til Khrono, etikaren, nobelkomitemedlem, Tangen-vennen, seniorforskaren, forfattaren, professoren, var seminaret i Philadelphia først og fremst – ikkje for deltakarane – men:

«… dei som ikkje var der».

Hallo?

Sysesaker

Syse fungerte, ifølgje seg sjølv, som ein slags akademisk toastmaster, som sydde det hemmelege programmet med intellektuelle superstjerner i hop, før alle fekk riste laus til innkjøpt konsert med Sting på kvelden.

Hemmeleg, var det altså, sidan det var sitat- og sosiale mediumforbod på arrangementet, eller munnkorg, eller Chatham House-reglar, eller kva metafor ein føretrekker. Det galdt visst både Sting og «drømmeseminaret», som er Tangens merkelapp på arrangementet på universitetet der han ein gong var student, Wharton Business School ved Universitet i Pennsylvania.

Modesty, propriety can lead to notoriety, song Sting til dei dansende vennene, ifølge eit videoklipp på ein Instagram-konto som blei sletta utan forklaring.

Dei seminaret ifølgje Syse var for, dei som ikkje var der, er ein god del, sidan det skal ha vore berre 130 inviterte. Men Syse forklarer at målgruppa trass alt var noko meir distinkt, og seminaret var for …

«… de fattigste av de fattige som Nicolai (Tangen red.merk.) støtter i flere flotte prosjekter i Afrika og Asia så de kan få ordentlig utdannelse … de som aldri har vært på en slik konferanse eller ville skjønne det som blir sagt der ….»

Altså, ærleg talt.

Då e-posten frå Syse til Khrono kom inn, var det ti år lange styrevervet hans i Tangens pengebinge alt kjent. Pengebingen er tilfeldigvis, eller ikkje, registrert på dei klimatisk framifrå, men etisk ufullkomne Cayman-øyane, notert på EUs svarteliste over skatteparadis .

I jantelandet blei Syse sjølvsagt grilla på svak varme i både radio, fjernsyn og aviser, der han kunne fortelje at han granskar seg sjølv intenst, meir enn nokon andre, altså inkludert norsk presse, eit stort indre tribunal verkar til å ha vore i sving, det lukta litt svidd, men Syses konklusjon er:

Kritikk er fint, men absolutt ingenting han har hatt fingrane i, i denne soga, fortener kritikk.

Filosofisk steikefeitt

Ok, så er det då alltid litt gneist borti Bergen, trass alt.

I ein kommentar i Bergens Tidende, signert filosof ved Universitetet i Bergen, David Chelsom Vogt, er grunnlagsmaterialet henta frå Henrik Syses bok frå 2009, «Måtehold i grådighetens tid». Der har han funne litt feitt til å steike Syse i:

«Hva skal vi egentlig mene om [...] styrtrike mennesker som inviterer like rike kjendiser på spektakulære fester på dyre hoteller?» Syses svar på eige spørsmål, skriv Vogt (og ja, og dette må tolkast som kritikk, i det minste ironi, om enn ikkje sokratisk) «kan sies å være like fremsynt»: «Jeg skal ikke her peke på enkeltpersoner og kalle dem vulgære».

— Det går an å seie som han seier, ja, seier Vogt på telefonen til Khrono. – At seminaret handla om fattigdom, dermed eit godt føremål. Men om han løftar blikket og ser det meir systemisk, ja, så er ei slik samling av den økonomiske og kulturelle overklassen problematisk.

Vogt seier han likte mykje av det Syse skreiv i boka der han no hentar steikefeitt. Men der Syse er ein moralfilosof som fokuserer på privat måtehald, det individuelle dydsmønsteret, er Vogt meir på struktur og kontekst.

Eigentleg er ikkje Vogt ute etter å kritisere Syse så innmari, per se, det er meir at han dukkar opp som eit ypparleg eksempel på ei samfunnsutvikling Vogt er opptatt av, der ei mektig gruppe trekker stigen opp og pakkar seg inn i ei boble, eller privatfly, og ikkje kan forstå kvifor folk er kritiske når dei rike gir pengar til fine ting og vil hjelpe dei fattige, eller i Vogts kronikkformulering: «… at vi har beveget oss bort frå den likhetstanken og det måteholdet som har kjennetegnet Norge, og som Syse i sin bok advarer oss mot å gi opp».

— Det er ei spenning som går igjen i filosofien: i kva grad ein skal bygge på det privatmoralske, der ein isolert vurderer kor god eller rettferdig ei handling er – eller på rettferda i dei politiske og sosiale strukturane. Isolert sett kan for eksempel eit fond som er registrert i eit skatteparadis bidra i kampen mot fattigdom, men på eit strukturelt plan er skatteparadis svært uetiske, seier Vogt.

Han foreslår at vi snakkar med andre filosofar som kanskje har meir på hjartet.

Mellom barken og havet

Seinare skal minst to filosofar foreslå at vi heller snakkar med filosof Espen Gamlund, som er kollega med Vogt i Bergen. Men ingen foreslår etikkgruppa i Tromsø, så vi prøver der først.

Den første vi prøver er dessverre sjukmeld med eit ikkje heilt ukjent virus i kroppen, og kan ikkje involvere seg, sjølv om han gir uttrykk for at dette kunne det vere interessant å seie noko om. Prøv førsteamanuensis Matthias S. Sagdahl, foreslår han. Sagdahl seier han ikkje har sett seg inn i dette, og ikkje har lyst til å seie noko.

Eg ser ikkje at Syse har gjort noko spesielt gale.

Siri Granum Carson, førsteamanuensis i filosofi og havromdirektør

På tur sør igjen stansar vi i Trondheim. Etter litt famling rundt på filosofisk institutt der det er klare teikn til at Syse kunne ha blitt ein syrleg snakkis i lunsjpausen, om lunsjpausen eksisterte, blir Siri Granum Carson foreslått. Ho er i utgangspunktet førsteamanuensis på program for anvendt etikk på Institutt for filosofi og religionsvitskap ved NTNU – men no på fulltid som direktør for universitetets store havromsatsing.

NRK har alt tatt kontakt for å snakke om Syse, seier ho. Ho har eigentleg bestemt seg for ikkje å snakke om det. Men ho er ikkje vanskeleg, så ok, ho kan prøve å svare på spørsmål, så vi spør kva ho tenker om at draumeseminaret skulle vere rigga for dei fattigaste av dei fattige.

— Det er flott at dei diskuterer fattigdom på eit seminar. Det er flott dersom dei inviterer folk som har noko å bidra med. Men nja, å snakke om kva fattigfolk eller ikkje skal skjøne, kan vere ei uheldig formulering. Men skal ein hjelpe fattige å få utdanning, så er det flott at ein diskuterer med eit nettverk korleis det kan gjerast på beste måte, seier Carson.

— Kva tenker du om at det ikkje er ope, Chatham House-reglane og dette?

— Om NTNU skulle hatt konferanse, ville vi ikkje brukt Chatham House-reglar. Det verkar litt rart, så lenge det ikkje er eit privat arrangement. Men det er litt vanskeleg å få tak på kva slags arrangement dette har vore. I utgangspunktet er det ein rik mann som vil diskutere med vennene sine, slik sett er det ikkje så veldig oppsiktsvekkande. Nei, eg har ikkje så sterke meiningar …

— Syse seier han granskar seg sjølv meir enn nokon, er det typisk for moralfilosofar?

— Hehe. Ein bør jo helst det, kanskje moralfilosofar meir enn andre.

— Er det fordi du har fått ein strategisk viktig posisjon på NTNU at du no er ein forsiktig moralfilosof?

— For å vere heilt ærleg så handlar det om at eg prøver å stokke rollene mine her. Når jobben min er å fronte havrom på NTNU, er ikkje dette (kritisere Syse og rikingar, red.tolkn.) ei sak eg har noko behov for å uttale meg om, særleg fordi eg ikkje har så sterke meiningar. Eg ser ikkje at Syse har gjort noko spesielt gale. Men … det er ingenting med min posisjon ved NTNU som hindrar meg i å vere kritisk, verken i denne eller i andre saker.

— Ville du reist på eit sånt seminar?

— Det kjem an på. I utgangspunktet tenkjer eg ikkje at det er noko eg prinsipielt måtte ha svart nei til, men eg skulle hatt gode grunnar til å stille opp og bruke tid på det. Så måtte ein ha vurdert … privatfly og alt dette …

Carson foreslår Gamlund i Bergen, eller moralfilosof Ole Martin Moen på OsloMet, kanskje han har meir på hjartet, og vi noterer, men kjem på at vi har gløymt Einar Øvrenget. Filosofiprofessoren ved Høgskolen i Innlandet er truleg den mest profilerte etikaren og filosofen i heile kongeriket, i alle fall før Syse reiste til Philadelphia.

Kanskje avstand er bra

Han tar telefonen, er ute med hunden, men kan snakke og ja, eller nei, historia om turen til Philadelphia og seminaret har han ikkje kunna unngått å få med seg.

— Og …?

— Eg har pålagt meg sjølv å vente til støvet har lagt seg før eg meiner noko. Det er eit greitt vitskapeleg prinsipp.

Det er det Øvrenget har å seie om det han ikkje har å seie. Han skal i tenkeboksen, noko som ikkje er heilt uvanleg for filosofar.

Han foreslår Øyvind Kvalnes.

Mykje psykologi viser at det skal lite til før vi føler at vi må gjengjelde ei teneste for ikkje skape ubalanse i relasjonen.

Øyvind Kvalnes, førsteamanuensis, BI

Kvalnes er førsteamanuensis og filosof på BI, tilsett ved Institutt for leiing og organisasjon, les vi på heimesidene. Han har blant anna førstehjelp i etikk i sin kurskatalog.

— Det kan vere bra å få det på litt avstand før ein går bombastisk ut. Og dersom dette handlar om Syse …, opnar Kvalnes.

Kvalnes seier han har kjent Syse i 25 år. Dei var stipendiatar saman.

— Vil du ikkje kritisere han fordi han er ein venn?

— Hm. Eg treng litt avstand.

— Kunne du ha deltatt sjølv, om du fekk invitasjon?

— Eg ville vore skeptisk. Det finst mykje kunnskap om kva som skaper bindingar mellom menneske. Det at nokon er spandable i ein slik kontekst, sjølv om den spandable ikkje nødvendigvis ikkje har ein plan med det, skaper bindingar og takknemlegheitsgjeld. Det er ganske allment. Mykje psykologi viser at det skal lite til før vi føler at vi må gjengjelde ei teneste for ikkje skape ubalanse i relasjonen, seier Kvalnes.

Avstanden minkar allereie litt medan vi snakkar, spiren til ein relasjon, kanskje.

— Det var sikkert eit fagleg spennande program. Men det er uvanleg å møtes i slike luksusrammer, seier Kvalnes.

— Kva med hemmeleghaldet, Chatham House Rules?

— Det er motsett av det ein akademisk konferanse skal vere, der openheit er grunnlaget. Vi lever i ei tid med kunnskapsdeling, desse reglane verkar gammalmodige og lite oppjustert for tida vi lever i. Men at folk diskuterer utan at alle skal høyre på, kan eg forstå.

Berre ikkje Sting

Har professor Ole Martin Moen på OsloMet meir på hjartet, slik vi kunne få inntrykk av på NTNU?

Moen resonnerer seg kjapt fram, kva er etablerte normer, kva er utanfor, kva har hendt, normene for det som har hendt, korleis skal ein vurdere Tangen og forholdet til investeringsfond utland, det å komme med ei meining i saka …

— … føler eg meg ikkje kvalifisert til, seier moralfilosof Moen.

— Eg ser det kan vere lett å reagere på dette om ein vil, seier Moen på spørsmål om dette fattigdomsfokuset til Syse som Khrono har hengt seg opp i. – Men å seie at dette er ein misjonerande eller kolonialistisk tenkemåte, er ikkje noko eg føler for å seie noko om.

Også Moen kjem med eit par forslag til andre filosofar som kanskje meiner eitt eller anna, ein av dei med økonomikompetanse, men no har vi fått dårleg tid.

Det er på tide å ringe Svendsen, Lars Fr. H., også han bergensbasert filosof og professor som alltid leverer når enkle journalistar ringer i beit etter ein one-liner.

Hypotetisk, kanskje, det verkar som han ikkje er hundre prosent sikker på det,— dersom han skulle bli invitert på eit slikt draumeseminar som vi snakkar om, hadde han takka ja?

— Dersom eg hadde sloppe å vere på Sting-konserten, kunne det ha vore freistande, seier Svendsen.

Sånn, så var det levert.

Dersom eg hadde sloppe å vere på Sting-konserten, kunne det ha vore freistande.

Svendsen, Lars Fr. H. professor i filosofi, Universitetet i Bergen

Via nokre refleksjonar rundt omgrepet elite, som Svendsen meiner er blitt vanskeleg å bruke etter at «ekstreme populistar» som Vedum og Listhaug har øydelagt det, i alle fall for ei stund framover, konkluderer Svendsen med at han ikkje har noko han skulle ha sagt om Syse verken den eine eller andre vegen, og prinsipielt har han ikkje noko imot å vere med på seminar, og han ville vurdert Tangen-tur om han fekk ein invitasjon.

— Men eg reiser ikkje på konferansar utan at eg skal halde foredrag sjølv. Det er eit pragmatisk val for å halde reisinga nede.

Svendsen foreslår at vi heller snakkar med kollega Espen Gamlund.

Det professor Gamlund meiner

For å få han på gli, les vi opp dette vi no så fullstendig har hengt oss opp i, Syses forklaring om at alt først og fremst var gjort for dei fattigaste av dei fattige, dei som ikkje har pipling på kva seminardeltakarane snakkar om når dei snakkar om fattigdom eller løyser verdsproblem over ein øl på luksushotellet etter Sting-konsertar.

— Ja, eg stussar over formuleringa, seier Gamlund.

— Det er ikkje noko gale i å arrangere konferansar om fattigdom og kva ein skal gjere med det, det har ein gjort i mange tiår, det er viktig nok. Det er også vanleg at filosofar er med på slike konferansar fordi de har mykje interessant å seie om denne problemstillinga.

Det knakar litt i telefonen, Gamlund tenker.

Om det ikkje strider mot eit etisk regelverk å la seg sponse på denne måten, så strid det mot normalt godt skjønn og kva som sømer seg

Espen Gamlund, professor i filosofi, Universitetet i Bergen

— Men er siktemålet eigentleg å diskutere korleis ein skal hjelpe verdas fattige, eller er det vikarierande motiv her, for eksempel at Tangen skal samle venner og kjende til ein storslegen akademisk fest? Det spørsmålet snik seg inn her. Ressursbruken står uansett ikkje heilt i stil med det som er normalt i sånne samanhengar. Det er ein asymmetri mellom alle desse som er flogne inn i privatfly og det ein tilsynelatande skal diskutere, altså dei fattige i verda – det blir himmelvid avstand og ikkje unaturleg at folk reagerer. Dette er blåst ut av alle proporsjonar, med artistar i millionklassen og privatfly, som vi ikkje er vande med i akademiske samanhengar. Det reiser også spørsmål om gåver eller sponsing, som for alt eg veit strider mot eit eller anna regelverk. Om det ikkje strider mot eit etisk regelverk å la seg sponse på denne måten, så strid det mot normalt godt skjønn og kva som sømer seg, seier Gamlund.

Hemmeleghaldet hjelper ikkje akkurat på, meiner Gamlund.

— Det svekker om ikkje anna legitimiteten til konferansen.

Flisespikkeri: Ein sluttmerknad

Eit meir vellykka og etisk pertentleg forsøk på å få andre moralfilosofar til å tyne moralfilosofen Syse skulle ha medført rett til samtidig imøtegåing og slikt, for eksempel på e-post.

Uansett har artikkelforfattaren granska seg sjølv og funne ut at det ikkje er nødvendig i dette tilfellet. Han kan forsikre om at varsellampane går tidleg. Han granskar seg sjølv.

Samstundes må vi, som Syse uttrykte det i samsvar med Jesus i morgonandakta på radioen for eit års tid sidan, «aldri glemme faren for at vi så lett ser flisen i den annens øye, men ikke bjelken i vårt eget (…) uten tvil et av Bibelens mest slående uttrykk».

Powered by Labrador CMS