Rektor Berit Rokne og Høgskulen på Vestlandet har med snart fire godkjende doktorgradsprogram tatt eit langt steg på vegen mot universitetsakkreditering. Foto: Siri Øverland Eriksen

Høgskulen på Vestlandet (nesten) klar for å søke universitetsstatus

Universitetsambisjon. Høgskulen på Vestlandet fekk godkjend sitt tredje og fjerde doktorgradprogram av Nokut onsdag. — Ein god effekt av fusjonen og ein viktig milestolpe, seier ein nøgd rektor, Berit Rokne.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen) har i dag akkreditert PhD-studiet «Helse, funksjon og deltagelse» ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Med dette har høgskulen tre doktorgradprogram.

Nokut ga óg høgskulen tilsegn om akkreditering for Phd.-studiet «Responsible Innovation and Regional Development».

Høgskulen har gjennom søknaden og ved institusjonsbesøk lagt fram planar om to gode og ambisiøse doktorgradprogram.

Terje Mørland

Rektor Berit Rokne er godt nøgd:

— Eg synest dette er heilt fantastisk. Det er ein viktig milestolpe for HVL-fusjonen når søknader jobba ut av folk som jobbar med dei same faga på ulike studiestader blir akkrediterte av Nokut. Eit godt tverrfagleg samarbeid mellom ulike delar av den nye høgskulen, sier ho, og legg til:

— Først eitt fullt godkjend og tilsegn for det andre, som eg er veldig optimistisk for å klare å innfri! Dette er heilt fantastisk og betyr mykje.

Grunnlag for å søke akkreditering

— Er de klare for å bli universitet no?

— Dette er grunnlaget. Fire doktorgradar som vi styrer på eigne vegner er det vi må ligge til grunn, så vi står klare. No vil vi jobbe vidare systematisk for å tilfredsstille dei andre kriteria òg, svarar Rokne, utan at ho vil seie noko tidspunkt for når søknaden om universitetsakkreditering vil bli levert til Nokut.

— Men ikkje minst vil eg understreke at dette er noko som fagmiljø på fleire fakultet har jobba saman om, med god støtte frå forskingsadministrativ avdeling.

Nokut-direktør Terje Mørland gratulerer høgskulen og Berit Rokne.

— Vi gratulerer Høgskulen på Vestlandet med nytt doktorgradprogram og tilsegn om eit anna, seier Mørland i ei pressemelding, og legg til:

— Høgskulen har gjennom søknaden og ved institusjonsbesøk lagt fram planar om to gode og ambisiøse doktorgradprogram.

Data og danning og didaktikk frå før

Phd.-studiet «Responsible Innovation and Regional Development» fekk tilsegn om akkreditering, sjølv om det akkurat no ikkje oppfyller krava om akkreditering.

— Den forskningskompetansen fagmiljøet har er ikkje dekkande for alle delar av programmet. Dei planlagde tilsettingane av professorar er tilstrekkeleg for å oppfylle alle krava for akkreditering. Vi har derfor valt å gi tilsegn no, seier Mørland.

HVL har frå før to akkrediterte doktorgradsprogram. Eit i datateknologi og eit i danning og didaktiske praksisar.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS