Volda-studenten trefte vaieren i kabelbanen, og fall deretter ned. Foto: Blak-ah
Volda-studenten trefte vaieren i kabelbanen, og fall deretter ned. Foto: Blak-ah

Voldastudent omkom i ulukke i Loen

Det var 20 år gamle Astri Brandal Reynolds som omkom søndag i ei luftsportsulukke i Loen.

Publisert   Sist oppdatert

Kvinna studerte idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda, men speedglider-flyginga i Loen skjedde i privat regi.

— Vi har ikkje luftsport som tilbod ved denne linja, seier vikarierande høgskuledirektør Per Halse til VG.

Høgskuleleiinga i Volda har saman med kommunen samla søndag dei andre studentane for å snakke om dødsulukka, og på mandag blei det arrangert minnestund.

Loen Skylift har blitt svært populær blant luftsportsutøvarar, og staden passar godt for paragliding og dei litt mindre og hurtigare speedglider-skjermane.

Reynolds hadde nett flydd ut med speedglideren sin då skjermen traff kabelen til gondolbanen. Kvinna fall deretter 60-70 meter og traff ei fjellhylle. Då redningsmannskapa tok seg fram til kvinna var ho død.

Sidan gondolbana opna er det gjennomført 7000 flyturar på staden.