Kortnytt

Digital start etter påske ved UiS

Publisert

Universitetet i Stavanger (UiS) har i dag informert studentar og tilsette om at undervisninga blir digital første veka etter påske, veke 14 som er frå tirsdag 6. april til fredag 9. april.

Det opplyser universitetet til Khrono.

Årsaka er at smittesituasjonen i Stavanger-regionen er svært ustabil, og at regjeringa anbefaler å gjennomføre undervisninga digital der det er mogleg.

Det kan bli gjort unntak for studentar som treng tilgang til laboratorium, utstyr, instrument og øvingslokale, opplyser universitetet.

Dei som treng denne typen tilgang vert bedne om å halde seg oppdaterte på læringsplattformen Canvas.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS