sommar i khrono
Det vert viktig å lukkast i omstilling og innovasjonsarbeid framover
Endringane i dei globale maktforholda vil endra vilkåra for kunnskapssamarbeid, og gje både etiske og sikkerheitsrelaterte utfordringar, meiner prorektor Gro Anita Fonnes Flaten.
— Kva er det viktigaste du har gjort dette studieåret?
— Det er sjølvsagt svært vanskeleg å framheve ei sak ettersom studieåret har vore travelt og vi ved Høgskulen på Vestlandet tek mange grep gjennom eit år. Dersom eg likevel skulle velje ut nokre område ville eg vektlegge arbeidet med HVL sitt universitetsprosjekt. For dei aller fleste praktiske formål er HVL allereie eit universitet, men akkrediteringa av institusjonen er sentral. Dette arbeidet omfattar mellom anna vidare utvikling av doktorgradsutdanningane ved HVL og auka omfang og kvalitet i forskingsaktiviteten. Om eg tillegg skulle ta fram noko meir konkret ville eg nemne det omfattande merksemda vi har på utvikling av det internasjonale perspektivet både i forsking og utdanningsverksemda.
— Kor mykje er du på heimekontor no etter pandemien?
— Eg har ein svært variert arbeidskvardag og få dagar er like. Eg arbeider gjerne frå eit av HVL sine campus, men like ofte tek arbeidet med til ein samarbeidspartnar, dette set preg også på arbeidsdagen. Det hender at eg arbeider frå heimekontoret, men eg trivst aller best saman med andre.
— Kva er dei største utfordringane i akademia framover, slik du ser det?
— Eg tenker at vi må sikre at akademia bidrar på aller beste måte for å nå FN sine berekraftsmål og bidreg til omstillinga som vi er midt i for å stoppe og minske effektane av klimaendringane. HVL er sentralt plassert på Vestlandet og arbeider tett med både offentleg sektor, industri og næringslivet i vår region. Vestlandet er Noregs største eksportregion og det er svært viktig at vi lukkast i omstillinga og innovasjonsarbeidet som no pågår. Dersom eg skulle løfte fram eit anna område ville eg ta fram samtalen om ansvarleg internasjonalisering. Internasjonalt samarbeid er avgjerande for aktiviteten i universitet og høgskular. Dei globale maktforholda i verda er i endring og vi opplever endra vilkår for kunnskapssamarbeid, både etiske og sikkerheitsrelaterte utfordringar.
— Kva var det første du ville ha gjort om du var forskings- og høgare utdanningsminister for ein dag?
— Godt spørsmål, dette må jo vere draumejobben. Eg tenker eg ville ha brukt tida mi på å sikre at norsk akademia på aller beste måte bidreg til å løyse samfunnsutfordringane vi står midt i. Akademia har heilt sentrale oppgåver i arbeidet med å nå FN sine berekraftsmål innan 2030.
— Kva skal du gjera sommar?
— Denne sommaren skal eg tilbringe saman med vener og familie, både den nære familien og storfamilien. Dette betyr at det vert reiser både på Vestlandet og til Valdres. Det vert også familiebesøk i Sør-Europa. Eg håpar å få tid til strandliv, besøke vakre gamle byar og til fotturar i den norske fjellheimen.