studiestart

Det er fem dagar til semesterstart. Medisin-studentane treffest allereie no

300 ferske medisin-og odontologistudentar skal treffa kvarandre digitalt fleire dagar før dei møter fysisk på campus.

Neste veke kjem tusenvis av ferske studentar til norske universitet og høgskular for første gong. Mange av dei er naturleg nok svært spente.
Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Det viktigaste er at kvar enkelt student vert sett og er trygg.

Det er viktig å seia noko feil, seier medisinprofessor Edvin Schei.

Det seier medisinprofessor ved Universitetet i Bergen (UiB), Edvin Schei. Når Khrono snakkar med han torsdag føremiddag er han i ferd med å planlegga det som skal skje same ettermiddag: Dei 300 ferske medisin- og odontologistudentane skal treffast til eit digitalt møte på zoom. Der skal dei få felles informasjon, men kanskje viktigast: Treffast i mindre grupper. Dette skjer altså fleire dagar før dei første gong skal treffast fysisk på campus.

Ikkje stivt, høgtideleg og livsfarleg

— Utgangspunktet for ideen var at me kjende kor forvirra me var sjølve, seier Schei.

På grunn av smittevern og avstandsreglar kan ikkje Det medisinske fakultetet samla meir enn 50-60 studentar i auditorium samstundes. Schei veit at spørsmåla er mange, og peikar på kor viktig det psykososiale er for både utdanning og danning.

— Folk må ha det godt med seg sjølve for å kunne gi noko til pasientane, seier Schei.

Han fortel at det har vorte jobba med ein ny studieplan for medisin, og at tida der ein sa at «Hallo, de er kremen av norsk ungdom. Klokka 14 begynner me med kjemi» er forbi. På oppstartmøtet vil dei både få litt informasjon, svara på ei uhøgtideleg spørjeundersøking og viktigast: Verta delt inn i mindre grupper.

— Me ønskjer å visa at universitetet ikkje er stivt, høgtideleg og livsfarleg. Me skal kunne leika, le og seia noko feil, understrekar Schei.

Fagleg og sosialt

Schei skal vera med på møtet saman med medisinprofessor Anne Berit Guttormsen og fire studentar. Ein av dei er Danielle-Arlene Bendiksen. Ho leier fadderstyret ved Det medisinske fakultetet.

Kjekt å få treffa dei ferske studentane allereie no, seier fadderstyreleiar Danielle-Arlene Bendiksen.

— Eg synest eit slikt møte er ein fin ting i ei tid med mykje usikkerheit. Kva studentrolla vil innebera framover er jo noko av det som ikkje er heilt klart, seier Bendiksen.

Ho skryt av samarbeidet fadderstyret har hatt med fakultetet, og seier at den første veka vil vera ein kombinasjon av faglege og sosiale arrangement.

— Me ønskjer at studentane skal vera med på begge deler, og me ønskjer å visa at dei ikkje er åleine. Det er nok lettare for dei å slå av ein prat ved studiestart når dei allereie no treffer kvarandre, seier Bendiksen.

Sjølv kjende ho ingen førsteårsstudentar då ho kom til UiB som medisinstudent i fjor. Då Schei begynte å studera medisin i 1977, kjende han berre ein annan.

— Studentane er stinne av kjensler når dei kjem til universitetet. Men det er viktig å hugsa at den ved sidan av deg er akkurat like spent som deg, seier professoren.

Digitale kohortar

UiB har delt alle ferske studentar inn i digitale grupper, eller kohortar. Dette var noko ein hadde tenkt på allereie før koronautbrotet, fortel viserektor for utdanning Oddrun Samdal.

— Me ville legga til rette for at dei skulle verta kjent digitalt, og deler studentane inn i grupper på 25-30. Desse gruppene vert då faddergrupper ved studiestart, og så semestergrupper etterkvart, seier Samdal.

Ho seier det varierer frå fakultet til fakultet om ein legg opp til digitale treff for studentane før studiestart.

(Khrono gjer merksam på at Edvin Schei er i nær familie med Khrono-journalist Amanda Schei. Ho har ikkje vore involvert i arbeidet med denne saka.)

Powered by Labrador CMS