Vitskapshistorie
Vitskapen har blitt brukt til å forsvare kolonialisme, slaveri, fornorsking og folkemord. — Ein arv vi må forholde oss til, seier Jon Kyllingstad.

«Deres iøinefaldende mindreverdighet»
— At folk kan delast inn i biologisk distinkte grupper, basert på ytre kjenneteikn eller biologisk skilnader er ein tenkemåte som har henta mykje legitimitet frå vitskapen, seier Jon Røyne Kyllingstad.
Med boka «Rase», som er ute i desse dagar, har historikaren gitt plass til ein del av vitskapshistoria som truleg er meir omfattande enn dei fleste er kjende med eller ønskjer å ta inn over seg. Som vitskapeleg omgrep har rase opphav i fysisk antropologi, som har studert mennesket si evolusjonshistorie.
— I denne disiplinen har rase vore det sentrale omgrepet frå starten av 1800-talet og fram til ei god stund etter andre verdskrigen. Faget, og rase, er altså langt frå marginalt i vitskapshistoria, og har påverka mange andre fagområde, som psykologi, genetikk, språkforsking og historie, seier Kyllingstad.
Historia om raseforskinga dukkar ofte opp i meir fragmentariske former i våre dagar, for eksempel i dei betente diskusjonane om rasisme og avkolonisering akademia. Dei vil Kyllingstad helst ikkje gå for djupt inn i.
—
Men ..
Og noreg??
Mellomtittel
a
Nyeste artikler
Man blir ikke nødvendigvis klok av erfaring
Mener egnethetstest kan være til fare for pasienter
Mangfold-forskeren skulle til Norge. Trump-administrasjonen sa nei
Vi skal ikke ta pengene dine, Stølen!
Og bare fagskoleutdanning er fagskoleutdanning
Mest lest
Rapport: Nord universitet skulle aldri godkjent turen som endte med dødsfall
Opprykk tilbake til start
Opprykksaka: Nektar å opplyse kven som stod bak anonymt notat
Trekker flere studier fra høstens opptak
Over 3000 studenter tatt for fusk på fem år. Her ble flest tatt