6 av dei hittil 8 tilsette i toppleiinga ved Høgskulen på Vestlandet er kvinner. Foto: Ingvild Festervoll Melien

Fire nye dekanar på Høgskulen på Vestlandet

Fire nye toppstillingar ved Høgskulen på Vestlandet er i boks. Dekanane som skal leie kvar sitt fakultet blei tilsett torsdag. Det er framleis sterkt kvinneoverskot i leiargruppa.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Torsdag tilsette styret ved Høgskulen på Vestlandet dekanane som skal leia dei fire nye fakulteta ved høgskulen, skriv På Høyden. Desse er: 

  • Fakultetet for helse- og sosialfag:
  • Randi Skår – i dag dekan på Avdeling for helsefag ved campus Førde
  • Fakultetet for øk.-administrative fag, nautikk og samfunnsfag:
  • Anne Isabelle Robbestad – ho er i dag dekan Avdeling for tekn., øk. og maritime fag ved campus Haugesund
  • Fakultetet for lærarutdanningane, idrett og kulturfag:
  • Asle Holthe – han er i dag dekan på Avdeling for lærarutdanning ved campus Bergen
  • Fakultetet for ingeniør- og naturfag:
  • Geir Anton Johansen – i dag dekan på Avdeling for ingeniør- og økonomifag ved campus Bergen

Dei nye namna på fakulteta blir endeleg vedteke på styremøtet i juni.

– Ei spennande stilling

Geir Anton Johansen søkte også på rektorjobben ved Høgskulen på Vestlandet, og var med i finalerunden, men nådde ikkje heilt opp. 

Me har gjerne litt ulike kulturar, og det er store geografiske avstandar mellom dei ulike studiestadane. Men det ligg òg mange moglegheiter med koplingar mellom fagmiljø som før ikkje har jobba saman.

Geir Anton Johansen

Johansen er godt fornøgd med at han har fått dekanjobben på Fakultetet for ingeniør- og naturfag frå hausten av. 

— Eg er veldig glad for å ha fått jobben. Eg synest det er ei spennande og utfordrande stilling som eg gler meg til å ta fatt på.

— Kva blir dei største utfordringane framover?

– Me har gjerne litt ulike kulturar, og det er store geografiske avstandar mellom dei ulike studiestadane. Men det ligg òg mange moglegheiter med koplingar mellom fagmiljø som før ikkje har jobba saman, seier Johansen. 

– Har jobba ein del på tvers allereie

Randi Skår seier ho vil gjera sitt beste for å bygga eit god helse- og sosialfagleg miljø på høgskulen.

— På helse og sosial har me hatt ein prosess og jobba ein del på tvers allereie, så eg synest me er i ferd med å finna eit fellesskap som me må bygga vidare på. Mange kjenner kvarandre frå før også, så me er ikkje så nye for kvarandre, seier Skår, og legg til: 

– Me er midt i arbeidet med organisering og prøver å finna modellar som skal sørga for at me samlar dette best mogleg. Me må tenka at me skal klara dette på tross av at me er geografisk spreidde og har store avstandar. 

Vil jobba for gode prosessar

Anne Isabelle Robbestad har fått jobben med å leia det minste fakultetet på høgskulen, som skal samla økonomi, administrasjon, nautikk og samfunnsfag under eitt. 

— Eg har min bakgrunn frå øk.adm, og vore studieleiar i ein del år. Eg kjenner godt Sogndal og bergensmiljøet, og som dekan kjenner eg godt øk.adm- og nautikkmiljøet i Haugesund. Eg må berre gjera meg betre kjent med samfunnsfagmiljøet i Sogndal. Dei fagfolka eg kjenner er flinke og rause folk, så eg gledar meg veldig. Eg skal prøva å få til gode prosessar i dei tidsrammene me har, seier Robbestad. 

Styret skulle eigentleg også  tilsetta to direktørar på styremøtet torsdag, men saka er utsett til neste styremøte i juni. Då blir namna på dei fire fakulteta også endeleg vedteke. 

Med torsdagens tilsetting av to kvinner og to menn er det framleis sterk overvekt av kvinner i leiargruppa til rektor Berit Rokne på Høgskulen på Vestlandet. 

Sterk kvinnedominans

På det forrige styremøtet tilsette styret tre prorektorar, og alle tre var kvinner. 

Bjørg Kristin Selvik, Liv Reidun Grimstvedt og Gro Anita Fonnes Flaten er frå hausten prorektorar for høvesvis utdanning, samhandling og forsking.

Prorektorjobbane blei lyste ut internt først, og styret var så nøgde med søkarane at dei valde å ikkje lyse ut stillingane eksternt. 

Og resultatet blei altså ei rein kvinneleiing. 

— Dette er noe vi har diskutert før avgjerda. Om det hadde vore motsett, med kun menn i leiinga, så ville vi hatt store problem med det. Men no tek vi det som eit positivt uttrykk for at vi har veldig mange gode kvinner på høgskulen, sa styreleiar Arvid Hallén til På Høyden den gongen. 

Dei tre skal ha ansvar for kvar sin region, i tillegg til dei tre fagområda. 

Les også: Reint kvinnerektorat på Høgskulen på Vestlandet

Då Khrono i mars i år gjekk igjennom landets leiargrupper i høgare utdanning, kom dagens leiing på Høgskulen på Vestlandet ut med dei som hadde best kjønnsbalanse og fordeling 50/50 mellom kvinner og menn. Kor mange det blir i neste periode vil direktørtilsettingane i neste møte avgjere. 

Les også: Høgskulen på Vestlandet har best kjønnsbalanse

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS