No kan forskarane analysera liva våre utan å søkja
Pris. NSD sitt nye sjølvbetente register gjer at forskarane slepp å søkja for å få datatilgang. — Microdata er ei gullgruve for masterstudentar, seier stipendiat Jannike Gottschalk Ballo. No har nyvinninga fått personvernpris frå Datatilsynet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Me nordmenn er eit gjennomregistrert folkeferd. Kort sagt kan ein seia at det startar med medisinsk fødselsregister, og det siste som vert registrert om oss er dødsårsakregisteret.
Det seier Ørnulf Risnes. Han er avdelingsdirektør for IT og utvikling hos Norsk senter for forskingsdata (NSD) i Bergen, og har vore utviklingsleiar for det nye microdata.no.
Men det er viktig å tenkja på at dette ikkje er noko som kjem i staden for noko anna – det er eit supplement. Ein vil framleis kunne søkja på heilt vanleg måte.
Der forskarane før måtte bruka fleire månader og mykje pengar på å få tak i dei dataa dei treng, kan dei no få tilgang til data – heilt utan å søkja.
Balansekunst
Nyleg fekk microdata.no prisen «Innebygd personvern i praksis». Prisen vart delt ut av Datatilsynet, og noko av det NSD fekk, var eit kunstverk med namnet «Balansekunst». Eit passande namn, synest Risnes.
NSD og Statistisk sentralbyrå (SSB) har samarbeidd i nærare 40 år. NSD har godkjent bruk av forskingsdata, og SSB har funne fram dei aktuelle dataa.
— Me stilte oss spørsmålet «kva om ein kan jobba med data utan å sitja på dei sjølve?», seier Risnes.
Og det er det ein gjer med microdata. Ein får ikkje ut data på individnivå. Men ein slepp å søkja om noko som helst, dataa er tilgjengelege på microdata.no.
— Tala er forbundne med litt usikkerheit. Ikkje så mykje at det påverkar resultatet, men så mykje at personvernet er sikra. Ein kan mellom anna få vita at det i ein aktuell kommune er mellom fem og ti menn som det siste året har mottatt ein gitt stønad, men ein får ikkje vita om det er sju eller ni. Me balanserer mellom personvern og rette resultat, seier Risnes.
Fleire variablar kjem
Førebels kan ein nytta 124 variablar, men planen er at det skal leggast inn langt fleire. Microdata-prosjektet har vore støtta av Forskingsrådet, og no har Risnes og kollegaene hans søkt om meir pengar for å kunne vidareutvikla prosjektet.
— Me trur nok at microdata kanskje først og fremst er noko dei yngre forskarane kjem til å verta trekt mot. Det er billege data, institusjonane betaler abonnement. Men microdata kan brukast av alle forskarar, både dei etablerte så vel som doktorgrads-stipendiatar, men òg av masterstudentar, seier Risnes.
Han seier at meir røynde forskarar som er vane med å søkja om det dei vil ha, og som eksperimenterer meir med metode, kan meina at microdata ikkje gir dei det dei vil ha.
Eg tenkjer at ein av fordelane, òg for røynde forskarar, er at ein ved å nytta data frå microdata kan få stadfesta kva data som best belyser ei problemstilling. Så kan ein gå i gang med søknadsprosessen for å få ut fleire data. Tidlegare måtte ein søkja nærast i blinde.
— Men det er viktig å tenkja på at dette ikkje er noko som kjem i staden for noko anna – det er eit supplement. Ein vil framleis kunne søkja på heilt vanleg måte. Eg tenkjer at ein av fordelane, òg for røynde forskarar, er at ein ved å nytta data frå microdata kan få stadfesta kva data som best belyser ei problemstilling. Så kan ein gå i gang med søknadsprosessen for å få ut fleire data. Tidlegare måtte ein søkja nærast i blinde, seier Risnes.
Har venta på data i to år
— Det er ingen tvil om at dette bidraget er viktig og har eit breitt nedslagsfelt, seier direktør Bjørn Erik Thon i Datatilsynet til eigne nettsider.
— Microdata.no har potensiale til å verta utvikla til å omfatta nye område. Ved innsamling av stadig meir data i vår digitale kvardag, aukar interessa for å forska på desse dataa våre for å sjå samanhengar eller laga samanhengar mellom data som me legg att etter oss overalt. Det gjer det stadig viktigare med denne typen teknologi, meiner Thon.
— Eg har vore stipendiat i to år no. Før eg starta, var det allereie søkt om registerdata. Desse dataa har eg framleis ikkje fått. Men eg har brukt microdata og skrive ein artikkel som no er i ferd med å verta publisert.
Det seier Jannike Gottschalk Ballo. Ho er stipendiat ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved OsloMet, og har vore med i pilotgruppa som har testa microdata.
Ballo peikar på at microdata er særleg attraktive for stipendiatar, som har avgrensa med tid, og ho meiner det er ei gullgruve for masterstudentar.
— Men òg for meir røynde forskarar. Tida går for dei òg, når ein har fått eksterne midlar er det sett krav til kor raskt prosjektet skal koma i hamn. Då er det mykje å bruka kanskje to år på å venta på data.
— Kva prosjekt kan ein nytta microdata til?
— Det er interessant dersom ein vil sjå på endringar over tid, slik mellom anna sosiologar og samfunnsøkonomar gjer. I tillegg kan ein til dømes sjå på effekter av ei reform eller eit politisk vedtak.
— Til dømes innføring av kontantstøtte?
— Ja, det er eitt døme.
Kan etterprøva
Jon Ivar Elstad er forskar I ved Senter for velferds- og arbeidslivsforsking ved Oslomet, og har òg vore ein av forskarane i pilotgruppa.
— Det som er bra med microdata.no er framfor alt at forskarar og studentar får uproblematisk og ubyråkratisk tilgang til eit stort utval av SSB sine registerdata. Det sparar forskarar for den store tids- og ressursbruken me ofte har brukt på søknader og konsesjonar, seier han.
Elstad seier noko av det same som Risnes: Det store tilfanget av data gjer at ein kan arbeida meir fritt, testa ut hypoteser og undersøka spekulative innfall.
— Dette er ikkje alltid mogleg med data som me har fått etter søknader. Då er det ofte eit krav at ein skal grunngi databehovet med klare hypoteser, og ein skal visa til tidlegare forsking. Dersom ein får tilsendt registerdata etter søknad, er det krav til at dette er data som ikkje kan delast. Elstad meiner det er ein fordel at microdata nettopp kan sirkulera mellom forskarar, mellom anna fordi ein då i større grad enn vanleg kan etterprøva andre sine funn.
Stas med pris
— Det er veldig stas å få ein slik pris, særleg sidan det er saman med SSB. Samarbeidet mellom SSB og NSD er unikt i internasjonal samanheng, seier Risnes. — I tillegg er det kjekt å få pris for ei programvare som er utvikla her hos oss, i konkurranse med alle andre verksemder – ikkje berre innanfor akademia. No satsar me på fleire prisar, ein pris frå forskarane hadde vore endå meir stas.
Siste fra forsiden:
Kortnytt
Første disputas på eget program i Østfold
I 2022 fikk Høgskolen i Østfold akkreditert sitt første egne doktorgradsprogram, «Digitalisering og samfunn». Tirsdag 3. mars gjennomføres første disputas på programmet.
Disputasen foregår ved høgskolens campus i Halden, der kandidaten Arianna Sica forsvarer doktorgradsavhandlingen «The ethics of emotionally intelligent social robots.»
— Med dette markeres et viktig steg i utviklingen av høyere utdanning og forskning i Østfold – og et tydelig bevis på at regionen nå har etablert fagmiljøer med tilstrekkelig bredde, dybde og kvalitet til å utdanne forskere på doktorgradsnivå, skriver rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen og spesialrådgiver og professor Geir Afdal i et innlegg på høgskolens nettsider.
Arianna Sica er den første som disputerer på Høgskolen i Østfolds doktorgradsprogram. Foto: HiØ NTNU har fått ny HR-direktør
Ros-Mari Berre (52) er ansatt som ny HR- og HMS-direktør ved NTNU.
Det skriver Universitetsavisa (UA).
Berre kommer fra Trondheim og er i dag kommunalsjef for barn og unge i Malvik kommune. Hun var en av i alt 17 søkere til stillingen som blir ledig når Arne Kr. Hestnes går av med pensjon i vår.
— Jeg gleder meg til å bli godt kjent med organisasjonen og alle de dyktige medarbeiderne som hver dag skaper kunnskap, sier Berre i en kommentar gjengitt på Innsida, ifølge UA.
NTNU, her representert ved Dragvoll, har fått ny HR-direktør. Skjalg Bøhmer Vold Aasland har fått ny politisk rådgiver
Ada Camilla Lassen-Urdahl blir ny politisk rådgiver for forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Det skriver Alltinget.
Lassen-Urdahl, som de siste årene har jobbet som internasjonal rådgiver i AUF, overtar stillingen etter Munir Osman Humed Jaber.
Lassen-Urdahl sitter i fylkestinget for Arbeiderpartiet i Vestfold og i kommunestyret i Færder. Hun har en bachelorgrad i statsvitenskap fra Universitetet i Oslo.
Ada Camilla Lassen-Urdahl har fått jobb som politisk rådgiver for Sigrun Aasland. Vestfold Ap Digital Ibsen-master ved UiO
Senter for Ibsen-studier ved UiO startar hausten 2026 eit nytt, heildigitalt masterprogram: Ibsen studies online. Programmet kjem i tillegg til den etablerte engelskspråklege masteren, som tek opp 15 studentar årleg. Det digitale tilbodet skal ta opp ti studentar, skriv Uniforum.
Undervisningsopplegget blir omtalt som asynkront, som vil seie at studentane sjølv kan velje når dei vil følgje forelesingar og løyse oppgåver. Der er ingen fellessamlingar, og Ibsen-masteren kan dermed takast heilt utan å besøke Universitetet i Oslo.
Studiet er gratis for studentar frå EU og EØS, medan studieavgifta for studentar utanfor området blir om lag 130 000 kroner årleg – rundt 70 000 kroner mindre enn den campusbaserte masteren. Senteret håpar det digitale tilbodet vil nå nye studentgrupper, også lærarar som ønskjer vidareutdanning.
Sverige skal evaluere fordelingen av forskningsmidler
Den svenske regjeringen har gitt Vetenskapsrådet i oppdrag å evaluere satsingen på strategiske forskningsområder.
I en pressemelding skriver regjeringen at målet er å vurdere kvaliteten på forskningsmiljøene og ta stilling til om dagens øremerking av midler skal videreføres, eller om midler bør omfordeles fra forskningsmiljøer med svakere kvalitet.
Sveriges høyere utdannings- og forskningsminister, Lotta Edholm, uttaler at de strategiske forskningsområdene er viktige for Sveriges internasjonale konkurranseevne, men åpner for omfordeling dersom enkelte miljøer ikke holder tilstrekkelig nivå.
Ordningen med strategiske forskningsområder ble etablert i 2008 for å styrke svensk forskning. I 2025 ble det fordelt om lag 2 milliarder svenske kroner til rundt 40 forskningsmiljøer. Midlene er øremerket de aktuelle lærestedenes budsjetter.
Sist evaluering ble gjennomført i 2015. Den førte til at rundt 30 millioner kroner ble omfordelt fra to miljøer som ikke ble vurdert som tilstrekkelig vellykkede.
Tre akademikere i Nav-utvalg
Regjeringen offentliggjorde denne uken hvem som skal sitte i ekspertgruppen som skal gi råd til regjeringen om hvordan Nav bør organiseres framover for å gi folk bedre tjenester og få flere i jobb.
Gruppen skal ledes av tidligere direktør i Utlendingsdirektoratet, Frode Forfang, som også har en fortid som statssekretær i Thorbjørn Jaglands regjering på 1990-tallet.
Blant de øvrige medlemmene finner vi tre med direkte tilknytning til akademia og forskningssektoren: Tone Fløtten (seniorforsker ved Fafo), Talieh Sadeghi (forskningsleder ved Oslo Met) og Katrine Løken (professor ved Norges handelshøyskole).
De resterende medlemmene er Erik Stene (fagdirektør i Helsetilsynet), Bjørn Gudbjørgsrud (kommunedirektør i Lillestrøm kommune), Liza Øverdal (kommunedirektør i Sokndal kommune) og Roar Olsen (direktør i Statens graderte Plattformtjenester).
NHH-professor Katrine Løken er en av tre akademikere i ekspertgruppen som skal se nærmere på hvordan Nav fungerer. NHH Kongens heder til Inger Vagle
Tidligere professor ved OsloMet Inger Vagle er tildelt Kongens fortjenstmedalje for sin lange samfunnsbyggende innsats innen yrkesfaglig utdanning og likestilling i utdanning og arbeidsliv.
Inger Vagle har gjennom flere tiår vært sentral i utviklingen av yrkesfaglærerutdanning i Norge, melder OsloMet.
Hun har bakgrunn som elektriker og elektroinstallatør, og har styrket fag- og yrkesopplæringen både som lærer, forsker og bidragsyter i utdanningspolitikken, heter det.
Hun ble tildelt Kongens fortjenstmedalje av statsforvalter Jan Tore Sanner under et arrangement på OsloMets studiested Kjeller 23. februar.
Studieleder Ina Aurelia Pfeifer Issa taler til Inger Vagle under utdelingen av Kongens fortjenstmedalje. Eva Skals Johnskareng / OsloMet Trude Myklebust inn i Etikkrådet
Førsteamanuensis ved Handelshøyskolen ved OsloMet, Trude Myklebust, er oppnevnt som nytt medlem til Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland, melder Finansdepartementet.
Myklebust forsker og underviser innenfor finansmarkedsrett og bærekraftig finans. Hun har også tidligere vært medlem av Etikkrådet, i perioden 2017-2022.
Hun har tidligere jobbet i Finansdepartementet og vært medlem av de regjeringsoppnevnte utvalgene for henholdsvis klimarisiko og naturrisiko.
Tidligere styreleder ved NTNU og tidligere konsernsjef i Hydro, Svein Richard Brandztæg, leder rådet, mens akademia også er representert ved professor Vigdis Vandvik ved Universitetet i Bergen og Egil Matsen, påtroppende rektor ved BI.
Trude Myklebust, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen OsloMet er oppnavnt som nytt medlem av Etikkrådet. OsloMet
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!