Kortnytt

Darwinnotat stolne

Universitetet i Cambridge har meldt notatbøkene til Charles Darwin stolne.

Ifylgje The Guardian er det to tiår sidan manuskripta sist vart sett ved universitetsbiblioteket. Den gongen meinte dei at notata kunne vera plasserte i feil hylle, men no meiner universitetet dei altså at det er snakk om tjuveri.

20. oktober i år vart det moglege tjuveriet meld til cambridgeshirepolitiet, som også ha varsla Interpol.

Universitetet ber dei som kan ha informasjon om saka om å ta kontakt med universitetsbibliotetet på e-post: [email protected]

(Ragnhild Bjørge / Khrono)

Powered by Labrador CMS