Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil ikkje evaluera forskingsdatabasen <span class="caps">CRIS</span>tin no, men om ei stund. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen vil ikkje evaluera forskingsdatabasen CRIStin no, men om ei stund. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Isaksen seier nei til evaluering av CRIStin

– Ei evaluering av Cristin no vil neppe tilføra prosessen noko nytt. Det svarar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på eit spørsmål frå Marianne Aasen (Ap).

Publisert Oppdatert

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt med ei evaluering av forskingsinformasjonssystemet ein gong lenger inn i framtida.

– Eg meiner det er meir fruktbart å vurdera ei evaluering etter at Cristin 2.0 er sett i verk, skreiv Røe Isaksen i svaret til Marianne Aasen.

– Stor misnøye

Det var i førre månad leiar Vidar L. Haanes i Universitets- og høgskulerådet gjekk ut i Uniforum og kravde ei evaluering av forskingsinformasjonssystemet Cristin.

– Det er mange av medlemane våre som er svært misnøgde med måten Cristin fungerer på i dag. Difor meiner me at det er på tide å krevja ei evaluering no rundt fem år etter at forskingsdatabasen blei etablert, sa Haanes.

Rapportar frå brukarar som opplever systemet som utilfredsstillande uroar oss. 

Torbjørn Røe Isaksen

Les også: Krev evaluering av databasen CRIStin

– Opp til eigaren vår

Styreleiar for Cristin, rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) Curt Rice, kommenterte kritikken på denne måten.

– Eg meiner det må vera opp til eigaren vår korleis Cristin skal styrast.

Den kommentaren greip stortingsrepresentant Marianne Aasen (Ap) tak i, og melde nokre dagar seinare eit skriftleg spørsmål om Cristin til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Ho ville vita om statsråden meiner at det er naudsynt med ei evaluering av databasen Cristin, og kva som er statsråden sitt syn på denne forma for teknologisk infrastruktur.

Aktuelt med evaluering seinare

På det første spørsmålet svarar altså kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen at han ikkje ser det formålstenleg med ei evaluering av Cristin nett no, men at det kan bli aktuelt ein gong etter at den nye plattforma Cristin 2.0 er sett i verk.

Han opplyser at det no blir jobba for at også blogg skal kunna registrerast i dagens system. Røe Isaksen viser dessutan til at dialogen mellom Cristin og Kunnskapsdepartementet både er open og god, og at departementet har god kunnskap om årsakene til forseinkingane og dei tiltaka Cristin set i verk for å korrigera dei.

– Viktig med god dialog

– Det er viktig at Universitets- og høgskulerådet (UHR), som representerer sentrale brukarar av Cristin, opplever at dialogen er god, skriv han. I tillegg har han engasjert seg personleg i denne saka.

– Eg har i tillegg bede Cristin om å ta initiativ til eit serskild møte med leiinga i UHR for å drøfta den vidare utviklinga av det nasjonale forskingsinformasjonssystemet, svarar han.

– Cristin er verktøyet

Dessutan peikar han på at Cristins styre i desember i fjor vedtok å utvida styringsgruppa for Cristin 2.0 for å sikra brukarane større innverknad i prosessen. Han legg stor vekt på at forskarane må ha eit system som skal forenkla arbeidsdagen deira, slik at data knytt til forskingsaktiviteten deira kan gjerast enkelt tilgjengeleg og kombinerast med andre datasystem.

– Ikkje minst ynskjer me eit system som hjelper forskarar i søkeprosedyrar til både Noregs forskingsråd og EU. Cristin er verktøyet for å få til dette, slår han fast.

Statsråden trekkjer også fram at internasjonalt er Noreg langt framme på dette området. Fleire land har kontakta Kunnskapsdepartementet for å læra korleis Cristin-systemet fungerer og korleis det kan utviklast vidare.

– Rapportar frå brukarar som opplever systemet som utilfredsstillande uroar oss. Ut frå den kjennskapen me har til Cristin, er me likevel trygge på at me er på rett veg, men utvikling av komplekse system er krevjande og tar tid, skriv kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i svaret til stortingsrepresentant Marianne Aasen.

UiO først ute med misnøye

Det var i oktober Uniforum først kunne melda at Universitetet i Oslo var svært misnøgd med forskingsdatabasen Cristin. Misnøya gjekk mellom anna ut på at forskingsdatasystemet enno ikkje hadde blitt lasta inn på ei ny teknologisk plattform, slik brukarinstitusjonane fekk lovnad om då Cristin blei lansert i desember 2010.

Står til teneste for 160 institusjonar

Cristin er forskingsdatabasen som samlar alle vitskaplege artiklar og fagbøker frå forskarar frå 160 norske forskingsinstitusjonar og sjukehus. Alt som ein forskar har samla i Cristin, kan forskaren bruka når han eller ho søkjer om pengar frå Forskingsrådet, EUs forskingsprogram eller søkjer seg ei ny stilling. For institusjonane er forskingsdatabasen svært viktig fordi vitskapleg publisering gir pengar tilbake gjennom teljekantsystemet.

Hard kritikk av Cristin frå UiO-direktør

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe peika i kritikken sin av Cristin også på at intensjonen om stor grad av brukarmedverknad, heller ikkje var innfridd. Og det siste ankepunktet UiO hadde mot Cristin, var at data var lite tilgjengelege for uttak. Det tykte Bjørneboe var uheldig, sidan det blir lagt så mykje arbeid i manuell registrering og kvalitetssikring av vitskaplege publikasjonar.

 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS