Ny direktør på Høgskulen i Volda

Publisert - Sist oppdatert

Karen Lomeland Jacobsen (40) er ny direktør på Høgskulen i Volda.

Når nåverande direktør ved Høgskulen  i Volda, Jacob Kjøde jr, gjer seg 1. august, er det Karen Lomeland Jacobsen som tar over roret.

Jacobsen er 40 år, bur i Volda og arbeider no i HELFO. Ho har ifølgje ei pressemelding tidlegare hatt ei rekke leiarstillingar i bank og forsikring.

Frå 1. august og fram til Jacobsen startar, er det økonomidirektør Ingunn Welle som vil vere fungerande høgskuledirektør. 

Jacob Kjøde jr. har vore direktør på Høgskulen i Volda sidan september 2001. Han kom frå stillinga som direktør for Volda sjukehus og var før det fagleg tilsett på MRDH Volda.

Kjøde fyller 70 år i slutten av juni og går av med pensjon. 

Organisasjon. Regjeringen deler ut støtte etter søknad til studentorganisasjonene hvert år. Denne sommeren er det fagskolestudentene som kan smile bredest når departementet har fordelt nær 8 millioner.