«Så svingar vi på seidelen»

Skinnbuksene og knesokkane er på plass. Ølglas tømmast og takta klappast. Skjørtekanten er kanskje hakke dristigare enn dei i München.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Oktobefestgeneral Kalle Fostervoll meiner du får det same i teltet på Chateau Neuf som i ølbyen.

— Erfaringa viser at det går om lag 30.000 liter øl under festivalens seks dagar.

Fostervoll, står og lenar seg mot scena som to leatherhosenkledde disk jockeyar nettopp har forlate for å gjere plass til ompa-bandet.

Ventar storinnrykk

— Så svingar vi på seidelen igjen, hei SKÅL, rungar det frå dei rundt 100 frammøtte.

Teltet som har plass opptil 1100 menneske er ikkje akkurat fullt, fire timar etter opninga av festivalen torsdag, utan at det ser ut til å legge ein dempar på stemninga Oktoberfestveteranane fortel at eit heitt tips er å kome tidleg, da får ein velje og vrake i bord.

Fostervoll seier seg einig.

— Fredag og laurdag kjem det til å bli fullt her. Laurdag i fjor var det fullt klokka fire, difor opnar vi teltet allereie klokka tolv i år.

Erfaringa viser at det går om lag 30 000 liter øl under festivalens seks dagar.

Kalle Fostervoll

Vi gleder oss hele året, og med ein gong der er over, så gleder vi oss berre til neste år.

Thea Hjertholm

Og fyrstkommande laurdag er det ikkje berre øl og ompa-band Fostervoll kan freista med . Då står Gabrielle på scena nede på Betong.

Betalar 10.000 kr for bord

Opp på VIP-område sitt Andreas Tegle, Knut Time Og Torben Lode. Dei har vunne plass ved eit av borda og sitt med kvart sitt liters glas i hendene og ventar på maten.

— Dette er kjempestas, smiler Tegle.

– Og attpåtil får ein bra service av fine jenter.

Dei skulle gjerne sett at dei kunne få ein gris til middag, men det fekk dei ikkje somla seg til å bestille. Og greitt er kanskje det.

– Eg kjem ikkje til å orke middag etter dette, sukkar Time, og tek nok ein slurk av det enorme ølglaset.

VIP-borda byrja på 3000 kroner, dei dyraste kostar nesten ti store. Likevel har festivalen ikkje hatt noko problem med å selja dei.

— Dei får inngang, mat, hatt og ein del øl, så det er billig, meiner Oktoberfestgeneralen.

Alle VIP-borda er utseld til helgedagane, nå er det berre bord på torsdagen att.

Mykje førebuingar

Oktoberfestveteranane Kjersti Magnusen, Rogerio Snarli og Anett Bjerkan har vore på festivalen kvart år sidan 2009 og har lege i hardtrening til årets festival sidan oktoberfesten i fjor. Men trass førebuingane er ikkje liters glas kvardagskost.

— Det er godt ein har fri i morgon, humrar Snarli.

Nokon går enda lengre enn berre å øve seg på øldrikkinga. Thea Hjertholm har sydd på seg hår og gått til innkjøp av ein ny drindel-drakt.

— Vi gleder oss hele året, og med ein gong der er over, så gleder vi oss berre til neste år, seier Hjertholm.

Sidan Uka i Trondheim ikkje arrangerast kvart år, reknast Oktoberfest som den største årlege studentfestivalen i landet. Likevel er menneske i alle aldrar å sjå. Då Khrono forlèt teltet i åtte-tida har det  samla seg opp kø ved inngangen. I løpet av dei til saman seks oktoberfestdagane reknar arrangøren med 15.000 besøkande.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS