Statssekretær Paul Chaffey kallar seg sjølv teknologioptimist - men peika òg på at det er viktig med regulering . Foto: Silje Katrine Robinson

Chaffey: Det kan verta meir komplisert å vera universitet

Christiekonferansen. Med aukande robotisering kan rolla til kunnskapsorganisasjonane verta endra, meiner statssekretær Paul Chaffey.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Endringane er så raske. Ein må takla nye utfordringar, og då vert det at ein har lært å læra viktig, seier Paul Chaffey til Khrono.

Ein treng ikkje berre teknologi, ein treng òg å sjå teknologi i samanheng med mellom anna juss og samfunnsfag.

Paul Chaffey

Statssekretæren til den nyaste statsråden – digitaliseringsminister Nikolai Astrup – var i Bergen måndag for å delta under den årlege Christiekonferansen. For kva skjer faktisk når robotane kjem? Er det ein risiko knytt til dei? Eller berre moglegheiter?

— Eg trur rolla til kunnskapsinstitusjonane kan verta dreia inn mot fleire oppgåver enn tidlegare. Kompetansepåfyll vil verta heilt naudsynt. Det er lett å skildra solskinnshistorier, men sjølv om arbeidsoppgåver som kan robotiserast vert erstatta av nye, kan det tenkjast at nokre av dei menneska som har teke lang utdanning òg vert utfordra, sa Chaffey i samtale med representar for både akademia og næringsliv.

Han meiner at fleire enn før vil kunne måtte ta etter- eller vidareutdanningane. Det vil vera kunnskapsinstitusjonane si oppgåve å tilby dette.

Vil ha mindre silotenking

Strammare økonomiske rammer, mindre vekst i oljefondet, forventingar til velferdstenester, fleire eldre, klimautfordringar og ein ny generasjon. Det er bakteppet, sa Chaffey i sitt innleiingsforedrag. Korleis skal Noreg som samfunn handtera ein ny kvardag? Ifølgje Chaffey må ein omstilla ved at ein flyttar ressursar, ein kan ikkje gjera det same som før – berre på ein raskare måte.

— Teknologien må hjelpa oss med å gjera ting raskare og meir effektivt. Dette vil føra til at arbeidsoppgåver vert endra. Nokre bransjar vert borte, medan nye ting vil oppstå.

Chaffey seier til Khrono at fleire aktørar tek kontakt med kommunal- og moderniseringsdepartementet fordi dei ønskjer å forska på ulike sider ved robotisering, og kanskje særleg det som gjeld kunstig intelligens.

— Ei av akademia si sjølvsagte oppgåver når det gjeld robotisering er nettopp forsking. I tillegg trur eg ein må tenkja meir tverrdisiplinært enn før. Ein treng ikkje berre teknologi, ein treng òg å sjå teknologi i samanheng med mellom anna juss og samfunnsfag, meiner statssekretæren.

— Kanskje vert det meir komplisert å vera universitet? Ein må truleg tenkja organisering på ein ny måte.

Ein robotbarnehage

Robotutviklar Fredrik Löfgren har tretti robotar heime, ifølgje seg sjølv ein heil liten barnehage. Med på scena under konferansen hadde han Elsa, ein av robotane han har utvikla.

— Før har ein tenkt at ein robot skal kunne reagera på omgivnadane. Men no tenkjer ein at dei òg kan ha kjensler, syn og ei viss form for tankekraft. Når dei vert meir fleksible kan dei gå inn i fleire bransjar, sa Löfgren.

— Dei kan til dømes klippa hår, baka kringler og stabla kartongar på eit lager.

— Chaffey, kor bør grensene gå for kva ein robot skal kunne gjera?

— Det er heilt klart at det bør gå nokre grenser. Framleis trur eg det må vera slik at det er menneske som trekkjer slutnader, men at ein får støtte til desse frå teknologien.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS