Styre-sommel irriterar Rice

PublisertMandag, 22. juni 2015 - 13:21-OppdatertMandag, 22. juni 2015 - 14:02
Påtroppande rektor på Høgskulen i Oslo og Akershus, Curt Rice, ventar utolmodig på at departementet skal oppnemne ny styreleiar på HiOA.
Styring og leiing. Fleire høgskular ventar enno på at departementet skal oppnemne eksterne styrerepresentantar. Påtroppande rektor, Curt Rice, slit no med å temje sitt nordnorske utolmod.

Dei statlege høgskulane hadde frist i februar med å nominere kandidatar til eksterne styreverv, og dei sende inn over 60 namn til departementet som har siste ord i saka. Over fire månadere seinare har det enno ikkje kome svar frå departementet, og om vel ein månad, 1.august, skal både styre og ny leiing vere operative. 

Utolmodig Rice

Nytilsett og påtroppande rektor ved Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), Curt Rice, ein av dei som enno ikkje veit kven som skal sitte i styret han skal rapportere til, for ikkje å seie kven som skal bli styreleiar og den nærmaste leiaren hans. 

— Eg har sjølvsagt full tiltru til at departementet gjer kva dei kan for å finne ein god styreleiar og gode styrerepresentantar til både HiOA og andre. Men no er det midtsommar, vi skal igang 1.august og vi har enno ikkje høyrt noe, så eg slit med å temje det nordnorske utolmodet mitt no, seier Curt Rice til Khrono. 

Han har vore bestemt på å ikkje mase, men det er mykje som skal planleggast for haustsemesteret og mykje som ikkje blir planlagt så lenge han ikkje har ein styreleiar å planleggje med. 

— Eg er også overraska over at departementet ikkje prioriterer dette høgare. Dei seier i fleire samanhengar at leiing og styring er viktig, og det å ha det øvste nivået ved institusjonen på plass, styret og styreleiar, er særs viktig, meiner Rice.  

Khrono har spurt departementet som heile tida har sagt at representantane skal bli oppnemnde før sommaren.

Volda ventar også 

Ved Høgskulen i Volda har dei heller ikkje høyrt noko om kven som skal vere dei eksterne styreprepresentantane dei neste fire åra. Dei har venta på brevet ei stund og meiner det kjem uvanleg seint i år.

— Vi får tru at departementet har tenkt seg ekstra grundig om i år, seier påtroppande rektor i Volda, Johann Roppen. 

(Påtroppande rektor på Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold)

Første styremøte til hausten i Volda er dagsett torsdag 24. september. HiOA har førebels planlagt styresminar 31.august og første styremøte 1.september. 

Sist Khrono fekk ein oppdatering frå departementet var rundt påsketider, da sa dei at det ikkje blei jobba med saken så lenge statsråden var i pappaperm. Statsråden har vore tilbake på jobb, sist fredag gjekk han ut i ny pappaperm og framleis er ingen på plass.

Rett rundt svingen?

Påtroppande rektor på Høgskolen i Hedmark, Anna Linnea Ottosen, fortel til Khrono at heller ikkje dei har fått vite kven som skal vera dei eksterne styrerepresentantane neste periode. Også til Høgskolen i Hedmark skal departementet nemne opp ein ny styreleiar. 

— Vi ventar på den oppnemninga, det er greitt å få på plass. Vi har blitt varsla om at det kjem rundt disse tider, så vi ventar at det kjem kvar dag som helst no, seier Ottosen til Khrono. 

Statssekretær Bjørn Haugstad seier til Khrono at han har merka seg utolmodet. 

— Vi vil oppnemne styremedlemma før 1.august, seier han. 

— 1.august? Det var vel før sommaren det blei sagt?

— Dei skal fungere frå 1.august. 

— Men i prinsippet kan meldinga komme kva slags dag som helst no? 

— Det kan den, og heilt sikkert før det er gått to veker til, seier Haugstad. 

Konstituerte leiarar på HiOA

Curt Rice, som er den første tilsette rektoren ved HiOA, brukar tida til å førebu seg godt og har hatt fleire møte og overlapping med den sittande leiinga, og han og prorektorane Nina Waaler og Morten Irgens hadde ei par dagar med planlegging i Tromsø sist veke. Høgskuledirektør Ann Elisabeth Wedø hadde sin siste arbeidsdag på HiOA sist fredag. 

For i tillegg til at styreleiaren og eit komplett styre mangler, sluttar også dei to øvste direktørane ved HiOA: Høgskuledirektøren, fordi jobben hennar er bortorganisert og ass.dir Torbjørn Larsen som går til IT-direktørjobben i NAV. Mariann Hole (biletet over)  er konstituert som direktør fram til jul. 

Heile den faglege leiinga til den nye rektoren ved HiOA vil heller ikkje vere på plass til studiestart. To dekanstillingar skal bli utlyste på nytt med søknadsfrist uti august, det er toppleiarstillingane for Fakultetet for helsefag og Fakultet for samfunnsfag. Her er prodekan Trine B.Haugen konstituert i stillinga frå 1.august og dekan Dag Jenssen har fått utvida si åremålsstilling ut året i påvente av at nye leiarar skal vere på plass.  

Fakta

Styrekandidatar landet rundt

Her er dei nominerte eksterne styrekandidatane frå seks av landets høgskular. Departement og fylkeskommunar avgjer kven som blir oppnemnde før sommaren. 

Høgskulen i Volda:

  • Kristinn Barstad, dekan Høgskolen i Buskerud og Vestfold.
  • Åslaug Krogsæter, rådmann i Eid (også ønska i styret ved HSF)
  • Ingrid Opedal, tunvert Ivar Aasen-tunet
  • Sølvi Lillebø Remøy, (vil berre ha fast plass eller ingen), skulesjef Herøy
  • Wenche Solheim, rådmann Ørsta
  • Kristin Marie Sørheim (biletet), direktør Bioforsk økologisk

  • Petter Bjørdal, dagleg leiar Ørsta og Volda Reinhaldsverk
  • Endre Brunstad, professor, UiB
  • Martin Andreas Foldal, dagleg leiar Sunnmøre Kultur-næringshage AS
  • Terje Heggem, adm.dir TIBE reklame holding
  • Rune Johan Krumsvik, professor UiB
  • Håvard Teigen, professor Høgskolen i Lillehammer.

Høgskolen i Bergen: 

  • Aina Margrethe Berg, Managing Director, Uni Research
  • Anne Sissel Faugstad Viseadm.dir., Haukeland UHS
  • Anne Gine Hestetun Adm.dir., Stor-Bergen Boligbyggelag
  • Anne Grethe Strøm-Erichsen Managing Partner, Rud Pedersen Public Affairs Company Norge
  • Arne Bengt Riple Sjølvstendig næringsdrivande
  • Arne Franck-Nielsen,  seniorrådgivar
  • Arvid Nøttvedt - direktør Christian Michelsen Research
  • Filip Rygg, rådgivar, Skaperkraft Consulting
  • Svenn-Åge Dahl Adm.dir., samfunns- og næringslivsforsking AS, NHH
  • Mimi Bjerkestrand, rektor, (eks. leiar Utdanningsforbundet)

  • Sissel Østberg (biletet), førsteamanuensis, HiOA (eks-rektor HiO)

Høgskolen i Nord-Trøndelag: 

  • Are Brekk, konserndirektør Moen Marin Grop
  • Arne Flaat, adm dir Helse Nord-Trøndelag
  • Bjørg Tingstad, ordførar Fosnes 2011-2015
  • Bjørg Tørresdal, leiar Frol oppvekstsenter, Krf-politiker
  • Ellinor Jåma, leiar Norske Samers Reindriftsforbund
  • John Håvard Solum, banksjef, Grong Sparabank
  • Merete Storødegaard, direktør NHO Trøndelag
  • Odd Einar Aarmo, dagl leiar Berg eiendom AS
  • Rolf Wensbakk, rektor Mære Landbruksskole
  • Siw Bleikvassli, advokat
  • Steinar Krogstad, professor, adm.dir HuNT
  • Yvonne von Friederich, professor, Mittuniversitetet, Sverige

Høgskulen i Sogn og Fjordane:

  • Olaf Refsdal, eks-rektor Høgskolen i Vestfold, pensjonist
  • Gerd Kvale, professor pyskologi UiB
  • Trude Brosvik, leiar Krf Sogn og Fjordane, 
  • Åslaug Krogsæter, fylkesrådmann Eid (også ønska i Volda)
  • Anneli Nesteng, kraftverksjef Hydro
  • Inger Stensaker, professor NHH
  • Erling Sande, konserndirektør Sogn energi, (Sp-politikar)
  • Terje Gjengedal, - rektorsøker HiOA - professor, eks-konsernsjef, Sogn og Fjordane Energi
  • Kristin Måløy, utvilingsleiar Måløy vidaregåande

  • Oddgeir Osland (biletet), senterleder SPS, HiOA
  • Arvid Andenes, ass banksjef 
  • Rolf Navarsete, prosjektleiar Meny Vest

Høgskolen i Hedmark:

  • Maren Kyllingstad, direktør Eidsiva Marked AS
  • Vigdis Galaaen, helse- og omsorgssjef
  • Jessica Kathle Alder, fagsjef for forsknings- og matpolitikk, Norsk Landbrukssamvirke
  • Åse Løkeland, rektor (til 31.07.15) Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Vigdis Stensby, statsarkivar
  • Anja Rynning Veum, utviklingssjef Norges idrettsforbund
  • Svein Frydenlund, dagleg leiar, Hamarregionen Utvikling 
  • Kjell Kulvedrøsten, revisor og avdelingsleiar KPMG
  • Sevat Lappegard, prost

  • Kyrre Lekve (biletet), viseadm. dir. Simula Research
  • Ola Erik Rostad, dagleg leiar Tretorget AS 

Høgskolen i Oslo og Akershus: 

  • Ann-Helén Bay, dr.polit. og direktør på Inst. for samfunnsforskning. 
  • Shahzad Asghar Rana, informatikk- og filologiutdanning og IT-gründer.
  • Are Turmo, dr.philos. og avd.dir NHO.
  • Marit Lambrechts, dr.scient og toppleiar i Espirakonsernet.

(Over 20 stk takka nei til styreplass ved HiOA og dei har derfor berre nominert fire kandidatar)

Kjelder: Kunnskapsdepartementet og HiOA

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Meninger · Forskning. Om Norge ønsker å være verdensledende, må vi gi støtte til de aller beste forskningsmiljøene, skriver professorene Nils Christian Stenseth (UiO) og Edvard Moser (NTNU). 
Meninger · Struktur. Det har blitt bedre kvalitet på utdanningene ved Universitetet i Tromsø etter fusjonene for syv år siden, ifølge tre sentrale personer på universitetet. 
Meninger · Lærer. For at skadevirkningene skal begrenses, må firerkravet for lærerstudenter fravikes allerede i år, mener professor Karl Øyvind Jordell ved Universitetet i Oslo. 

Karriere

Campus

Samfunn