Seniorrådgivar Georg Einar Arnestad, Høgskulen på Vestlandet (HVL), takkar av på Campus Sogndal. Foto: Tove Lie

Georg Arnestad vil ikkje halde kjeft

Takk for seg. — Eg tenkjer at eg framleis skal skape debatt og provosere, seier Georg Arnestad. Nyleg blei han pensjonist frå Høgskulen på Vestlandet. På fulltid no.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sogndal (Khrono): Han er ein av desse opplyste bondestudentane som denne månaden går alvorleg i gang med å ha det travelt som pensjonist på 100 prosent. Men vi kan rekne med at vi framleis vil høyre frå han. Han har ikkje tenkt å pensjonerer seg frå deltaking i samfunnsdebatten og ordskiftet.

Ifølge det nynorske oppslagsverket Allkunne er Georg Einar Arnestad, «forskar og skribent med sterke meiningar, særleg om kulturpolitikk og regional utvikling». Ifølge oppslagsverket har han dei seinare åra «fått status som ein slags fylkessynsar i media i Sogn og Fjordane.» Folk Khrono har snakka med kallar han «Vestlandets mann».

Den vesle distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane gjorde seg meir gjeldande i si tid enn den store Høgskulen på Vestlandet gjer no. Det er altfor lite deltaking i det offentlege ordskiftet.

Georg Arnestad

— Eg tenkjer at eg framleis skal skape debatt og provosere - og har ikkje tenkt å pensjonere meg frå det. Eg vil vere spaltist og skrive kommentarar ulike stader, seier han - og legg til:

— Og kanskje eg kan bli meir frittalande om saker som har med høgskulen å gjera? Samstundes må eg seie: Eg har ingen omkampar som eg har lyst til å ta.

Der var ei diplomatisk utgåve av Arnestad.

Ytringsfridom og kjeftbruk

Georg Arnestad ved Høgskulen på Vestlandet markerte nyleg avslutninga på 38 år som tilsett i høgare utdanning. Dei fleste av åra ved det som i «gamle dagar» blei kalla Distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane, og som no er fusjonert inn som ein del av Høgskulen på Vestlandet. Ein fusjon han sjølv var tilhengar av - sjølv om han, når debatten sto på som verst, syntest det var vanskeleg å seie det høgt. Og det fekk han kjeft for i ettertid. Det var ikkje alle som trudde på at han var redd for å seie ifrå.

Georg Arnestad og Frank Rossavik under Tysdagsdebatten på Meieriet i Sogndal. Foto: Tove Lie

Og temaet som den tidlegare bondestudenten frå Gloppen hadde vald for å markere avslutninga på eit langt liv i distriktsnoregs akademia, var nettopp ytringsfridom. Både i akademia og elles.

Er det best å halde kjeft, spurte Arnestad og hadde invitert kommentator og forfattar Frank Rossavik som er ute med bok med same tittel i haust. Og Arnestad lét ikkje høvet til å diskutere ytringsfridomen i akademia til å gå frå seg i eit panel etter samtalen med Rossavik på Meieriet i Sogndal.

I panelet etterpå sat tidlegare leiar i Forskingsrådet og noverande styreleiar ved HVL, Arvid Hallén og førsteamanuensis Erik Kyrkjebø ved Høgskulen på Vestlandet.

Underteikna var også med.

Panelet var ikkje veldig usamde, eg enda opp i ei semje mellom Kyrkjebø og styreleiar Hallén om at intern debatt og gjerne kritikk av, utviklinga og vegen vidare for Høgskulen på Vestlandet, var velkomen. Og etter debatten fekk Arnestad blomar av prorektor Bjørg Kristin Selvik . Med lovnader om meir merksemd litt seinare når han formelt skulle takkast av.

Guided tour på Fosshaugane

Eg synest at mange av mine kollegaer ved høgskulen har vore for tause.

Georg Arnestad

Dagen etter, når blomane står i vase og haustsola skin over Sogndal sentrum, inviterer han på «guided tour» på Campus Sogndal. Betre guide kan ein ikkje få.

Heiderskaren som passerte 70 i fjor, er stolt av å vise fram ein av fleircampusane til Høgskulen på Vestlandet. Og den ligg vakkert til oppi høgda for sentrum: Høgskulebygget, Bragebygget, Fosshaugane stadion, ungdomsskulen og vidaregåande. Her er alt samla. Etter initiativ frå fotballklubben Sogndal i si tid.

Tanken er tett samarbeid mellom næringsliv, høgskulen og organisasjonslivet og idretten. Og det har dei fått til.

— Men iblant kan det bli for tett, meiner Arnestad. Då seier sogndølene frå.

Dei første stega til å etablere den store tanken om Campus Sogndal i vesle Sogndal vart gjort av Sogndal fotball i 2001.

Georg Arnestad (t.v.) og Terje Bjelle sto på kvar si side i fusjonsdebatten på Vestlandet i 2016, men på 80-talet var dei samde om at det ikkje burde vere ein høgskule på kvart nes. Foto: Tove Lie

Sogndal fotball starta første byggjesteg i 2004. Det nye bygget til Høgskulen på Vestlandet stod ferdig i 2012. I 2018 vart namnet på området endra til Campus Sogndal. Fotballbana skifta i si tid namn frå Fosshaugane Stadion og heiter no Fosshaugane Campus.

I dag har om lag 970 tilsette og 4 200 studentar og elevar sitt virke på Campus Sogndal. Ca. 50 bedrifter har tilhald på campus.

Elitestudenten Arnestad og AKMED

Arnestad gjekk på 1960-talet på eliteskulen Firda offentlige landsgymnas og statsrealskule i Sandane i Gloppen. Dei fireårige landsgymnasa som ofte målrørsla, ungdomsrørsla og venstrefolk på bygdene stod bak etableringa av. Tanken var i si tid at også flogvit frå bygdenoreg - og ikkje berre byungdom - skulle kunne kvalifisera seg til opptak ved landets universitet.

— Kva synest du om dagens debatt om elitestudiar?

— Eg helsar debatten velkommen. Han burde vel eigentleg ha kome for lenge sidan. Eg vonar at også HVL legg til rette for slike studium.

Og odelsguten Arnestad sa ifrå seg odelen. Han ville vidare. Bonde kunne han ikkje bli, seier han. Så etter militæret drog han til Bergen.

— Dessverre så drog eg ikkje til universitetet, men til Handelshøgskulen. Der gjekk det mest i bokføringsfag og rekning. Men på NHH i 1969 tilhøyrde eg den radikale delen av studentmassen, og var under Torstein Dahles venger i fleire år, fortel han. Og saman med mellom andre Ole Berrefjord dreiv han med venstrekritikk av økonomifaga ved NHH.

I forkant av den store folkeavstemninga i 1972 og medan sekstiåttar-vinden blåste over landet, melde han seg inn i AKMED (Arbeidarkomiteen mot EEC og dyrtid). Der var dei opptekne av korleis det som seinare skulle bli kalla EU-medlemskap ville slå ut for arbeidarklassen, i motsetnad til Folkerørsla mot EEC som mange meinte var tufta på forsvar av eigedomsstrukturen i landbruket.

Og det blei ein siv.øk-eksamen også.

— Eg søkte til og med jobb i Philips Petroleum «If you're willing to get dirty hands», mimrar han.

— Men eg fekk ikkje jobben.

Ein høgskule på kvart nes?

Her er faksimile av originalen til uttrykket: «Ein høgskule på kvart nes?», frå tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane nr 1/1987. Illustrert med bilete av eit nes med biletetekst: «Døme på nes utan høgskule.»

I staden heldt Arnestad fram med å studere økonomisk historie ved NHH. Dette førte han i 1978 til kulturavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Sjefen der, sjølvaste Johs. Aanderaa, henta han til Oslo for å bli departementets mann i arbeidet med å kartleggje inntektsforholda for norske kunstnarar. Her blei også interessa hans for kulturpolitisk forsking vekt.

Men sommaren 1981 sette han kursen mot Sogndal og distriktshøgskulen der. Arbeidsoppgåva var å studere vilkåra for bruk og nytte av samfunnsforsking i regionen og å drive praktiske formidlingstiltak. Dette resulterte bl.a. i tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane. I nr 1/1987 av Søkelys heitte leiarartikkelen «Ein høgskule på kvart nes?», illustrert med bilde av eit nes frå Oldeide på Bremangerlandet, med tittel: «Døme på nes utan høgskule.»

Arnestad blei verande i Sogndal. Her har han ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking veksla mellom forskingsadministrasjon, formidling og kulturpolitisk forsking og utgreiing, bl.a. for Kulturrådet.

Skal sjekke ut kulturhus

Og på kulturforsking har han planar framover også:

— Eg vil no søkje no prosjektmidlar for å finne ut korleis det har gått med dei store kulturhusa som har blitt bygde dei siste åra. Bodø, Hamar og Stjørdal. Desse husa kosta til saman 2,3 milliardar kroner. Korleis har det gått med dei? Men eg er open for andre oppdrag også, seier han.

Og så håpar han kan hende at det kan blir fleire debattar om viktige tema framover. Han likar å vere debattleiar.

— Men du skreiv på facebook etter debatten på Meieriet at det er nok for mange som helst held kjeft. Kva meinte du?

— Eg synest at mange av mine kollegaer ved høgskulen har vore for tause. I den grad eg har sakna noko, så er det meir kritisk debatt. Den vesle distriktshøgskulen i Sogn og Fjordane gjorde seg meir gjeldande i si tid enn den store Høgskulen på Vestlandet gjer no. Det er altfor lite deltaking i det offentlege ordskiftet, seier han.

— Då eg kom til Sogndal var DH-skulane i opposisjon til fylkeskommunen og fylkesrådmannen. Distriktshøgskulane i Sogndal, Bø og Volda var motekspertise mot rådande tenking på fylkesnivå, men så blei vi etter kvart deira beste vener, seier han.

— Eg saknar litt motrøyster, eller i det minste nokon som er litt skeptiske og kritiske til dette hopehavet og marknadstilpassinga. Mange blir likegyldige.

— Det er «tidens tann»?

Heile Nesna-debatten er overdimensjonert.

Georg Arnestad

— Ja, kan hende det. Partnarskap har nesten blitt eit dogme i høgskulesektoren, regionalt partnarskap. Eg har spelt mykje på lag her. Men eg trur at Høgskulen på Vestlandet kan vere litt hemma av dette, det sit langt inne å vere kritiske til regionale samfunns- og næringsaktørar, seier Arnestad.

Eit «Vestlands-Nesna» i vente?

På turen gjennom campus på Fosshaugane ser vi konkret døme på samarbeid og partnarskap.

— Sogndal er ein relativt liten campus i ein stor høgskule. Vil det gå bra, eller har vi eit komande «Vestlands-Nesna» i vente?

— Heile Nesna-debatten er overdimensjonert, seier Arnestad.

Og kollega Terje Bjelle som har slutta seg til rundt bordet i kaffibaren, nikkar. Han leia i 2008 eit utval som såg på Nesna og masterutdanningar og andre ting dei ikkje fekk til der nord. Lenge før fusjonsplanar var lagt.

— Studiestaden Nesna har vore dødsdømd og i faresonen lenge. Stort innslag av heiltids campusstudentar er det lenge sidan det har vore på Nesna. seier Bjelle.

Og dei to kollegaene som i si tid sto på kvar si side i fusjonsdebatten på Vestlandet, er samde om at den debatten har dei lagt bak seg i Sogndal.

— Det er ikkje noko å bruke energi på meir, seier Bjelle.

Mest nøgd med: At vi i Sogn og Fjordane klarte å få til eit sentralisert mønster av høgare utdanning og forsking, med Sogndal i førarsetet, og ikkje klatta dette utover heile fylket. Dette har vore ein styrke for oss. seier Georg Arnestad. Foto: Tove Lie

Den gode Sogndal-miksen

Arnestad minner om korleis dei i si tid fann den rette miksen i Sogndal.

— Mange var skeptiske til økonomiutdanning, reiseliv, entreprenørskap, akvakultur og friluftsliv. Men ein må velge ut noko å vere gode på - ein kan ikkje berre satse på lærarar og sjukepleiarar, meiner Arnestad, og viser til at slik fekk dei 70 prosent av studentane til Sogndal frå Austlandet og andre stader enn Sogn og Fjordane.

— Men no skal de bli universitet. Er det plass til to universitet på Vestlandet?

Men vi skulle hatt med oss Høgskulen i Volda. Det ville vore ein perfekt «mætsj».

Georg Arnestad

— Eg har heile tida meint at det burde vore eitt universitet - Vestlandsuniversitetet, seier Arnestad.

— Ein ny fusjon på gang? Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet blir eitt?

— UiB vil ikkje, seier han. Og slik blir det nok.

— Men vi skulle hatt med oss Høgskulen i Volda. Det ville vore ein perfekt «mætsj», seier Arnestad,

— Med UiB som eit internasjonalt breiddeuniversitet, bør HVL skipa eit Vestlandsuniversitet med hovudvekt på dei store profesjonanene og næringslivet på Vestlandet.

— Det ville vore ein flying start, seier Arnestad.

Saknar hytte

Til slutt:

— Kva er du mest nøgd med etter alle desse åra?

— To ting: At vi i Sogn og Fjordane klarte å få til eit sentralisert mønster av høgare utdanning og forsking, med Sogndal i førarsetet, og ikkje klatta dette utover heile fylket. Dette har vore ein styrke for oss.

— Å ha vore med å byggje ein solid nasjonal og nordisk grunnmur for god kulturpolitisk forsking frå slutten av 1980-åra og framover, i samarbeid med andre regionalt baserte forskarar, med Per Mangset i Bø i spissen. Framståande kulturbyråkratar som Johs. Aanderaa og Lidvin Osland var også svært viktige i dette arbeidet.

— Og heilt til slutt, er det noko som helst du angrar på?

Her måtte Arnestad tenkjer i fleire dagar, før han skriv i ei melding rett før helga:

— At eg ikkje har fått bygt meg ei flott hytte heime på Arnestad. Eg har dessverre berre min eigen latskap å skulde på. Og no er det for seint.

Næringsliv, høgskulen, organisasjonslivet og idretten i Sogndal. er samlokaliserte på Campus Sogndal (høgskulen) og Campus Fosshaugane (stadionen)— Men iblant kan det bli for tett, meiner Arnestad. Då seier sogndølene frå, seier han.
Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS