Det gamle verftsområdet i Førde er 20 mål ute, og 18 000 kvadratmeter inne. Hit håpar HVL å kunne flytta si avdeling i Førde. Foto: Hellesnes AS

Høgskulen satsar stort i Førde

Høgsulen på Vestlandet. Dei siste tjue åra har ingeniørutdanninga ved dagens Høgskulen på Vestlandet med jamne mellomrom vore nedleggingstrua. Søkjartala dei siste åra har heller ikkje vore særleg gode. Men i staden for å avvikla, satsar ein.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me har ikkje vurdert å legga ned. Det har ikkje vore diskutert ein gong, det vil vera stikk i strid med dei verdiane me står for.

Det seier Geir Anton Johansen. Han er dekan ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og inviterer dermed ikkje til debatt om studiestadstrukturen ved fleircampus-høgskulen på Vestlandet.

Høgskulen på Vestlandet vil gå saman med fylkeskommunen i Sogn og Fjordane om eit nytt laboratorium for forsking og utdanning.

— Ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, seier dekan.en

Geir Anton Johansen er dekan ved HVL. Foto: Dag Hellesund

Nedleggingstrua

Ingeniørutdanninga ved dåverande Høgskulen i Sogn og Fjordane vart oppretta i 1988. Dei siste tjue åra har utdanninga med jamne mellomrom vore nedleggingstrua. Søkjartala dei siste åra har heller ikkje vore særleg gode. Men i staden for å avvikla, satsar ein.

Når HVL-styret samlast til maimøte, er ei av sakene på dagsorden Campus Førde Verftet. Her skal styret ta stilling til om høgskulen skal gå saman med fagskulen, altså fylkeskommunen, om laboratorium på verftsområdet i Førde. Rektor tilrår dette, kan ein lesa i sakspapira.

Tett på

Det gamle verftsområdet i Førde er no eigd av Hellesnes AS. Her er det både industriverksemder og teknologiverksemder – og eit stort område, Reodorklubben – der barn kan boltra seg. No ønskjer HVL å byggja eit felles laboratorium med fylkeskommunen her. Frå fylket si side er det fagskulen som skal bruka laboratoriet, men det er òg planlagt ny vidaregåande skule ikkje langt unna. Og fylkeskommunen har allereie sagt ja, skriv Firda.

For oss handlar det ikkje først og fremst om å rekruttera til dei verksemdene som er her. Me håpar det kan oppstå nye verksemder.

Anders Haugen

— På Vie, der resten av HVL held til i Førde, er det ikkje plass til å ekspandera. Me ønskjer å styrka kvaliteten i utdanningane, og samstundes meiner me at me får ein betre og meir kostnadseffektiv bruk av utstyret ved å dela med andre, seier Johansen.

Planen er at både høgskulen og fagskulen, men òg verksemder i området skal kunne bruka laboratoria, og dei skal brukast til både undervisning og forsking. Nokre ph.d.-kandidatar sit allereie hos Hellesnes.

I sakspapira til HVL-styret heiter det at tilbodet skal vera til nytte for heile fylket, og ein ønskjer kommunen, som no heiter Førde, men skal verta Sunnfjord, som medeigar.

— HVL har som policy at me skal utvikla oss til å verta eit profesjonsnært universitet. Det betyr at me skal vera tett på. Sidan det er mykje industri i Sogn og Fjordane må me vera der for å serva industrien, det er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, seier Johansen.

Johannes Møgster, Gizem Ates og Daniel Schäle er alle stipendiatar ved HVL og allereie på plass på verftsområdet i Førde. Foto: Øyvind Østrem, HVL

Vil at dei unge tek utdanning heime

Ein rapport frå Sogn og Fjordane fylkeskommune frå 2013 viser at 78 prosent av dei som tek utdanninga si i Sogn og Fjordane vert verande, medan berre 22 prosent av dei som tek utdanninga si andre stader flyttar heimatt.

— Eg skulle reisa til Bergen, utdanna meg til lærar og flytta heim til Dale, humrar professor og dekan Johansen.

Han håpar nye laboratorielokale for ingeniørutdanninga, og i tillegg relevante verksemder i same område, gjer at ungdom vel å ta utdanninga si i sunnfjordsbyen – og at dei vert verande.

Biletet er frå testhallen hos Hellesnes AS. Både industriverksemder og teknologiverksemder held til på verftsområdet, og eigarane håpar nye verksemder vil veksa fram og gi arbeidsplassar til regionen. Foto: Hellesnes AS

Anders Haugen er samd. Han er forretningsutviklar hos Hellesnes AS, og sjølv innflyttar.

— Eit samarbeid mellom høgskulen og fagskulen er spanande. Me er særleg interesserte i kandidatane som har fagbrev i botn, seier han.

Johansen seier at HVL er interesserte i arbeidet som skjer i det nasjonale utvalet som ser tettare samarbeid mellom fagskule og høgskule. Her er meininga at ein skal få til ein betre overgang frå fagskule til ingeniørfag, og at toårig ingeniørutdanning kan vera nok dersom ein har fagskule i botn.

Med ulike verksemder på det gamle verftsområdet ligg det òg til rette for praksis og prosjekt for studentane. Dette er noko HVL allereie har, seier dekanen, og noko ein vil ha meir av.

— For oss handlar det ikkje først og fremst om å rekruttera til dei verksemdene som er her. Me håpar det kan oppstå nye verksemder, gjennom at unge menneske tek utdanninga si i Førde og har gode idear, seier Haugen.

HVL-styret skal no ta stilling til om dei ønskjer å gå vidare. Deretter skal saka etter planen handsamast på nytt i juni. For HVL er det snakk om å gå inn med vel 5,5 million i ein eingongssum. Årleg innsats vil vera mellom fem og sju årsverk. Fire-fem av desse er allereie tilsett ved høgskulen i dag.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS