Blir nye student­representantar i HVL-styret

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Søndag vart Bjørn Olav Østeby og Mari Ingeborg Bjor Hognestad valgt inn i høgskulestyret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Det skriv Studvest.

Østeby, som er valt inn frå campus Bergen, og Hognestad, som er valt inn frå campus Sogndal, skal med det representere dei kring 16 000 studentane ved HVL sine ulike campusar.

Bjørn Olav Østeby er ein av to innvalte representantar i HVL-styret.

Østeby seier til Studvest at han er glad for å få tilliten.

– Det eg gledar meg til å ta fatt på er den overordna strategien for campusutvikling ved HVL, som er heilt i oppstartsfasen. Ellers synst eg også universitetsambisjonen til HVL er veldig spennende. Det viktigaste for meg er at vi auker kvaliteten på utdanninga, seier Østeby, som har vore aktiv i studentdemokratiet ved HVL sidan fusjonen i 2017.

(Ragnhild Vartdal / Khrono)

Powered by Labrador CMS