Leiinga opplyser at det er heilt trygt å gå på forelesning og opphalde seg på Handelshøgskulen BI sin campus i Nydalen i Oslo. Foto: Handelshøyskolen BI

Alvorlege trugslar mot BI - politiet har kontroll på mann

Trugslar. Det skal ha blitt framsett alvorlege trugslar mot Handelshøgskulen BI i Oslo den siste tida. Politiet har kontroll på ein mann dei mistenker står bak.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Oppdatert med kommentar frå politiet klokka 10.13)

Studentane ved campus i Nydalen i Oslo, vart informerte om dei alvorlege trugslane som har blitt framsette mot handelshøgskulen i går.

Dagbladet og VG omtalte saka først.

Det var i byrjinga av september at BI mottok bekymringsmeldingar frå studentar om at ein medstudent hadde fremsett trugslar mot BI. Det skal ha blitt sirkulert bilete og meldingar om trugslane via dei sosiale kanalane Jodel og Snapchat.

Difor valte leiinga å informere og trugslane i går.

Det kjem fram i eit informasjonsskriv studentane og dei tilsette har fått tilsendt av leiinga i morgontimane torsdag.

Trygt å opphalde seg på campus

Der tydleggjer dei at det er trygt å gå på forelesning og opphalde seg på campus som normalt.

I følgje politiet har det aldri vore fare for studenter å opphalde seg på campus, står det vidare i skrivet.

— Han vart raskt arrestert, avhøyrt og gitt besøksforbod, seier kommunikasjonsrådgjevar i Oslo politidistrikt, Astrid Gjøsund. Ho ynskjer ikkje å utdjupe utover å seie at politiet har gjort fleire tiltak i saka.

Ifølgje VG er den aktuelle mannen frå Austlandet og han skal ha studert ved BI i nokre år. I tillegg skal avisa ha fått opplyst at den aktuelle studenten er vel kjent for politiet frå tidlegare saker, kor han blant anna skal ha vist stor interesse for skuleskytingar og tankegangen rundt desse.

— Politiet vart varsla med det same og handterer saka. Politiet har sett i verk tiltak for å sikre at alle studentar skal vere trygge. All aktivitet ved BI sine campusar går som normalt, seier Marius Eriksen, divisjonsdirektør for heiltidsstudier ved Handelshøgskolen BI til Dagbladet.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS